Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Norsk Mingus, svensk/engelsk vokal og albansk vokalkunst

LONDON JAZZ FESTIVAL: Kings Place var plassen å vera laurdag 21. november. Først kunne ein få med seg Arild Andersen Sexet, og seinare Elina Duni Quartet.

Det er første gong eg høyrer Mingus-prosjektet til Arild live, men konsertopptaket frå debuten på Oslo jazzfestival i fjor har eg lytta til, og originalen frå april 1964 har eg, som mange andre, høyrt og sett meir enn ein gong. Nettopp av den grunn er det overraskande at ein opplever musikken så doggfrisk. Forklaringa ligg både i musikken i seg sjølv. Han boblar over av innfall og idear, men bandet utstrålar i tillegg ein entusiasme som verkar både ekte og sterk. Det er elles spanande å oppleva musikarar som ein gjerne assosierer med andre uttrykk, gje seg i kast med dette repertoaret.

Alle fekk rikeleg solistisk rom, men alt innan ein rimeleg stram regi. Det såg likevel ikkje ut til at dette verka påfallande hemmande. Sjefen sjølv styrte det heile på vanleg avslappa vis. Og det sedvanlege Andersen’ske gliset blei berre breiare etter kvart som konserten skrei fram. Etter å ha vore gjennom eit knippe Mingus-klassikarar, avslutta bandet med ein monumental versjon av Strayhorns «Take The ‘A’ Train».

Erlend Slettevold (piano), Petter Wettre (tenorsaksofons, bassklarinett), Arild Andersen (bass), Eivind Lønning (trompet), Klaus Holm (as, bassklarinett), Gard Nilssen (trommer)

Gripande Duni
Den albansk ætta vokalisten Elina Duni har fått mykje merksemd og fagnad for dei dei to ECM-platene ho har gjeve ut. Spesielt årets utgjeving «Dallendyshe» er blitt ein kritikar-favoritt. Repertoaret er henta frå balkansk folkemusikk med hovedvekt på den albanske. Tema er ofte kjærleik, lengt og sakn. Balkan har vore eit turbulent område, og det har ofte vore folk på flukt der i frå. Med seg i bandet har Duni pianisten Colin Vallon, bassisten Lukas Traxel og trommeslagar Norbert Pfammatter. Det har blitt ei svært samspelt ensemble.

Dei sterke låtane, Duni sin evne til å formidla sterke kjensler og Vallons frie assosiasjonar på piano, gjer dette til eit samla musikalsk uttrykk som er heilt unikt. Dette er ikkje vokalist med komp, men ein integrert kvartett. «Une Do Te Vete» var eitt av mange høgdepunkt på konserten som viste Vallon frå si mest fabulerande side.

Eg trur knapt eg har vore på ein sterkare konsert så langt i 2015. Hypnotisk frå første til siste sekund. Her må festivalfolket kjenna si vitjingstid. Elina Duni fortener å bli allemannseige.

Elina Duni (vokal,) Colin Vallon (piano), Lukas Traxel (bass ), Norbert Pfammatter (trommer)

Svensk engelsk vokal på Vortex
Vortex var fylt til trengsel då Emilia Mårtensson gjekk på scenen vel 20.30. Den svenske vokalisten erstatta Liane Carroll på programmet. Med seg hadde ho Adreano Adiwale på perkusjon og Nick Costley-White på gitar. Etterkvart kom fleire gjestemusikarar, men trioen var ryggrada i bandet. Repertoaret var stort sett sett saman av Mårtenssons eigne komposisjonar,men med ymse unnatak.

Eit stykke ut i konserten annonserte Mårtensson ein svensk folketone – «Felicia adjø». Corelis Vreeswijk ville sikkert applaudert ein slik introduksjon. Vreeswijk ville også ha nikka anerkjennande til Mårtenssons tolking. Ho er rytmisk sikker, og gjennom små nyansar i fraseringa får ho fram all tristessen som ligg i låten til Vreeswijk. Her stod elles gitaristen for konsertens solistiske høgdepunkt.

Mårtensson var tydeleg på heimebane, og publikum var skikkeleg rause med applausen då ho tok farvel med nok ein folketone.

Vortex opplever eit gledelig oppsving i desse dagar. Etter eit år med sviktande publikumstal og underskot, har Oliver Weindling teke styringa, og pilene peikar oppover. Seinare på kvelden stod Loop Collective på scenen. Kollektivet har 10-årsjubileum i år. Det var trangt på dansegolvet denne fredagsnatta.

Emilia Mårtensson (vokal), Adreano Adiwale (perkusjon), Nick Costley-White (gitar)

Tekst og foto: Lars Mossefinn

 

 

 

Skriv et svar