OSAFESTIVALEN, VOSS, 25. OKTOBER 2024, DAG 1: Osafestivalen feirar 30-årsjubileum i år og slår sjølvsagt på stortromma. Til opningskonserten hadde dei fått tak i noko av det beste frå folkemusikken og klassisk, og med det viser festivalen i praksis ein av berebjelkane i programfilosofien, nemleg tangeringsflata mellom klassisk og folkemusikk. Konserten blei, ikkje overraskande, noko langt meire enn ein illustrasjon på ein erklært programprofil. Seansen i idrettshallen blei eit fyrverkeri av spele- og samspelsglede som smitta eit talrikt publikum momentant.
Festivalen hadde tjuvstarta i over eit døgn då Trondheimsolistene stod på scenen. I eit par nummer fekk dei høve til å visa ei anna side ved seg sjølv. Så var det duka for hovudpersonen, og dei tre celloane og bassen slo an tonen med noko som mest av alt minte om eit klassisk rockeriff før Gjermund Larsen og resten kom inn med det sugande temaet til «Ruslaren». Neste nummer var også vigd til tingingsverket Pilgrim, «Pilgrimsdans». Her har Larsen henta inspirasjon frå danseformer frå mellomalderen. Orkesteret veksla mellom å spela rytmiske figurar eller mala melodistemma med brei pensel. Etterpå følgde den vemodige «Vintermarsj» og lyriske og dynamiske «November». Båe desse komposisjonane er spelt inn med trioen, og på sistnemnde er også Andreas Utnem med. Dei tre påfølgjande låtane var henta frå tingingsverket til Osafestivalen i 2010, Osa-suite. Etter «Bullsull» og «Osamannen» kom kveldens høgdepunkt, tredje satsen «Trønderbarokk». Det annonserte innslaget av trønderrock høyrde ein ikkje så mykje til, men desto meir barokk med ein Vivaldi svevande over vatna og med ei framføring som ville vore Il Giardino Armonico verdig med innlagt performance. Ekstranummeret var country&eastern-låten «Rett vest». Responsen var så god og Larsen fann ut at dei hadde fire minuttar att til festivalen byrja å blinka med ljosa, så då blei det ei hylling til kokekunsten til mora hans, «Kitchen-polka», for godt mål. Det var ikkje ein i Voss idrettshall som protesterte.
Osafestivalen har tradisjon for å presentera solokonsertar. Sjølvsagt kan ein gjerne seia. Spelemannen og kvedaren opptrer aleine. Soloformatet er likevel krevjande, spesielt i ein fullsett idrettshall utpå ein fredagskveld. Joikaren John Mathis Utsi har vunne samisk Grand Prix båe gongene han har delteke. For fem år sidan debuterte han som plateartist. Han joikar i ein gamal tradisjon. I konserten samanlikna han reingjetaren med cowboyen. Einsemda rundt leirbålet milevis frå sivilisasjonen gav næring til kunsten enten på prærien eller på vidda.
Utsi joika mangt eit portrett, om Inga, dei to brørne Mathis og Aslak og faren. Han avslutta konserten med eit sjølvportrett. Det blei ein bergtakande konsert som veksla mellom stilsikker frasering og lune kommentarar.
Bergtakande var også solokonserten med Silje Hegg på seljefløyte. Ho framførte tre medleyar på tre ulike fløyter. Ho opna med «Liti Kjersti» og ein halling. Ho bytte til ei djupare stemt fløyte og spelte sørgetone frå Drangedal og ein utruleg sugande gangar. Ho avslutta med eit stykke framført på ei tilrettelagt brøytestikke. Eg prøvde å finna innspelt musikk med Hegg, men fann berre «Kvivlesmøyane» på ei samleplate. Slikt går berre ikkje an!
Det knytte seg forventning til hyllingskonserten til folkrockpionerane Folque. Besetninga til hyllingsbandet gav grunn til forventning – Tuva Livsdatter Syvertsen (vokal, fele), Ask Vatn Strøm og Geir Sundstøl (gitarar og vokal), Linn Frøkedal (bass og vokal) og Olaf Olsen (trommer). Folque gav ut åtte album i følgje konferansier Gro Holm, men bandet framført berre musikk frå den sjølvtitulerte debutplata frå 1974. Til gjengjeld framførte heile plata om enn ikkje i «rett» rekkefølgje.
Bandet hadde utvikla særs spanande introar der dei to gitaristane verkeleg utfordra kvarandre. I byrjinga var det instrumentalpartia som fanga interessa. Syvertsen var frå starten av for manusbunden så musikken kom først til live i instrumentalpartia. Dette betra seg utover i konserten, og med «Sjugur og trollbrura» var balansen der den skal vera og båe gitaristane hadde framifrå kor på denne låten. Tvillaust høgdepunktet! Elles hamnar dette bandet i same uføret som bandet dei skal hylla i dei instrumentale danselåtane. Etter nokre rundar kjennest det mest ut som dei har køyrt seg fast, og ein ventar berre på at det skal ta slutt, men i den delen av materialet (og det var det meste) der bandet hadde ei friare tilnærming, funka det heile svært bra.
Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Knut Utler