Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Irabagon overtyder med Norvald Dahl trio

OSASALEN, VOSS 29. JANUAR 2016: For dei få som trassa stormen Tor og fann vegen til Osasalen i går kveld, fekk løn for strev. Norvald Dahl trio, med kapellmeisteren på piano, Aleksander Grieg, bass og Nils Are Drønen, trommer, hadde fått Jon Irabagon, tenor- og sopraninosaks, med seg på stamvegturné.

Kvartetten serverte sju låtar som varierte frå modale folkemusikkinspirerte låtar til komposisjonar inspirert av tolvtoneteknikk. Desse blei gjort til grunnlag rundhanda improvisatorisk utforsking.

Det byrja med Dahls «For Whom The Bell Tolls». Ein modal låt med referansar til afrikansk musikk. Irabagon utvikla eit kor som parafraserte temaet mange gonger. Dahl hadde også signert «In Th Bull’s House». Tittelen viser til Lysøen, men det var ikkje uhøveleg å framføra låten på Ole Bull akademiet. Låten utvikla seg til ein up tempo sak med latinfeeling der Irabagon demonsterte den coltrane’ske «sheets of sound» på sopranino.

«West of The Moon» av Grieg har ei karakteristisk tema utvikla over eit innleiande bassostinat. Her blei solistrommet demokratisk fordelt. Irabagons «The Hidden Lift» var vel kveldens mest komplekse med kontrasterande stemmer i ensemblet. Det blei likevel ein spanande heilskap av det heile. Også den andre Irabagon-originalen «Her favorite Baldwin» er ei oppdagarferd i tolvtoneteknikken med ein New Oleans-groove og i eit bluesskjema. Kanskje kveldens særaste. I mellom desse to Irabagon-bidraga hadde ensemblet framført Drønens «Nils barokk», ein nydeleg ballade med eit rubato mellomspel og eit nydeleg basskor i instrumentets øvre register.

Konserten blei avslutta med Dahls vals «The Grand Escape» som dei bygde opp til eit skikkeleg øs som var tittelen verdig. Etter samarbeid i to rundar har Irabagon og trioen blitt ein samspelt kvartett som vonleg vil gå i studio for å dokumentera samarbeidet.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar