Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Theremin- og Cubafest i Sarajevo

JAZZFEST SARAJEVO, 7. NOVEMBER 2024: Wanting Machine (hovudbilete) er ein austerriksk-amerikansk kvartett sett saman av Peter Rom (gitar), Pamelia Stickney (theremin), Manu Mayr (bass) og Michael Prowaznik (trommer). Leiaren Peter Rom har gjeve ut ei plate med tittelen Wanting Machine, og musikken som blei spelt på konserten, var i stor grad henta frå denne plata. Noko av det mest interessante med kvartetten i utgangspunktet er rollen til det spesielle instrumentet theremin. Instrumentet blei oppfunne av den sovjetiske fysikaren Lev Sergejevitsj Termen (1896–1993) i 1919. Han utvandra til USA der han fekk teke patent på instrumentet. Thereminen består av ein elektronisk svingkrets mellom to fast oppsette elektrodar der musikaren rører hendene mellom elektrodane for å skapa lyd. Instrumentet er brukt i dei fleste sjangrar. Mange kjenner sikkert til ikoniske «Good Vibrations» med The Beach Boys.

Stickneys bruk av instrumentet overgår det meste eg før har høyrt. Dvs. ho brukar det til å fargeleggja, men også i solistisk samanheng. Då høyrdest det ut som frenetisk fuglekvitter henta frå ein Disney-film. Musikken til Rom (og Mayr) var variert, men kan plasserast innanfor den vide boksen fusion, men av og til med ein litt skakk beat og ofte med basslinjer i det øvre registeret av bassgitaren. Musikken fekk såleis til tider eit eterisk preg. Nokon nemnde etterpå at musikken til tider kunne minna om ting Penguin Café Orchestra har gjort. Publikum sette pris på det dei høyrde, og bandet var ikkje verre på det enn at dei gav eit ekstranummer.

Roberto Fonseca La Gran Diversión er nettopp det den spanske tittelen indikerer – den store moroa. Roberto Fonseca har laga ei framsyning der han brukar video og enkle tablå til å få fram poenga sine, men først og fremst er dette cubansk musikk i tradisjonen frå Buena Visa Social Club, dvs. ein folklorisme som brukar ulike musikalske element til å skapa eit virtuost, showprega konsept, men dette gjer Fonseca med enorm bravour og eit sjølvtrygt scenenærvær som mange kan misunna han. Sjølv spelar han piano, Nordstage og syng. Laget han har samla rundt seg er eit A-lag sett saman av Yuri Hernandez (trompet), Jimmy Jenks (tenorsaksofon), Ariel Vigo (barytonsaksofon), Felipe Cabrera (bass), Andres Coayo (perkusjon) og Ruly Herrera (trommer). Solistisk var det kanskje Jenks som gjorde sterkast inntrykk, og duetten med Fonseca og Coayo på bongos i «Oscar Please Stop» var truleg høgdepunktet. Publikum ville ikkje gje slepp på bandet før dei hadde kvittert med to ekstranummer. Konseptet funkar som ei kule!

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jasmin Brutus/Jazzfest Sarajevo


Roberto Fonseca