USF VERFTET, SARDINEN, BERGEN, LAURDAG 3. MAI 2025: Dag Syver Arnesen (hovudbiletet) såg dagsljos for første gong 3. mai 1950. I går gjorde jazz-Bergen stas på komponisten, orkesterleiaren og pianisten i ein tre timar lang musikalsk maraton som ikkje kjentest eit minutt for lang.
Dag Arnesen har vore ein krumtapp i det bergenske og vestlandske jazzlivet i meir enn 50 år. Karrieren er så omfattande og fylt av høgdepunkt at ein trygt kan seia at han høyrer til den nasjonale eliten av jazzmusikarar. Karrieren til Arnesen fall saman med oppblomstringa jazzklubbar og festivalar på 1970-talet, m.a. Bergen jazzforum og Nattjazz. Med unnatak av nokre år i utlegd (Oslo) har Arnesen hatt base i Bergen.
På 80-talet vekte han stor oppsikt med bandet Ny bris. Saman med dei fem kollegane Per Jørgensen, Olav Dale, Ole Thomsen, Kåre Garnes og Frank Jakobsen platedebuterte han i 1982 med nettopp Ny bris.
Arnesen har i tillegg til å vera sterkt påverka i spelet sitt av McCoy Tyner også hatt eit sterk og varig interesse for musikken til Edvard Grieg. Dette har mellom anna resultert i tre trioplater med musikk av Grieg og norsk folkemusikk Norwegian Song vol. I-III (med bidrag frå Palle Mikkelborg på vol III). I 2017 kom ei vol IV-utgjeving med deler av materialet arrangert for Bergen Big Band, eit band han i mange år var leiar for saman med Magne Thormodsæter etter at Olav Dale gjekk bort i oktober 2014.
Arnesen er også særmerkt som komponist med evne til å overraska med uventa rytmiske, harmoniske og melodiske vendingar. Han er den einaste musikaren som har levert det prestisjetunge tingingsverket til Vossa Jazz to gonger (1978 og 1989).
Allereie i 1992 fekk han Vossa Jazz-prisen og i 2009 fekk han den høgste utmerkinga i norsk jazz, Buddy-prisen.
Konserten på Verftet spegla den mangfaldige karrieren, men før det heile braka laus, var det mottaking med bobler og helsingar, m.a. frå saksofonist og Brannsupporter-kollega Marius Neset. Saman med Anton Eger framførte han på videolink ei energisk tolking av «Heia Brann» etterfølgt av ei helsing frå Brann-kaptein Fredrik Pallesen Knudsen med det kryptiske ynskje «… og så håper jeg du får den bursdagsgaven du ønskjer deg». Akkurat i det han sa dette, utlikna Vålerenga til 2-2. Det skulle likevel ordna seg. Brann vann til slutt 4-2 på bortebane og toppar enn så lenge tabellen. Alt låg m.a.o. til rette for ein festkonsert, og det blei det.
Arnesen opna solo med Edvard Griegs «Arietta» før han gjekk over i «Norsk Dalevise». Etterpå fekk han selskap av Magne Thormodsæter på bass og Sigurd Steinkopf på trommer. Dei framførte Finn Ludts «Lille Måltrost» og balladen «Stripen», ført i pennen av Arnesen og tileigna ein av dei mange kattane som Arnesen og kona Wenche Gausdal har hatt. Trioen avslutta med ein McCoy Tynersk vri på folketonen «Dalebu Jonson», eit godt stykke unna tolkinga ein finn på Norwegian Song vol. II. Det sytte ikkje minst tandemet Thormodsæter og Steinkopf for.
Sterkt var gjenhøyret med saksofonisten Øystein Søbstad. Han rundar 80 år den 12. oktober i år, og er naturleg nok ikkje like sprek som i sine velmaktsdagar, men du verda for innleving og kontroll han hadde i koret på «Blue in Green»; makelaust! På podiet stod også ein anna legende i Bergensjazzen, bassist Sigurd Ulveseth med den karakteristiske syngjande tonen i instrumentet. Dei avslutta med nok ein Arnesen-original, «Knepp».
Så var det duka for komponisten og arrangøren Arnesen, og på scenen kom ein tentett der Ole Marius Sandberg trakterte bassen og nemnde Gausdal song ordlaus vokal. Dei framførte «Reminescence» og ein del av verket On Granite. Sistnemnde sterkt påverka av folkemusikk og med parallellar til ting Brass Bros har gjort.
Etter ei kort tolking av Eivind Grovens legendariske pausesignal var det klart for ei større omrigg. Det 25 medlem sterke blandakoret Lystgården vokal under leiing av Ingvild Espedal rigga seg til og framførte Griegs «Du vårens milde, skjønne barn» og «Astrid, mi Astrid» i 6/8 som blir spegla mot ei linje som Brian Wilson og Beach Boys ville ha nikka attkjennande til.
Kordelen blei avløyst av ein sekvens som fokuserte på samarbeidet Arnesen/Gausdal med ein del flotte Gausdal-tekstar. Ulveseth var attende på bass, og Paul Fawcus spelt inspirert altsaksofon.
Kvelden blei avslutta med Arnesen/Trøen kvartett, og det var som auraen av mimring var vekke. No var det på eit vis alvor. Kvartetten byrja med den naivistiske Arnesen-låten «Just Thinking» nærast som ein intro til Lid Trøens «Arabisk intro». Det hadde skjedd mykje spanande musikalsk tidlegare på kvelden, men Lid Trøen, Arnesen, Sandberg og Steinkopf spelte kvarandre knallgode. Først hadde Arnesen eit langt inspirert kor som fekk Lid Trøen til å bretta ut heile paletten. Dei følgde opp med «Flirt» som gav Lid Trøen ta endå meir ut av arsenalet sitt.
Bergen Big Band (BBB) kom på scenen og Arnesen ville som avtalt fyra i gang med Grieg «Gangar», men vart resolutt stoppa av Michael Barnes som ville at jubilanten skulle hyllast av eit potpurri av Brannsongar. Ein kan meina kva ein vil om desse songane, men Barnes har utvikla eit handelag som arrangør som det står stor respekt av. Sigurd Steinkopf sat på trommekrakken heile kvelden og gjorde jobben perfekt i kvar sekvens, men i BBB-samanheng er han berre eit funn! Etter dette blei det gangar, «On Granite del VII» med eit Aksel Rød-kor som berre han kan og ein logisk finale – «Ved Rondane». Då bandet bandet gjekk av scenen spelande ein New Orleans versjon av «Happy Birthday» stod publikum og kauka og trampeklappa.
Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie
Sigurd Steinkopf var med i alle banda
Magne Thormodsæter
Øystein Søbstad
Trøen / Arnesen Quartet
Elisabeth Lid Trøen
Ole Marius Sandberg
Koret Lystgården med Vestnorsk jazzsenters leder Nina Torske
Michael Barnes og Bergen Big Band
Bergen Big Band