Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Marilyn Crispell – for ein pianist!

JAZZFEST BERLIN, 31. OKTOBER: Ikkje berre er salt peanuts* på festivalar i Umeå og Tampere. Me er og på jazzfestival i Berlin, ei av dei mange spanande festivalane i Europa på hausten.

salt peanuts* byrjar i Haus der Berliner Festspiele med det svenske bandet Vilhelm Bromander Unfolding Orchestra som i følgje programmet hadde tysk premiere på Jazzfest Berlin. For dei som kjenner den svenske bassisten, komponisten og orkesterleiaren gjennom plata In This Forever Unfolding Moment og/eller konsertar med same band, veit at tysk premiere var på høg tid. Bromander stilte med Katt Hernandez (fiolin), Martin Küchen (altsaksofon), Elin Forkelid (tenorsaksofon), Alberto Pinton (barytonsaksofon), Christer Bothén (bassklarinett), Emil Strandberg (trompet), Mats Äleklint (trombone), Alex Zethson (piano), Mattias Ståhl (vibrafon), Dennis Egberth og Anton Jonsson (trommer) og i fråværet til Marianne Svašek, Deniz Schelt (vokal). Det blei ein heller kort konsert der ensemblet spelte gjennom låtane på plata, tittellåten, «Låt våra tårar bli våra vapen» og «Blommor och bröd». På tittellåten, etter den lange vokal/sitar-introen, held orkesteret den mektige vampen gåande og solistane duvar som små båtar på det mektige tonehavet. Etterpå var det Bromanders tur med eit lengre basskor som intro før ensemblet kom inn og det heile blei avløyst av tenorkoret til Forkelid med ei fantastisk intenst komp av bass, trommer og ein særs påkopla Mattias Ståhl på vibrafon. Avslutninga blei introdusert av Hernandez og hovudsolist Bothén fekk rikt med boltreplass. På dette tidspunktet var publikummet klare for meir, men …

Konserten blei i følgje Bromander noko kort «… fordi det skal haldast ein tale». Og, korrekt nok – berre minuttar etter at bandet hadde gått av scenen, seig eit videolerret ned frå taket og George Lewis heldt ei 10-15 minuttar lang helsing/føredrag med tittelen «Who Is Jazz». Føredraget var innhaldsmessig spanande og ordhagt framført, men om timing har noko med jazz å gjera (og det har det), så var dette så upassande som vel mogeleg. Hadde festivalen byrja ein halv time før med presentasjonen av musikkaktivitetane born og unge i bydelen Moabit ute i foajeen, hadde festivalen avgrensa taletida til «notabilitetar» som elskar å høyra si eiga stemme og hadde Lewis kome før Bromander, så hadde skaden vore unngått.

Seinare på same scene var det duka for eit møte med den amerikanske pianisten Marilyn Crispell (77). Det blei eit sterkt og mangfaldig møte med ein konsert delt i to distinkte deler. I første del spelte ho fritt improvisert der ho vandra fram og attende i jazzsoga. Element frå Thelonius Monk avløyste tonekaskadar ala Cecil Taylor. Andre del vart innleia med eit stykke med klare folkemusikkreferansar før ho gav seg i kast med å tolka to standardlåtar, eller skal ein heller kalla det dissekera? Ho avslutta med eit bombardement av flygelet som illustrerte noko av det Alexander Hawkins beskreiv henne med i introduksjonen: «Marilyn Crispell har også vist meg at pianoet består av 88 trommer». Det måtte bli ekstranummer, og det nytta Crispell til å syna fram klangnerden i seg. Kveldens høgdepunkt!

Kvelden blei for min del avslutta saman med trioen Decoy med Alexander Hawkins (Hammond B3), John Edwards (bass) og Steve Noble (trommer). Dei hadde fått med seg sjølvaste Joe McPhee (tenorsaksofon og resitasjon). Konserten blei innleiingsvis prega av lydproblem. Bass og trommer blei svært uklårt attgjeve. Det kom seg raskt, men gjennom heile konserten var det noko udistinkt med det lægste frekvensområdet. Det hindra ikkje kvartetten i å utfalda seg gjennom musisering inspirert av tekstane til McPhee. Prosatekstane hadde sterke lyriske trekk, og framføringa til McPhee var naturlegvis rytmisk spenstige. Trass i lydproblema blei det likevel uhøgtideleg og leikent møte.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Berliner Festspiele/Fabian Schellhorn


Decoy med Joe McPhee.


Joe McPhee.


Vilhelm Bromander Unfording Orchestra.


Vilhelm Bromander.