Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Hullyboo har fornya seg

HULLYBOO – Voss jazzklubb: fredag 6. februar 2015

Trioen Hullyboo opna vårsesongen hjå Voss jazzklubb med sin første konsert for året. Marius Hirth Klovning, gitar, Bjørnar Kaldefoss Tveite, bass og Mads Mæland Jensen, trommer hadde brukt mykje tid på det nye øvingsrommet sitt. Eit heilt nytt repertoar kunne dei varta opp med. Nokre låtar var så ferske at dei ikkje hadde fått tittel.

Det nye låtmaterialet er prega av Klovnings sans for halvkvedne viser. Ofte kjem tema smygande fram i ein vellyd av gitarklangar, bassostinat og pulserande trommespel. Dette galdt for så vidt dei tre første låtane, «Ega», «Marsala» og «Skiskyting» og det blei gjort på virtuost vis i «Skurken», der Klovning simultant spelar komp i det øvre og tema i gitarens lågare register. Kaldefoss Tveite følgde opp med dobbeltgreps basskor og Mæland Jensen serverte eit kledeleg bastant vispekomp.

«Folkeballade» var som namnet tilseier ein folkemusikkinspirert ballade med eit innsmigrande tema der gitarkompet til tider høyrdest ut som langeleik. Konsertens høgdepunkt var låten «Afrika» der Klovning først improviserte i beste Ali Farka-Touré-ånd for så å ta på ‘flaskehalsen’ og avslutta à la Ry Cooder.

Også neste låt blei ein opptur. Låten var sterkt inspirert av Craig Taborn og hadde etternamnet til pianisten som førebels arbeidstittel. Låten var krevjande på alle vis, men trioen synte seg å vera på høgde med situasjonen. Trioen spelte i tillegg to ferske låtar til for så å kvittera med ein gamal travar «Ladestien» som ekstranummer.

Hullyboo har brukt tida i øvingsrommet godt. Trioen er både meir mangfaldig og spenstigare enn før. I tillegg er Klovning ein fin komponist. Det er grunn til å sjekka dei ut om dei skulle vera på ein scene nær deg.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar