Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

The Times They Are A-Changin’

JAZZ FEST SARAJEVO – DAG 4, LAURDAG 4. NOVEMBER 2016: Eitt av mange høgdepunkt under årets Jazz Fest Sarajevo var framføringa av Bob Dylans «The Times They Are A-Changin’» med evig unge Django Bates og han endå yngre HumanCHain (bilete). Bates har sans for ord og poesi og veit å ta arrangementsmessige grep.

Rapporten frå avslutningsdagen skulle ha vore ute på Salt Peanuts sine heimesider allereie på sundag, men flyselskapet bestemte at bagasjen min med notatboka skulle koma til gamlelandet ein dag seinare enn skribenten.

Programmet på avslutningsdagen tok til åtte timar før med tradisjonell folkemusikk. Duoen Tijana Vignjevic, vokal og Belma Alic, cello framførte eit repertoar som hadde sterk tradisjonell forankring, men celloarrangementa skapte ein variasjon og spenning i musikken som kledde det tradisjonelle repertoaret. Hyggeleg var det at konsertsalen i Gradska Vijecnica var fylt til randa av eit lokalt publikum. Desse var også komne for å høyra den bosniske gitarlegenda Miroslav Tadic i samspel med den unge akkordionisten Merima Kljuco. Også dette ein konsert med tradisjonsrøter, men med ein klar vilje til nyskaping innanfor klart definerte rammer.

Neste etappe av Jazz Fest gjekk føre seg på scenen Pozoriste mladih, og meldaren kom i tidsklemme og fekk berre med slutten av cellist Vincent Courtois og trommeslagar Mark Nauseefs samarbeid med bassist John Greaves (frå Henry Cow m.a.). Så mykje fekk eg med meg at samarbeidet truleg hadde  gått føre seg på Greaves sine premissar.

Konserten som så følgde blei både ein opptur og ei overrasking. Den nederlandske trompetaren Eric Vloeiman kjenner eg frå mange konstellasjonar. I tillegg til å vera ein utmerka trompetar, har han også den ICP’sk humoren med seg i mykje av det han gjer (i alle fall i kommentarane mellom låtane). Trioen han har fått namnet Oliver’s Cinema og kan skilta med den tyske cellisten Jörg Brinkmann og den belgiske akkordionisten Tuur Florizoone. Utsøkt melodiøst repertoar og eit lydhøyrt samspel er varemerke til trioen. Sterkt!

Bojan Z var på heimebane og opna konsertrekkja i kulturhuset. Duoen han har med den tyske trombonisten Nils Wogram var først ut etterfølgt 40 minuttar seinare av ein annan duo med den franske saksofonisten Julien Lourau. Sistnemnde duo funka best. Dvs. eg tykte samarbeidet her var meir likeverdig. I duetten med Wogram gjekk det stort sett føre seg på Bojan Z sine premissar. Uansett hadde mykje av musikken balkanske røter og referansar, men i duoen med Lourau var det heile tida ein likeverdig dialog. Så får ein leva med at den siste duoen sprengde tidsskjemaet ettertrykkeleg.

Fredag var eg på føredrag med Django Bates. Det er alltid spanande å høyra på den reflekterte og tørrvittige engelske pianisten og komponisten. Han kunne fortelja at dei siste utgåvene av bandet hans Human Chain hadde vore sett saman av studentar der han hadde undervist. Det var desse som kjende musikken hans best, var grunngjevinga for å omdanna bandet til eit studentorkester. Når ein ser på lista over dei studentane han hadde på Rytmisk musikkonservatorium i København, var det tett mellom talenta. Det vil ta noko tid før studentane ved Hochschule der Künste i Bern er oppe på eit nivå som gjer det mogeleg for noverande utgåve av HumanCHain å få maks ut av musikken til Bates, men Dylan-klassikaren let fantastisk fordi mykje av det som gjorde arrangementet perfekt, hadde Bates hand om sjølv, og så hadde han solid drahjelp frå ein energibunt av ein vokalist, Claire Huguenin.

For ein som skulle opp 03.30 for å nå flyet heimatt, ville ein nattleg tete-à-tete med Don Rypero & co bli for mykje av det gode. Med klangen av The Times They Are A-Changin’ i bakhovudet tok eg farvel med XX Jazz Fest Sarajevo. Knappe 21 år etter underteikninga av Daytonavtalen har Jazz Fest Sarajevo nådd å skipa til 20 festivalar! Edin Zubcevic og staben fortener ikkje berre ein kulturpris, men og Nobels fredspris!

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar