Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

THEO BLECKMANN

«Elegy»
ECM 2512

Allereie frå Shai Maestros første anslag på klaveret i «Semblance», ein komposisjon som fungerer som ouverture til Sondheims «Comedy Tonight», melder tanken seg at ein her har med ein ECM-debut utanom det vanlege å gjera. Nemnde «Comedy Tonight», ei mollstemt, flegmatisk tolking der Bleckmann brukar store deler av registert sitt, er ei stadfesting av førsteinntrykket. Theo Bleckmann har laga ei plate som garantert vil vera med i finaleheatet når årets plate 2017 skal kårast.

Med unnatak av lånet frå Sondheim har Bleckmann komponert dei elleve andre låtane og skrive alle tekstane, også her med eitt unnatak. Bleckmann har sett tone til den kinesiske lyrikaren Chiao Jans «To Be Shown To Monks at A Certain Temple». Dette er tvillaust eit høgdepunkta på plata. Her kjem dei eteriske kvalitetane i vokaluttrykket til Bleckmann fullt ut til sin rett. Innimellom kan han minna sterkt om Milton Nashimento, t.d. i den naivistisk innsmigrande «Take My Life» og nemnde «To Be Shown …». Førstnemnde er kanskje den låten og den teksten som best eksemplifiserer tematikken på plata. Dette er nemleg ei samling av elegiar. Det er likevel slik at vemodet er meir framtredande enn den botnlause sorga. Døden er ein overgang ikkje eit endepunkt.

Bleckmann er akkompagnert av eit samspelt ensemble. Piano og gitar har funne ei eksemplarisk rollefordeling, og interaksjonen mellom Bleckmann og Monder er rein og skjær telepati. Sjekk ut Theo Bleckmann. Det fortener du.

Lars Mossefinn
Theo Bleckmann (v), Ben Monder (g), Shai Maestro (p), Chris Tordini (b), John Hollenbeck (dr)

Skriv et svar