Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Steve Lehman Octet overtydde

NATTJAZZ, BERGEN, 31.05.2015: Heilt sidan Lehman gav ut den første oktettplata «Travail, Transformation, and Flow» i 2009 har han vore ein snakkis i jazzkrinsar – med rette. Med utgjevinga i fjor «Mise en Abîme» har omdøme styrka seg.

Lehman har vore student under den franske spektralmusikk-komponisten Tristan Murail og har nytta prinsipp i frå denne estetiske retninga i musikken sin. I eit intervju før konserten kommenterte Lehman dette aspektet ved musikken, men la til at konserten sjølvsagt kunne opplevast fullverdig utan teoretisk ballast om spektralmusikken. (Kva anna kunne han seia, forresten.)

Ein kan vel kanskje seia at Lehman nyttar prinsipp han har lært hjå Murail på pragmatisk vis. Slik sett kan ein i like stor grad høyra arven frå Ellington i Lehmans musikk.

Uansett teoretisk utgangspunkt, det som blei servert i Røkeriet var ein fest frå først til sist. Lehman har vore dyktig og heldig. Ikkje berre har han greidd å halda liv i eit så pass stort ensemble som ein oktett, men i tillegg er besetninga så å seia uendra frå dag ein. I Bergen hadde han med Dan Peck (tuba) og Matt Brewer (bass) i staden for Jose Davila og Drew Gress, som ein finn på platene.

Musikken som blei framført, var henta frå båe dei nemnde platene. I fleire av låtane i raske tempi dannar bass, tuba og trommer eit komplekst pulserande fundament for eit flettverk av stemmer i blåserekkja medan vibrafonen representerer det horisontale elementet i lydbiletet. På dei tre siste låtane skifta vibrafonist Chris Dingman stavane på vibrafonen og skapte med dette ein alternativ klangleg palett.

Orkesteret har flust med spanande solistar, og dei fekk generøst med spelerom utan at dette tok fokus vekk frå det kompositoriske. Det må vel vera lov å nemna tenorsaksofonist Mark Shim og trompetar Johnatan Finlayson, særskilt? Dei dreg stadig nye originale vriar opp or hatten. Sist men ikkje minst, Tyshawn Sorey, som aldri sluttar å imponera. Makan til uanstrengt og tilbakelent virtuositet!

Steve Lehman (as, elec), Jonathan Finlayson (tp), Mark Shim (ts). Tim Albright (tb), Chris Dingman (vib), Dan Peck (tu), Matt Brewer (b), Tyshawn Sorey (dr)

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Øyvind Toft/ Nattjazz

Skriv et svar