Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Osafestivalen 2017 – svensk dobbelsiger

OSAFESTIVALEN, VOSS, FREDAG 27. – SØNDAG 29. OKTOBER 2017: Den 27. utgåva av Osafestivalen opna på fredag. Dekan Frode Thorsen stod for den offisielle opninga og i opningstalen sirkla han rundt omgrepet møteplass, men var også innom den uglesette merkelappen world music. Som eit apropos til opningstalen stod Ale Möller Band på scenen i Gamlekinoen to og ein halv seinare og synte kva «world music» også kan vera.

Ale Möller har hatt dette bandet gåande i snart 15 år og er på sett og vis ei vidareføring av Stockholm Folk Big Band som Möller skipa saman med saksofonisten Jonas Knutsson i 1998. Dei har gjeve ut tre plater, og heile bandet har vore med frå byrjinga med unnatak av fiolinisten Anna Möller (jo, det er dottera). Om ho har erstatta Magnus Stinnerbom på permanent basis eller berre for denne gongen, fortel ikkje soga noko om, men om så er, skal ein kunna leva godt med eit slikt skifte.

Det som har kjenneteikna Ale Möller Band så lenge dei har eksistert, er denne saumlause overgangen frå ein gresk bryllaupssong til ein pols frå Dalarna til ein song frå Mauritania som om slike kombinasjonar var det mest naturlege som tenkjast kan. Möller blandar i tillegg inn rytmikk og harmonikk frå vestleg populærmusikk, blues, r&b, funk m.m. Det hjelper også godt på at Ale Möller er ein virtuos på mandolaen og får musikk av alt tek i enten det er brøytestikker av plast eller bensinslangar.

Det skal heller ikkje gløymast at bandet har ein bassist av ypparste internasjonale format i canadiske Sebastian Dubé, og meksikanske Rafael Sida Huizar har eit perkusjonsoppsett som er designa for repertoaret. Dei to vokalistane Mamadou Sene frå Senegal og Maria Stellas frå Hellas set sitt markante stempel banduttrykket, ikkje minst visuelt.

Opningskonserten hadde Røros og dansemusikk som tema. Då skulle ein tru at det var pols opp og in mente, men dei to prosjektmakarane felespelarane John Ole Morken og Olav Luksengård Mjelva har dukka djupt i arkiva og funne materiale frå 1700-talets Røros. Namn som Prøsch, Skomaker-Erik, Knopf, Engzelius, Kristen Dahl, Kristen Evensen og Smed-Jens er skaparar av denne særmerkte musikken som blei spelt til overklassen i Rørossamfunnet på den tida. Desse kunne ikkje nøya seg med pols. Dei måtte også ha menuettar og polonesar.

Morken og Luksengård Mjelva skal ha honnør for å skapa liv i ei musikkform som døydde ut med stordomstida til gruvesamfunnet. God hjelp fekk dei hjå eit inspirert band med Hans Fredrik Jakobsen på allehande fløyter, sekkepipe og sopransaks, Trygve Brøske, cembalo og trøorgel, Anders Löfberg, cello og Kåre Opheim, perkusjon.

Allereie fredagskvelden fekk publikum møta duoen Sarah-Jane Summers, fiolin og Juhani Silvola, gitar. Dei har i ein tiårsperiode spelt saman, og det kan ein vel høyra. Musikken er stort sett henta frå heimlandet til Summers, Skottland, men dei kan dra til med både klezmer og anna. Konserten på Tre brør laurdag blei nettopp ei fin reise i den skotske topografien med ein og annan avstikkar til andre kontinent.

Oftast blir prosjektmakaren, seremonimeisteren og trekkspelaren Gabriel Fliflet så pass eksponert at vokalisten med same namn kjem i bakgrunnen. Konserten i Osasalen laurdagskvelden blei ei hyggeleg påminning om kor framifrå Fliflet er som vokalist. Han er inderleg i det meste han syng. Stemma er upolert med ein pussig vibrato, men han har truverd. Repertoaret han presenterte denne kvelden var samla frå ulike prosjekt, og ein kunne kjenna att songar frå Vossa Jazz-tinginga Rose og festspel-prosjektet Sanger fra byen. Eit glitrande band var med på å gjera konserten fullkomen.

Fullkome blei det seinare på kvelden då den svenske trioen Väsen entra scenen. Det lett forståeleg at dette bandet er favoritten til mang ein folkemusikar. Olov Johansson, nøkkelharpe, Mikael Marin, bratsj og Roger Tallroth, gitar har utvikla eit samspel som høyrest enkelt og liketil ut, men som har ein nerve og presisjon som ingen annan. Ein fullsett Osasal var overbegeistra!

Den 27. Osafestivalen blei ein kunstnarleg suksess og vonleg landa tilskiparane på beina reint økonomisk. Ole Bull-akademiet kunne feira 40-årsjubileum. Festivalen er blitt ein sjølvstendig faktor, men er likefullt ein framifrå ambassadør for akademiet.

Lars Mossefinn

Skriv et svar