Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Fransk bjølleklang og amerikansk kontrabass-akrobatikk

JAZZFEST SARAJEVO, 8. NOVEMBER 2024: Fakebooks er ein av desse overraskingane ein får på festivalar som bookar utanfor allfarveg. Jazzfest Sarajevo er ein slik festival. Den franske trioen Antonin-Tri Hoang (altsaksofon), Thibault Cellier (bass) og Sylvain Darrifourcq (trommer) har hatt ein noko spesiell prosess med å utvikla repertoaret. Dei spurte folk i alle lag og aldrar om kva dei meinte trioen burde spela. Ikkje uventa fekk dei mange ulike framlegg, alt frå fransk pop, klassiske perler, barnesongar, videospel-tema osv. Ein tolv år gamal gut ville dei skulle spela ein komposisjon han hadde laga, noko dei omsider gjorde.

Dei byrja konserten med å gå rett på med eit ganske fritt parti som raskt tok meir strukturerte vegar. Trommeslagaren var vegvisar i eit stadig skifte av tempo og taktartar, og Hoang demonstrerte stilsoga på altsaksofon i løpet av denne opningssekvensen. Dei følgde opp «ynskjekonserten» der barnesongar, poplåtar og klassiske svisker fekk tolkingar dei sjeldan blir utsette for. Darrifourcq var ei drivande kraft og vegvisar i ein konsert som i eit aukande tempo skifta frå det eine til det andre. Dei lulla publikum inn i glansverda til popmusikken for så etter få taktar å riva dei ut i frijazzen. Det heile gjort med eit glimt i auge. Dei avslutta med ei frisk tolking av «Bjelleklang». Etter konserten spurte eg Hoang og Cellier om denne spesielle repertoar-prosessen. «Me nådde berre over ein brøkdel», svarte dei i kor.

Theo Cocker (trompet og elektronikk) har utvikla musikk gjennom mange år som blandar jazz, r&b, rap og elektronika i eit uttrykk som til tider har ein easy-listening-patina. Med seg for tida har han Idris Frederick (piano, Fender Rhodes og Nordstage), Eric Wheeler (bass) og Miguel Russell (trommer). Dei kom skeivt ut. PA-lyden var svært ubalansert. Trompeten og elektronikken dominerte fullstendig. Resten av bandet var vanskeleg å høyra. Det er oppsiktsvekkjande med tanke på at Russell gav på det han hadde. Heldigvis spelte kvartetten akustisk i andre låt, og lydteknikaren fekk retta opp, men flygelet blei liggjande for svakt i miksen heile vegen.

Repertoaret Cocker spelar er henta frå Blk2Life/A Future Past (2021) og Love Quantum (2022), men det var sparsamt med info frå Cockers side. Han var også hovudsolisten og skifta mellom å bruka to ulike mikrofonar der den eine var kopla til ein harmonizer med varierande førehandsprogrammert innhald. Den andre blei brukt i dei tilfelle der trompeten skulle låta i si akustiske utgåve. Eg tykte at Cocker ikkje meistra overgangane mellom dei ulike remediane så saumlaust som han burde. Det gav seg eit ganske spesielt utslag på andre ekstranummer. Då spelte piano, bass og trommer ein sekvens som heilt klart var høgdepunktet på konserten, men Cocker måtte naturlegvis ha siste ordet, og stykket blei tværa ut med ein masse uinteressant elektronikk.

Trevor Dunn (bass) har p.t. base i Brooklyn og spelar med Endangered Blood, Dan Weiss’ Starebaby, SpermChurch (duo med Sannety) og ulike prosjekt under leiing av John Zorn. Han er i tillegg utdanna klassisk bassist. Solokonserten var den første i Europa og blei ein time med utforskande musisering og ei oppvising av teknikk og moglegheiter som kontrabassen gjev.

Mykje av musikken blei spelt med boge der Dunn viste tekniske ferdigheiter som er sjeldan å sjå. Han spelar uhyre distinkt sjølv i dei mest komplekse passasjane. Særleg i nokre sekvensar der han spelar «duo» med seg sjølv, i dei øvste to strengane (som er modifiserte med klesklyper) og dei to djupaste. Musikken var bygd opp om mange repetisjonar, men så miksa han inn barokkliknande melodiske strofer i korte sekvensar. Han fekk storveges mottaking og spelte eit ekstranummer som har kalla «Lorraine». Om det fortalde noko om «Lorraine», veit eg ikkje, men Dunn la inn nokre sitat frå Ornette Colemans «Lonley Woman».

Marc Ribot’s Ceramic Dog er nok ein post i den musikalske porteføljen til Marc Ribot (gitar og vokal) (hovudbilete) og medsamansvorne denne gongen er Shahzad Ismaily (gitar, bass, elektronikk og vokal) og Ches Smith (trommer). Dei spelte meste frå plata Connection som kom i fjor, men med eit langt sterkare instrumentalt preg. Det blei ei mørk stund med eit lydnivå som ikkje er dagleg kost i den ærverdige teaterbygningen, men også med energifylt, kommunikativ musisering. Ribot kom med klare meldingar om det amerikanske presidentvalet og vinnaren. Kommentarane var av ein slik art at Ribot kjenner seg trygg på at han ikkje blir invitert til å spela på innsetjingsfesten, men til Jazzfest Sarajevo er han tydelegvis velkomen att.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jasmin Brutus/Jazzfest Sarajevo

 


Antonin-Tri Hoang i Fakebooks


Thibault Cellier i Fakebooks


Sylvain Darrifourcq i Fakebooks


Theo Cocker


Trevor Dunn


Shahzad Ismaily i Marc Ribot Ceramic Dog


Chez Smith i Ceramic Dog