Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Serbisk vokalkunst toppa Jazzfest Sarajevo

JAZZFEST SARAJEVO, 9. NOVEMBER 2024: Lakiko (cello, vokal og elektronikk) (hovudbilete) er den store lokale stjerna. I fjor gav ho ut What To Do, How To Live med eigne låtar og eige akkompagnement. Eit sfærisk lydbilete og ei eterisk røyst miksa med celloostinat og -soloar. Salen var fylt til siste stol av eit festkledd publikum, og dei fekk servert låtane på plata i ein friskare versjon. Lakiko, eller Lana Kostić som det sikkert står i passet hennar, hadde full kontroll på verkemidla og skifta elegant mellom å syngja gjennom vokalmic-en og mic-en festa på cellostolen.

Det er vanskeleg å vurdera konserten, eller Lakiko som artist for den del, fordi tekstane er på bosnisk, og tekstane er ein vesentleg del av uttrykket. Rett no hadde ho ein song med engelsk og to med tysk tekst, men det er ikkje nok til å gje ei samla vurdering. Musikalsk er det litt som manglar til at uttrykket står på eigne bein utan tekstane, men heimepublikum var meir enn nøgde med det dei fekk høyra.

Braća Teofilović, frå Serbia (vokal) er to tvillingbrør, Ratko og Radiša som har utvikla acappellasong til eit heilt spesielt nivå. Allereie i 1998 debuterte dei med plata Čuvari sna, som kan omsetjast til Draumeberarane. Seinare har det blitt ei mengd konsertar, også internasjonal. Konserten i Narodno pozorište fortalde alt om kvifor dei har fått slikt gjennomslag. Repertoaret denne gongen hadde truleg eit personleg bumerke, men er rotfesta i serbisk folkemusikktradisjon. Harmoniseringane, dynamikken og dei elegante fraseringane får fram gåsehuda på armen. Ratko er den som lagar alle dei kunstferdige fraseringane, medan Radiša syng ei enklare stemme. Han spelar djembe på dei mest uptempo songane. Tvillaust høgdepunktet på festivalen!

Titan to Tachyons er ein kvartett leia av den nyzealandske gitaristen Sally Gates. Ho har slått seg ned i New York og har fått med seg Matt Hollenberg (Fender bass VI), Trevor Dunn (bass) og Kenny Grohowski (trommer). I 2022 gav ho ut Vonals på John Zorns platemerke Tzadik. Musikken spenner frå ganske tung metall-inspirert rock til meir tradisjonelle former. Lydbilete er prega av Hollenbergs bruk av den sjeldne basshybriden Bass VI, og det var når nemnde Holleberg danna bass-tandem med Dunn at musikken levde og utvikla seg. Gates greidde ikkje alltid å forfølgja ideane sine og gjera noko meir heilskapleg ut av det, og altfor ofte blei dei bråe skifta i musikalsk retning eit kvileskjer i staden for det motsette.

Les Amazones d’Afrique hadde æra av å runda av Jazzfest Sarajevo. Varianten som gjesta festivalen var sett saman av Mamani Keïta, Alvie Bitemo og Fafa Ruffino (vokal), Manu Chavanet (tangentar), Franck Baya (trommer) og Nadjib Ben Bella (platespelarar og elektronikk). Om premissen var at det skulle skapast party, så leverte bandet etter spesifikasjonane i anbodet, men om ein var på jakt etter noko meir, var det særs langt mellom drammane. Bandet fekk 400 glade bosniarar til å dansa mellom tronge seterader i teateret, og det var høg stemning då bandet gjekk av etter fleire ekstranummer.

For meg blei dette ein nedtur. Rett nok visste eg frå platene kva som var i vente, men vokalistane hadde ikkje ein god dag på jobben. Koreografien sat ikkje. Det gjorde heller ikkje ein del innsatsar, men det mest beklagelege var at tangenttraktøren fullstendig let seg riva med og spelte stadig sterkare og spelte altfor mykje. Lydteknikaren laga ein graut av synthbassen og -trommene. Alt dette gjorde at dei tre vokalistane ikkje fekk den heilt dominerande plassen i lydbilete som showet legg opp til. Det er ironisk at tre damer som frir uhemma til damene i salen – «This is the queens night» så til dei grader let seg overkøyra av tre kvite menn som eigentleg har den wallenbergske oppgåva å fungera, ikkje synast. Party, party, but, but, it’s not only, only, som Petter Solberg kanskje ville ha sagt det.

Jazzfest Sarajevo – Music Meeting 2024
I mange år har festivalen invitert musikkstudentar i alderen 20-32 frå Bosnia and Herzegovina, Slovenia, Kroatia, Serbia, Montenegro, Kosovo and Nord-Macedonia til eit regionalt utdanningsprogram. Studentane får diett, opphald, festivalpass og undervisingsopplegget gratis frå festivalen. Den bosniske musikaren Damir Imamović, som er ein autoritet i bosnisk musikkliv, leia undervisingsopplegget. Sjølv hadde han den første førelesinga om makam-skalarer i musikk på Balkan. Han hadde heile tida referansar til vestleg musikkteori og hadde mange interessante historiske referansar.

Dei to andre førelesingane var med Francesco Martinelli. På fredagen hadde han gjeve førelesinga tittelen Signifying on The Trovatore (African diaspora music and opera across the Atlantic) m.a. med ein strålande analyse av Sidney Bechets kjende Blue Note-innspeling av «Summertime». Laurdagen hadde føredraget Night in Tunisia – jazz and eastern musics: affinity or orientalism? Har drøfta han ein del kjende jazzomgrep med referanse til arabisk. Det kan ikkje vera tvil om kva jam-session stammar frå.

Pamilia Stickney og Trevor Dunn hadde masterklassar om høvesvis thereminen og kontrabassen. Dagane blei avslutta med workshops med proffe musikarar og studentar. Dei spelte og snakka saman i ein god time på slutten av økta.

Tilbakemeldingane eg fekk frå tilfeldige studentar og medlemer av bandet som leia workshopane var unisone om kor vellukka det heile hadde vore. Festivalen legg ned store ressursar i tiltaket, og det er ikkje tvil om at det er verd kvar ein BAM.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jasmin Brutus/Jazzfest Sarajevo


Braća Teofilović