Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

… og det blir jol i år også!

VANGSKYRKJA, VOSS, ONSDAG 18. DESEMBER 2024: Berit Opheim har i lang tid samla inn salmetonar frå regionen. Olav Sande, Anders Lavik og Ole O. Fykse er tre heimelspersonar som går att i det innsamla materialet til Opheim. Det eksisterte mange ulike salmetonar til ein og same tekst. Det er eit kjempearbeid Opheim har lagt ned.

Kvintetten bak plata Helgasong er ute på ein lanseringsturné, og onsdagskvelden var turen komen til Vangskyrkja. Ei tilnærma fullsett kyrkje fekk høyra repertoaret frå plata ++, og for dei som hadde gjort seg kjende med plata kunne registrera at konserten på Voss ikkje var den første på turneen. Har var bandet allereie i full gang med å utvikla arrangementsdetaljar, spanande musikalske avstikkarar og utvida solistisk rom – m.a.o. som forventa! Berit Opheim, vokal, Tore Brunborg, tenor- og sopransaksofon, Nils Økland, fele, hardingfele og viola d’amore, Irene Tillung, trekkspel og melodika og Mats Eilertsen, bass har ein kommunikasjon som gjer at det blir respondert på kvart eit lite hint.

Dei byrja med Blix-salmen «No koma Guds englar». Dette var den første salmen med nynorsk tekst som blei framført i ei offisiell gudsteneste 2. juledag 1884. Kyrkjeministeren måtte søkjast om løyve. Det hjelpte sjølvsagt at det var Elias Blix sjølv som var kyrkjeminister. Om det skal vera lov å plukka ut ein dei ni ukjende salmetonane, så må det vera denne. Salmetonen fell til ro på magisk vis.

Resten av programmet blei presentert i bolkar på tre og tre salmar der alt utanom «Mitt hjerte alltid vanker» er ein del av plata. Bandet hadde utvikla introar og overgangar som gav konserten ein fin flyt og mange spenstige musikalske replikkvekslingar, m.a. ein fascinerande improvisert sekvens mellom Økland og Eilertsen. Dei avslutta med ein bolk der Økland byrja med å spela «Dei to systrena». Dei gjekk over til «Fra himlen høyt» med det ganske frie kompet, og avslutta med «Eit barn er fødd i Betlehem» med ein folketone frå Øygarden der både Økland og Brunborg varta opp med minneverdige kor. Sjølvsagt måtte det bli ekstranummer, og kva var då meir naturleg enn å framføra «Fager er jordi» slik dei fleste av oss kjenner den frå salmeboka? Allsongen stod i taket! Betre jolekonsertar blir ikkje framført nokon stad!

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie