Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Under Milk Wood – 50 år etter

LONDON JAZZ FESTIVAL, 19. NOVEMBER 2015: Stan Traceys legendariske innspeling frå 1965 har blitt framført fleire gonger i jubileumsåret, og ei veke ut i London Jazz Festival var det duka for nok ei framføring lokalisert til den flotte og intime salen i kulturhuset Artsdepot i bydelen Finchley.

Saksofonisten frå originalinnspelinga Bobby Wellins skulle ha vore med i bandet, men han måtte melda sjukdomsforfall i siste augneblink. Ein kjenning i Stan Tracey-samanheng, Art Themen, steppa inn på kort varsel. Elles hadde Steve Melling teke salige Tracey sin plass bak tangentane, Andrew Clyndert trakterte bassen, og på trommer spelte sonen, Clark Tracey. Han spelte mykje med faren i seinare år, og legg ned eit stort arbeid med å føra arven etter faren vidare. Mellom anna er ein biografi om Stan Tracey like om hjørnet. Barnebarnet til Stan Tracey las teksten, men det var først etter pausen.

Det byrja som ein kvartettavdeling der dei framførte Monks «Jackie-ing», Hendersons «Recorda Me», Coltranes «Lonnie’s Lament», Traceys «Afro Charlie Meets The White Rabbit» og ein vakker ballade av pianisten i bandet «Trace Elements». Alle fekk rom til å markera seg, og spesielt bassisten gjorde inntrykk ein serie klårtenkte idear i ein robust Holland-inspirert stil.

Det var likevel «Under Milk Wood» ein var komen for å høyra. Teksten, eit drama for radio, var skriven ferdig i 1953 og var ei tinging frå BBC. Dylan Thomas gjorde ferdig teksten i New York berre minuttar før skodespelarane skulle gå på scenen, og soga vil ha det til at Thomas ville flikka på teksten, men han døydde seinare på hausten. BCC hadde premiere på stykket året etter.

Stan Tracey hadde lytta til ei plate med teksten som kona hadde fått i hus. Teksten greip Tracey slik at han byrja å skriva musikk inspirert av stykket. I alt åtte komposisjonar blei det. Den opprinnelege innspelinga frå 1965 inneheld ikkje tekst. Teksten blei inkludert i ei nyutgjeving frå 1978.

På baksideteksten til førsteutgjevinga står det at dette er programmusikk. 50 år etter kan ein tillate seg å setja eit spørreteikn ved eit slikt utsagn, men musikken er framleis fascinerande og toler framføring til evig tid. Ein stor del av æra for at framføringa blei så bra må tilfalla resitatør Ben Tracey. Med ei tørr, ljos og lett nasal stemme framfører han teksten så liketil med krystallklar diksjon og med ei indre neddempa spenning der det er påkravd. Tempoauken i den elles monotone resiteringa skapar ein enorm effekt.

I byrjinga ligg musikken under resitasjonen utan å gå i vegen for teksten. Dette gjentek seg i avslutninga, og sirkelen er slutta. Elles kjem tekst og musikk i fråskilde bolkar. Berre i små sekvensar har ensemblet gått utanom ‘manus’ og lar musikken interagera med teksten. Slik blir musikken eit rom for kontemplasjon over teksten samstundes som han er med å fargeleggja inntrykket. Det blei ein tour de force i tekst og musikk som sit i dagen etter då desse linjene blir skrivne. Dette var stor stas.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Art Themen, saksofonar, Steve Melling, piano, Andrew Clyndert, bass, Clark Tracey, trommer og Ben Tracey, resitasjon.

Skriv et svar