BERGAMO JAZZ FESTIVAL, ITALIA, TORSDAG 17. MARS 2022: Det var godt Ă„ koma i gang att! Den framstĂ„ande italienske vokalisten og, i dette tilfellet, kunstnarleg leiar Maria Pia De Vito ynskte vel mĂžtt til den 43. utgĂ„va av den tradisjonsrike jazzfestivalen i Bergamo i den intime konsertsalen Teatro Sant’Andrea og introduserte den greske pianisten Tania Giannouli (hovedbilete). Ho kvitterte med ein times solokonsert som kunne opplevast som ein musikalsk kommentar til det som no spelar seg ut i Ukraina.
Konserten var ein samanhengande «tour-de-force» i eit til tider dystert tone- og klanglandskap kontrastert gjennom ein del lyriske komposisjonar med klare folkemusikalske referansar eller atonale intermesso i det Þvre registeret. Giannouli hadde modifisert deler av bassregisteret i flygelet og brukte til tider bÄde hendene og andre hjelpemiddel til Ä utvida klangpaletten. Fortepedalen vart brukt flittig og understreka det som kanskje kan skildrast som eit musikalsk inferno.
Giannouli sette seg sjÞlv og publikum pÄ ein skikkeleg emosjonell prÞve. Kontrastane mellom ljos og mÞrke, vakkert og brutalt, lyrisk og bombastisk var pÄ eit vis utmattande og nÄdde etterkvart eit mettingspunkt. Det var god timing dÄ ho pÄ slutten let seg inspirera av folkemusikken (og Misha Alperin?), og siste sekvens i bassregisteret hadde ei aning funky tilnÊrming. Avslutta gjorde ho med ein vemodig ballade, ogsÄ denne forankra i folkemusikken.
Festivalar er ei travel tid for journalistar og meldarar som freistar Ä fÄ med seg det meste, men opninga av programvignetten «Scintille di jazz» (gneistar av jazz) gjekk eg glipp av.
Duoen Marco Pasinetti, gitar og Guido Bombardieri, saksofonar og bassklarinett har laga ei plate med Mingus-komposisjonar som dei har kalla «Self-portrait in Two Colors». Musikken dei spelte, og eg fekk med meg dei fire siste lÄtane, var henta frÄ denne plata. Det var virtuose, men til tider eteriske tolkingar ein fekk hÞyra. Ein sterk versjon av «Goodbye Pork Pie Hat» gjer at eg ynskjer Ä fÄ med meg heile konserten ved neste hÞve.
Det 213 Är gamle Teatro Sociale er arena for dei fleste konsertane pÄ festivalen. I Är byrja konsertrekkja med Vijay Iyer Trio. Han hadde med seg Matt Brewer pÄ bass og Jeremy Dutton pÄ trommer. Dei spelte mykje frÄ ECM-plata «Uneasy», men naturlegvis fÄr materialet ein noko anna karakter nÄr ein erstattar profilar som Linda May Han Oh og Tyshawn Sorey med nemnde to. Brewer og Dutton er framifrÄ instrumentalistar, men representerer sjÞlvsagt eit anna uttrykk. FÞrste del av konserten var ein miks nytt og gamalt der Iyer ogsÄ synte fram bop/Bud Powell-rÞtene i spelet sitt. Etterkvart kom den meir McCoy Tyner-pÄverka delen til Ä dominera. Brewer er ein stÞdig akkompagnatÞr og spelar kor med klare idear der han vandrar uanstrengt frÄ posisjon til posisjon med Dave Holland-lik sjÞlvtryggleik. Dutton held i lange sekvensar i gang ride cymbalen og alternerer ofte med skarptromma. Uttrykket er komplekst, men ljost og distinkt. Trommeimprovisasjonane gjekk alltid oppÄ ein vamp frÄ piano og bass, eit verkemiddel dei med fordel kunne variert. PÄ slutten sat eg med ei kjensle av det gjekk pÄ tomgang. Ekstranummera med ein Stevie Wonder-lÄt til slutt gjorde konserten enda med ein opptur.
Trommeslagaren Roberto Gatto er ein institusjon i italiensk jazz. Karrieren strekkjer seg snart over eit halv hundreĂ„r og han har gjeve ut i eige namn eller delteke pĂ„ godt over 100 plater. No om dagen kombinerer han rollane som utĂžvande med pedagogisk verksemd. Kvartetten bestĂ„r elles av trompetar Alessandro Presti, pianist Alessandro Lanzoni og bassist Matteo Bortone. Konserten blei ein fin miks av originalkomposisjonar bĂ„de av Presti og Lanzoni og ein del klassikarar som Ellingtons «A Little Max» frĂ„ «Money Jungle». Dei serverte ogsĂ„ ei hylling til dei tre trommelagarane Kenny Clarke, Art Blakey og Elvin Jones med Ornette Colemans «Ramblin’» og avslutta etter massiv trammeklapp med ei lita godnatt-vise. Med den timelange konserten fekk Gatto vist at han har ein utruleg finstemt teknikk og nydeleg lyd i Gretsch-settet sitt, dei tre medmusikantane improviserte inspirert med eit lite utrposteikn ved Presti i balladetempo â originalt og lyrisk. Ein super start pĂ„ festivalen som varer heilt til sundag.
Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Foto Luciano Rossetti © Phocus Agency
Vijay Iyer, piano, Matt Brewer bass og Jeremy Dutton trommer i Vijay Iyer Trio
Alessandro Lanzoni piano, Matteo Bortone bass, Roberto Gatti trommer og Alessandro Presti trompet i Roberto Gatti Quartet