Konserter

Det er den draumen

VOSSA JAZZ, TREDJE DAGEN, SØNDAG 14. APRIL 2019: Den 18. august i år ville Olav H. Hauge ha oppnådd sin 111., eller ellevti-første, bursdag. Akkurat like gammel som hobitten Bilbo Baggins, eller Bilbo Lommelun som han gjerne omtales som på norsk, var da Bilbo arrangerte sitt avskjeds-bursdagsselskap i Hobsyssel i år 1290 i hobittenes verden. Mange av oss kan historien dette selskapet la grunnlaget for — Ringenes Herre — nesten utenat. En nesten like stor historie ble skapt på Vossevangen palmesøndag 2019.

Denne siste søndagen i 2019-festivalen fikk vi blant annet med oss en ønskereprise fra 2005, Edvard Askelands musikk og Hildegunn Riises framføring av Olav H. Hauges vakre og finurlige tekster og dikt i Vangskyrkja. Fjorten år seinere står verket minst like sterkt som det gjorde den gangen, vel ti år etter at Hauge døde.

Vi har som tittel i dag brukt tittelen til Hauges kanskje aller mest kjente og kjære dikt, «Det er den draumen me ber på / at noko vedunderleg skal skje, / at det må skje /…». I et annet dikt skriver han også,

«Kom ikkje med heile sanningi, /kom ikkje med havet for min torste, /kom ikkje med himmelen når eg ber um ljos, /men kom med eit glimt, ei dogg, eit fjom, /slik fuglane ber med seg vassdropar frå lauget /og vinden eit korn av salt.»

Om noe på en gang kan fange innholdet i og utfordringen med det å skrive om det usigelige, om musikk, og som samtidig gir en presis beskrivelse av hva tekstens form og innhold bør være, så er det kanskje dette diktet. Selv om nok Hauge var et noe annet sted da han skrev det.

Den siste dagen i denne 46. jazzfestivalen på Vangen blir på mange måter en melankolsk søndag med musikalske inntrykk som spenner fra det sakrale til det hverdagslig vakre. Et uttrykk som ytterligere blir forsterket av den voksende erkjennelsen av at det nå er nesten et år til neste gang vi skal nyte gode dager her på Vossevangen igjen.

Vi starter dagen i Osasalen med en trio som startet sitt liv som et ensemble for øvingsrommet, og som ikke var tiltenkt å skulle være noe mer enn det. Men som også på veien har blitt en stadig tilbakevendende favoritt for mange av oss. (JH)

Folkemusikken snik seg inn over alt
Marthe Lea, saksofon, klarinett, fløyter, vokal, perkusjon, Ayumi Tanaka, piano og Thomas Strønen på trommer, skulle berre vera eit øve-band, men ved eit mistak booka Tanaka ein jobb, og då var det gjort.

Det er ikkje vanskeleg å tilgje Tanaka. Trioen serverte nøyaktig 60 minuttar fri musisering med nokre folketonar som berebjelkar. Desse tre folketonane stod på eigne bein om enn med eit særs uvanleg akkompagnement, men dei var også utgangspunkt for ei ganske fri tolking.

Den musikalske reisa elles bygde på korte komposisjonsskisser gjerne med utgangspunkt i ein rytmisk eller klangleg basert idé. Desse ideane kunne dei utvikla kollektivt, men gjerne slik at den som introduserte ideen sat i førarsetet. Dette er ein trio med utvikla sans for musikalsk dramaturgi, og dei ulike delane gjekk saumlaust over i ein annan. Trioen er heller ikkje redde for å ta musikken heilt ned slik at ein kan høyra den vidgjetne knappenåla falla. Ein perfekt start på Palmesundag! (LM)

Himmel og Hel … sinki
I Gamlekinoen denne søndagen er det sanger fra Helsinki som er temaet. Kvartetten til Trygve Seim som blant annet spiller låter og komposisjoner som Seim skrev i den finske komponistforeningens leilighet i Helsinki, eller Helsingfors.

Men denne gangen er det med en vri. I stedet for det ordinære medlemmet av kvartetten, estiske Kristjan Randalu, er Jon Balke satt inn på piano. Kvartetten med for øvrig, Mats Eilertsen på bass og Markku Ounaskari på trommer ved siden av Trygve Seim på sine saksofoner, er i dag også utvidet til en kvintett, med trompetisten Mathias Eick.

De etter hvert så kjente temaene fra «Helsinki Songs» og tidligere skiver på ECM, blir annerledes behandlet med denne endrede sammensetningen. Mest iørefallende med Mathias Eicks myke trompettone og hans sans for de melodiske, sangbare linjer. Eick fargelegger musikken der Seim med tusj utvikler streker og linjer av underliggende strukturer og bilder.

