Den unge gitaristen Oddrun Lilja, har verkeleg erobra den norske jazz- og verdsmusikkscena dei siste åra. Mange la fyrst merke til ho i Bugge Wesseltoft si nyaste utgåve av New Conception of Jazz, og gode Vossa Jazz’arar har sett ho med bandet Moksha og i Ingebrigt Haaker Flaten sitt Tingingsverk EXIT KNARR i 2021. Med bandet LILJA har ho fått utløp for mange av sine nyskapande og særeigne musikalske idear.
I albumteksten til LILJA-debuten Marble (2020) – som Dagsavisen gav seks stjerner og kalla «en liten sensasjon» – fortel ho om sine reiser: Ho har spelt med sirkusartistar i Etiopia, raga-musikarar i India og Nepal, gnawa-musikarar i Marokko og jazzmusikarar i New York og Paris, mellom anna! Dei mangslungne musikalske erfaringane høyrer ein godt i musikken hennar – ho har ein unik og allsidig spelestil, krydra med inspirasjon frå alle verdshjørne.
Oddrun Lilja har eit gjennomtenkt forhold til eigen produksjon, og ser Tingingsverket ho jobbar med no som «kruna på verket» på ein pågåande trilogi:
– I det første albumet, «Marble», (anmeldelsen på salt peanuts kan lesast HER) kalte jeg komposisjonene opp etter ti byer, hvor jeg har vært over tid og samarbeidet med musikere de siste årene. Til album nummer to, som kommer ut til Vossa Jazz neste år, har jeg valgt ut fire tradisjonsbærere som jeg har samarbeidet med for å lage en luftspeiling av klinkekulen, sett fra vårt perspektiv. Til Tingingsverket på Voss samler jeg alle tråder og søker det ene. En slags non-dualistisk selvbiografi.
Tittelen på Tingingsverket er «I», som i romertalet éin, og med henvisning til det engelske I, «eg». Ho brukar det fascinerande skaldediktet «Lilja» som bakteppe og inspirasjon for verket. Det vart skrive på Island på 1300-talet:
– Det er et religiøst dikt fra middelalderen, men handlingen kan også oppleves som aktuell og allmenn selv i dag, og tolkes utover den kristne rammen. Når jeg leser setningen «Den fullkomne verden blir ødelagt, verden truer» går tankene til den nye epoken vi er inne i i Europa, hvor vi gikk fra å tenke at krig er helt utenkelig, til å lese om hendelser som blir mer og mer grufulle for hver dag som går, seier Lilja.
Med seg til å framføre verket har Lilja valt musikarar frå øvste hylle – dei ho likar aller best. Ho beskriv samansetninga som «upløyd mark», med musikarar frå folkemusikk, jazz, soul og verdsmusikk.
Oddrun Lilja er nybakt mor, og det skapar ein ekstra klangbunn i arbeidet med Tingingsverket:
– Det er veldig eksistensielt det verket jeg jobber med, og man blir jo veldig «nær livet» når man har skapt et barn – et nytt liv – og får oppleve de båndene som oppstår gjennom det. Det er inspirerende – det blir jo litt som å ha en liten muse hjemme!, seier Lilja
Medverkande:
Oddrun Lilja – komposisjon, gitar, vokal
Anders Røine – gitar, vokal, langeleik, munnharpe, fele
Beate S. Lech – vokal
Helga Myhr – fele, vokal
Helge Norbakken –perkusjon
Jo Skansaar – bass
Sanne Rambags – vokal
Tingingsverket vert framført i Voss idrettshall laurdag 1. april kl. 18.00.