Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Vossastubbar + jazz = sant!

OSASALEN, VOSSA JAZZ, DAG 3, SØNDAG 9. APRIL 2017: Å laga ein tingingskonsert med utgangspunkt i Per Sivle sine Vossastubbar er krevande på meir enn eitt vis. Korleis skal ein bruka desse korte humoristiske forteljingane i ein musikalsk samanheng? Korleis formidla den arkaiske varianten av vossamålet i ein konsertsituasjon? Significant Time løyste den første utfordringa fint. Den andre utfordringa viste seg verre å handtera.

Dei introduserte Kolbein Hausa som heimelsperson for og i fleire tilfelle hovudperson i desse forteljingane til akkompagnement av ei reggae der pianist Øyvind Dale fyrte av ein av mange særprega kor og gjekk over til «Slumpelukko» etter ein lang forklaring frå vokalisten Signe Irene Stangborli Time på kva tilner (skjæker) er for noko. Ikkje heilt naudsynt ettersom Hausa i «Slumpelukko» skal til skogs for å finna seg meiar til høysleden, men sant å seia gjorde det ingenting, for makan til sjarmerande utgreingar har ikkje blitt servert på Vossa Jazz sidan John Pål Inderberg sist gjesta festivalen. Stykket blei avrunda av eit flott scat-parti og ein ditto bassolo med boge. Bassist Fredrik Luhr Dietrichson imponerte gjennom heile konserten både stødig, økonomisk og oppfinnsamt basspel.

Pianist Dale har ført i pennen det meste av musikken. Det avteikna seg etterkvart eit mønster. Små utdrag av sogene blei brukt, eller berre ein setning eller ein frase. «No ska du høyra» var utgangspunktet for ein vakker ballade. Etterpå tok det heilt av med «Tobakkssvolt». Time skulle framføra byrjinga på stubben samstundes som skulle syna korleis eit menneske med verkeleg tobakkssvolt hadde det. «Jordbruk» hadde fått ei upretensiøs, leiken form der Time synte at ho er ein langt betre vokalist enn agronom, og Dale leverte nok eit minneverdig kor.

Etterpå introduserte akkordionist Ida Løvli Hidle neste sekvens. «Kvepsabølet» var eit ganske fritt parti som gjekk over i repetisjonar av «Nei, seie du da», sa eg. «Ja, da sa dei», sa ho. I bluesen «Lumhunden» illuderte Løvli Hidle den illsinte lomhunden, og me fekk servert kor av både av Dale, gitarist Marius Klovning og trommeslagar Raymond Lavik. Konserten blei avslutta med «Vetle-Raurn». Den skakke rytmikken gav eit fint indre bilete av Raurn og kjerra som hang på kvar side av Lundagrindi.

Ståande applaus blei det, og sjølvsagt hadde bandet ekstranummeret på lur. «Den fyrste song» hadde fått ny tone, og sjølv denne tonen aldri vil konkurrera med Søraas d.e. sin eviggrøne melodi, fungerte ekstranummeret fint. Ein flott konsert med eit materiale som toler gjenhøyr!

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Vossa Jazz

Skriv et svar