BERGAMO JAZZ FESTIVAL, ITALIA, TORSDAG 17. MARS 2022: Det var godt å koma i gang att! Den framståande italienske vokalisten og, i dette tilfellet, kunstnarleg leiar Maria Pia De Vito ynskte vel møtt til den 43. utgåva av den tradisjonsrike jazzfestivalen i Bergamo i den intime konsertsalen Teatro Sant’Andrea og introduserte den greske pianisten Tania Giannouli (hovedbilete). Ho kvitterte med ein times solokonsert som kunne opplevast som ein musikalsk kommentar til det som no spelar seg ut i Ukraina.
Konserten var ein samanhengande «tour-de-force» i eit til tider dystert tone- og klanglandskap kontrastert gjennom ein del lyriske komposisjonar med klare folkemusikalske referansar eller atonale intermesso i det øvre registeret. Giannouli hadde modifisert deler av bassregisteret i flygelet og brukte til tider både hendene og andre hjelpemiddel til å utvida klangpaletten. Fortepedalen vart brukt flittig og understreka det som kanskje kan skildrast som eit musikalsk inferno.
Giannouli sette seg sjølv og publikum på ein skikkeleg emosjonell prøve. Kontrastane mellom ljos og mørke, vakkert og brutalt, lyrisk og bombastisk var på eit vis utmattande og nådde etterkvart eit mettingspunkt. Det var god timing då ho på slutten let seg inspirera av folkemusikken (og Misha Alperin?), og siste sekvens i bassregisteret hadde ei aning funky tilnærming. Avslutta gjorde ho med ein vemodig ballade, også denne forankra i folkemusikken.
Festivalar er ei travel tid for journalistar og meldarar som freistar å få med seg det meste, men opninga av programvignetten «Scintille di jazz» (gneistar av jazz) gjekk eg glipp av.
Duoen Marco Pasinetti, gitar og Guido Bombardieri, saksofonar og bassklarinett har laga ei plate med Mingus-komposisjonar som dei har kalla «Self-portrait in Two Colors». Musikken dei spelte, og eg fekk med meg dei fire siste låtane, var henta frå denne plata. Det var virtuose, men til tider eteriske tolkingar ein fekk høyra. Ein sterk versjon av «Goodbye Pork Pie Hat» gjer at eg ynskjer å få med meg heile konserten ved neste høve.
Det 213 år gamle Teatro Sociale er arena for dei fleste konsertane på festivalen. I år byrja konsertrekkja med Vijay Iyer Trio. Han hadde med seg Matt Brewer på bass og Jeremy Dutton på trommer. Dei spelte mykje frå ECM-plata «Uneasy», men naturlegvis får materialet ein noko anna karakter når ein erstattar profilar som Linda May Han Oh og Tyshawn Sorey med nemnde to. Brewer og Dutton er framifrå instrumentalistar, men representerer sjølvsagt eit anna uttrykk. Første del av konserten var ein miks nytt og gamalt der Iyer også synte fram bop/Bud Powell-røtene i spelet sitt. Etterkvart kom den meir McCoy Tyner-påverka delen til å dominera. Brewer er ein stødig akkompagnatør og spelar kor med klare idear der han vandrar uanstrengt frå posisjon til posisjon med Dave Holland-lik sjølvtryggleik. Dutton held i lange sekvensar i gang ride cymbalen og alternerer ofte med skarptromma. Uttrykket er komplekst, men ljost og distinkt. Trommeimprovisasjonane gjekk alltid oppå ein vamp frå piano og bass, eit verkemiddel dei med fordel kunne variert. På slutten sat eg med ei kjensle av det gjekk på tomgang. Ekstranummera med ein Stevie Wonder-låt til slutt gjorde konserten enda med ein opptur.
Trommeslagaren Roberto Gatto er ein institusjon i italiensk jazz. Karrieren strekkjer seg snart over eit halv hundreår og han har gjeve ut i eige namn eller delteke på godt over 100 plater. No om dagen kombinerer han rollane som utøvande med pedagogisk verksemd. Kvartetten består elles av trompetar Alessandro Presti, pianist Alessandro Lanzoni og bassist Matteo Bortone. Konserten blei ein fin miks av originalkomposisjonar både av Presti og Lanzoni og ein del klassikarar som Ellingtons «A Little Max» frå «Money Jungle». Dei serverte også ei hylling til dei tre trommelagarane Kenny Clarke, Art Blakey og Elvin Jones med Ornette Colemans «Ramblin’» og avslutta etter massiv trammeklapp med ei lita godnatt-vise. Med den timelange konserten fekk Gatto vist at han har ein utruleg finstemt teknikk og nydeleg lyd i Gretsch-settet sitt, dei tre medmusikantane improviserte inspirert med eit lite utrposteikn ved Presti i balladetempo – originalt og lyrisk. Ein super start på festivalen som varer heilt til sundag.
Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Foto Luciano Rossetti © Phocus Agency
Vijay Iyer, piano, Matt Brewer bass og Jeremy Dutton trommer i Vijay Iyer Trio
Alessandro Lanzoni piano, Matteo Bortone bass, Roberto Gatti trommer og Alessandro Presti trompet i Roberto Gatti Quartet