Konserter

Toshiko Akiyoshi og Lew Tabakins kveld

HEINEKEN JAZZALDIA, SAN SEBASTIAN, DAG 3: Fredag fekk Toshiko Akiyoshi (bildet) pris og kvitterte med solokonsert. «The San Sebastian Jazz Festival offered the 2014 Award to Toshiko Akiyoshi for his outstanding career and for being a role model to younger generations of jazz musicians,» heitte det i juryen si grunngjeving. I går (laurdag) heldt ho og saksofonist og fløytist Lew Tabakin konsert i Kursaaleko godt hjelpt av Daryll Hall på bass og Mario Gonzi på trommer. Grunna flyforseinking hadde kvartetten først møtt kvarandre gode seks timar før konserten. Kvartetten høyrdes langt meir samspelt ut.

Tradisjonen tru byrja kvartetten med Akiyoshis ‘sjølvbiografiske’ «Long Yellow Road». Dei følgde opp med tre Ellington-låtar for så å gå over til klassikaren «Kogun». Her hadde dei lagt på den tradisjonelle stemmebruken i den japanske trommetradisjonen, og Tabakin fekk på ny vist at han er ein eminent fløytist. Også i «Sunset And The Mockingbird» frå Ellingtons «Queen Suite» (1959) gjorde Tabakin eit enormt inntrykk på fløyte. I introen høyrde han ut som ein skikkeleg ‘Angry (Mocking) bird’ og i det påfølgjande temaet og improvisasjonen viste han både ein oppfinnsomheit og perfekt kontroll med fløyta. Det er yttarst sjeldan at saksofonistar bidreg like interessant på fløyte som saksofon, men i tilfellet Tabakin er det rett.

Akiyoshi verka til tider litt utilpass på solokonserten sin fredag. All usikkerheit og nervøsitet var lagt til sides då ho framførte Bud Powells «Un poco loco». Dei gjekk rett over til «Farwell to Mingus», avslutta som alltid med «Hope» og gav «Lady Liberty» som ekstranummer. Då hadde også Hall og Gonzi fått sine solistrom, og Tabakin blei så inspirert av Gonzi sitt kor på Mingushyllinga at han heilt utanom køyreplan fekk Gonzi med på ein tromme-/saksofonduett. Nok ein strålande konsert.

Trinitate Plaza er naturleg innramma av Santa Maria kyrkja, San Telmo-museet og Monte Urgull – ein ‘intim’ utearena med plass til knappe 2500. Einaste minuset er at støyen frå dei populære restaurantane rett utanfor billettkontrollen forstyrrar i dei svake partia. Dave Hollands «Prism» hadde i tillegg ein litt ullen og diffus lyd (noko lydmannen må ta skulda for). Det var detaljar for knapt var høyrberre. Likevel, for ein konsert. Fire låtar (to av Holland og to av gitarist Kevin Eubanks) a 20 minuttar. Ei oppvising i minimalistisk oppbygging og groove-utvikling. Holland, Eubanks og trommeslagar Eric Harland fekk mykje armslag, men eg hadde vona på ein meir aktiv Craig Taborn. Dette var likevel ensemblet sin triumf.

Etter North Sea Jazz Festival skreiv eg følgjande om Sun Ra Centennial Dream Arckestra: Laurdagen ebba ut ein time inn i sundagen med moteshow eller kostymeball. «Space Is The Place» song Sun Ra Centennial Dream Arkestra medan dei trakka rundt på scenen i fargerike kostymer. Om avslutninga på konserten fortalde noko om resten, så bør arven etter Sun Ra forvaltast på anna vis enn dette her.

Bandet kom på etter Dave Holland. I pausen hadde det vore heftig effektsal, og etterkvar var det ganske mange som gjekk rundt med hettegensarar, dongerijakker eller t-skjorter med slagordet «Space Is The Place».

Eg hadde bestemt meg for å oververa heile konserten. Inntrykket frå Rotterdam blei forsterka. Historia gjentek seg – første gong som tragedie, andre gong som farse, skreiv Marx i «Der achtzehnte Brumaire des Louis Bonaparte». Sun Ra Centennial Dream Arkestra har passert farsestadiet forlengst. Ein del fine musikarar som Craig Harris og Vincent Chancey er å finna i bandet, og inn i mellom blei det levert solistinnslag som ville vore ok i ein annan musikalsk setting. Her var det tull i frå ende til annan. Intonasjon, toneart – who cares.

Eg unner 90 år gamle Marshall Allen den slumpen pengar denne turneen gjev han. Pensjonspoenga han har bygd opp under Sun Ra-tida er vel ikkje til å bli feit av, men det er patetisk å sjå og høyra ein med så lite kontroll på instrument og direksjon. Kva sjølvinnsikt som finst der i garden kan ein undrast over. Kanskje tenkjer han kynisk som Mothers of Invention – «We’re Only in It for The Money» (sjølv om dei først og fremst hadde eit horn i sida til Beatles og «Sgt. Pepper’s…») I møte med eit slikt fenomen som Sun Ra Centennial Dream Arkestra kan ein kosa seg over den feite, ufrivillige humoren eller ein kan gremma seg over at sitronen (som eigentleg aldri var særleg saftig) skal tynast til siste dråpe.

Tekst: Lars Mossefinn