Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Jazzen sigra

JAZZ FEST SARAJEVO – DAG 2, TORSDAG 3. NOVEMBER 2016: Jazzen varma på festivalens andre dag, og det trong ein. Byen opplevde vinterens første snøfall! Kveldens konsertar tok til med den israelske gitartrioen Tatran, men det skulle ta seg kraftig opp.

Tatran har eksistert sidan 2011, og tre år seinare debuterte dei med plata «Shvat». Bandet spelar i ein slags 80-tals fusjonsstil der det går fort og presist. Kva dei har å fortelja, er meir uklart. Gitarist Tamur Dekel, bassist Offir Benjaminov og trommeslagar Dan Mayo er alle dyktige instrumentalistar. Dekel og Benjaminov har stålkontroll på kvar ein knott og pedal på effektracket, og Mayo har ein teknikk og tilnærming til trommesettet à la Dennis Chambers. Komposisjonene dei serverte var preglause med masse breaks og taktskifte. Inn i mellom groova det skikkeleg, men så var det ein ny knapp som måtte trykkast på.

Marc Ducret (bildet) er ein heilt anna historie. Han nyttar elektronikken og eit arsenal med effektar, men dette er verkemiddel og verktøy som skapar musikk. Dei er ikkje eit mål i seg sjølve. Han kombinerer det konvensjonelle og ukonvensjonelle, og vakker musikk oppstår. Han avslutta soloavdelinga med Bela Bartoks «Rumensk dans nr. 5». Etterpå fekk han selskap av den sveitsiske trombonisten Samuel Blaser og den danske trommeslagar Peter Bruun. Dei kommuniserte perfekt frå første tone og vandra uanstrengt inn og ut av rollar, tempi og modus. Sjølv om samspelt sat som spikra, var det heile tilbakelent og ustressa. Festivalens høgdepunkt så langt.

Tidsskjemaet til festivalen var i strammeste laget, og Tatran spelte ut over fastsett tid, så dei to første låtane til duoen Markus Stockhausen, på trompet og flygelhorn og Florian Weber, piano fekk eg ikkje med meg, men resten var ei sann glede å lytta til. Duoen, som kallar seg Inside Out, gav ut plata «Alba» på ECM i vår, og mykje av repertoaret var henta frå nett denne utgjevinga. Også her merka ein seg med ein gong kjenslevare kommunikasjonen. Sjølv om Inside Out representerer ein heilt anna estetikk enn Blaser & co, merka ein den same nerva og det same musikalske overskotet. Eg må tilstå at eg ikkje kjenner Weber like godt som Stockhausen sjølv om han har ein imponerande CV, men både kompet og soloane imponerte. Både på «Liberation» og «Better World» slo Weber til med originale og velkonstruerte kor. Nok eit høgdepunkt.

Taksim trio frå Istanbul er etterkvart blitt ein internasjonal hit. Også her er det tale om virtuos instrumenthandsaming og telepatisk samspel, men viljen til å utfordra kvarandre og dei musikalske rammene er vekke. Trioen høyrde eg for mange år sidan i Istanbul. Då var opdagingstrongen til stade i rikt mon. No er det raffinering av repertoaret som gjeld, men etter at dei hadde sitert «Staying Alive» tidleg i konserten, hadde dei nakketak på publikum, og ein fekk festivalens første ståande applaus.

Også torsdagen blei avslutta i vakre Gradska vijecnica, denne gongen i selskap med den kroatiske pianisten Matija Dedic. Også no fekk ein servert lett tilgjengeleg musikk som tydelegvis er mynta på eit anna publikum enn kjernen. Likevel hyggelegare enn første kvelden.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar

Du må være innlogget for å skrive kommentarer.