Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

ERIC ALEXANDER

«Chicago Fire»
HighNote HCD 7262

Tenoristen Eric Alexander har blitt jazzmusikar på den uakademiske måten gjennom fleire år som svært aktiv musikar på Chicagos svært levande og mangfaldige jazzscene. Dette er ei hylling til musikarar som har hatt base i denne storbyen i kortare eller lengre tid. Først ute i rekkja av hyllingar er mynta på organisten Charles Earland. «Eddie Harris» er ei hylling til, som tittelen på tydeleg vis indikerer, saksofonisten som nærast oppnådde popstatus med pianisten Les McCann. Låten har klare referansar til Gene McDaniels-låten «Compared to What» og i slutten av mellomspelet er også Alexander så vidt innom Harris ikoniske låt «Freedom Jazz Dance». Johnny Griffin får sin honnør gjennom ei forrykande utgåve av Cole Porters «Just One of Those Things».

Ein av lærarane til Alexander, pianisten Harold Mabern, spelar på plata og har levert to låtar, m.a. «Mr. Stitt». At dette refererer seg til Sonny Stitt er kanskje ikkje naudsynt å presisera? Den mollstemte blueslåten i raskt tempo er kjempeflott og eit glimrande springbrett for briljant improvisasjon av Alexander. Meir Stitt-hylling blir det med ein komposisjon frå Ammons/ Stitt-repertoaret «You Talk That Talk» der også trompetar Jeremy Pelt får høve til å skina.

Bassist John Webber og trommeslagar Joe Farnsworth er stødig tilstade heile vegen, men cymballyden er så spiss og så framtredande i miksen at det fort blir slitsamt. Dette øydelegg likevel ikkje for inntrykket av ei plate med ein gjennomført kunstnarleg idé og masse musikalsk overskot.

Lars Mossefinn

Eric Alexander (ts), Jeremy Pelt (tp – låt 1, 2, 7), Harold Mabern (p), John Webber (b)Joe Farnsworth (dr)

Skriv et svar