Men dynamisk er det slående hvordan Balke løfter musikken, og utfordrer sine medmusikanter ved å kaste ut bein og andre strukturer som Eilertsen og Ounaskari må forholde seg til. Der Randalu i hovedsak er en pianist i området nærmere Keith Jarretts forståelse for og utvikling av det horisontale forløpet, seiler Balke rundt i et univers som også omfatter konstellasjoner rundt Paul Bley. Med vekt på dennes strukturering av grunnmurer rundt tid og rundt vertikale former.

Og som alltid blir vi fanget av Seims nærmest mytologiserende tone i hornene sine. Hans frapperende teknikk er slående, men ikke som teknikk. Det er Seims evne til å utnytte dette til å fortelle som skaper magi og myter. (JH)

Eit musikalsk lykketreff
At vokalistent Torhild Ostad fann pianisten Carsten Dahl var eit musikalsk lykketreff. Det er 23 år sidan ho gav ut «Blomar i moll», med folketonar framførd a capella. I fjor kom plata «Jeg roper til deg», der samarbeidet med Dahl blei innleidd. Seinare har det blitt nokre konsertar, men dei er travle på kvar sin kant og bur i kvart sitt land, så det musikalske samarbeidet er framleis doggfriskt og utprøvande.

Dei tolv låtane dei framførte i Osasalen på ettermiddagen var ei blanding av salmar, bånsullar, sjølvskrive materiale av Ostad og to soloimprovisasjonar av Dahl. I fleire av salmane låg ein rislande borduntone under, enten servert frå miksebordet eller produsert mekanisk av Dahl sjølv. Dahl er ei oppkome av idear, og ein kunne sjå på Ostad at mange av ideane kom like overraskande på henne som publikum.

Sjølv om dei har hatt minimalt med øvingstid, så tek dei utfordringane på strak arm. «Hjerte av bly» fekk si urframføring i Osasalen, og det kunne merkast, men dei henta seg inn på sjarmerande vis, og ein kan vera trygg for at dette blir eit glansnummer på komande konsertar. Det er vanskeleg å dra fram høgdepunkt i ei perlerad, men «Alt forandrer seg» er historieforteljing på høgt plan, og pianokoret til Dahl på «Vuggesang» hang med på veg ned frå Osasalen. (LM)

Hauge 14 år etter
Programmet «Under stjernone» med dikt og dagboksutdrag av Olav H Hauge og musikk av bassisten Edvard Askeland vart første gong framført i Fraktgodsen på Vossa Jazz 2005. Seinare blei programmet spelt inn på plate.

I Vangskyrkja kom programmet godt til sin rett. Dikta og dagbokutdraga vert tolka av Hildegunn Rise, og ho er ein meister i visa fram tvisynet til Hauge. Diktaren kunne vera både sjølvironisk og fandenivoldsk. Rise får det fram på sitt varsame vis. Dagboka vert ikkje referert kronologisk, men hoppar frå tema til tema, stemning til stemning. Musikken er med å understreka og forsterka, men av og til tek det laust og musikken spelar seg ut på eigne premissar. I nokre av desse sekvensane var aksen Per Jørgensen/Paolo Vinaccia ei stadig kjelde til glede og forundring. Gitaristen Eivind Aarset var akkurat så delikat til stades som ein kunne venta, og komponisten held det heile solid saman.

Vangskyrkja var ei perfekt ramme rundt eit program som ber alderen godt. Olav H Hauge går ikkje ut på dato. Det gjer ikkje «Under stjernone» heller. (LM)

Jazz er oss … jazz er Voss!
Med det takker salt peanuts* av fra den 46. Vossa Jazz. Som vi nå er vant med, og som vi nesten forventer hvert år, har denne fjellbygda nok en gang vist seg fra sitt aller vakreste. Vi avrunder med dette lille utdraget fra Olav H. Hauges dikt «Glør i oska»,

Eg er berre ein gneiste
av den store eld.
Og som eg kveiktest i myrkret,
skal eg slokna ein kveld.

Du skal eiga all venleik
på denne jord
når eg longo er burte
og kvornve mine spor.

Du kan gjerne tolke «eg» i diktet her som den 46. jazzfestivalen på Vossevangen. I så fall fanger den godt vår opplevelse av årets fest!

Vi hilser våre lesere til avslutning med en variasjon over Vossasongen, «i lange stryk med byks og kåte foss: /Du vene Voss, du vene Jazz!». Takk for i år. (JH)

Tekst: Lars Mossefinn (LM) og Johan Hauknes (JH)
Foto: Jan Granlie

Ayumi Tanaka, Marthe Lea og Thomas Strønen. Foto: Lars Finnborud/Vossa Jazz

Torhild Ostad og Carsten Dahl

Carsten Dahl

Torhild Ostad

Trygve Seim

Mathias Eick med Trygve Seim

Mats Eilertsen med Trygve Seim