Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Innlegg

Nils Økland skriv det 35. Tingingsverket til Vossa Jazz!

I dag opnar Vossa Jazz sin jolakalendar med programslepp til neste års festival. Fyrste luke er som alltid neste års Tingingsverk til Vossa Jazz, dette er den høgast hengande bestillinga ein kan få innan norsk jazz og det vert det 35. Tingingsverket me skal presentera.

Neste års komponist er Nils Økland, han jobbar med verket «Glødetrådar».

Nils Økland er ein nyskapande musikar som ikkje er redd for å prøva nye sjangrar. Han er ein meister på ulike feler og er stadig på jakt etter nye musikalske vegar og samarbeid. Økland omtalar musikken sin som ein hybrid mellom poesien i folkemusikken og energien i punk. Til urframføringa på Voss 19. mars 2016 tek han med seg bandet sitt, Nils Økland Band, og vil i tillegg utvida med tre nye stemmer. Sjå vedlagt pressemelding for meir info.

– Eg gler meg stort til å laga Tingingsverket til Vossa Jazz. Eg har mange gode musikalske minner frå festivalen! Blant dei aller største opplevingane er konserten med Don Cherry og band i 1993 og urframføringa av Sagn med Arild Andersen i 1990. I denne perioden budde eg på Voss og jobba som musikkleiar ved Ole Bull Akademiet, seier Nils Økland til Vossa Jazz.

I over 30 år har den kvalitetsbevisste felemeisteren sprengt sjangergrenser med sikker bogeføring. Nils Økland har skapt ein eigen folkemusikk som er bevegeleg, mangfaldig og innovativ ved å trekkje inn element av klassisk, samtids-, jazz, verds- og improvisasjonsmusikk. Sjølv meiner han at han lagar musikk som kombinerer poesien i folkemusikken med energien i punken – det seier mykje om spennvidda i det musikalske uttrykket hans. Økland er ein av dei få som verkeleg meistrar det krevjande kunststykket å balansera varierte moderne impulsar med respekt for den tradisjonsrike folkemusikksjangeren.

– Nils Økland er ein utruleg spanande musikar. Han er kompromisslaus i sin søken etter nye musikalske måtar å uttrykkje seg på, og han finn musikarar som deler hans nysgjerrigheit på tvers av sjangrar og uttrykk. Vossa Jazz er glad for å kunne bidra til at slike samarbeid finn stad. Kjølvatn-plata viste at Nils Økland har nådd nye musikalske høgder, og med Tingingsverket Glødetrådar trur me han kan ta det heile endå nokre hakk vidare, seier Vossa Jazz-leiar Trude Storheim.

Til Tingingsverket tek han med seg ein utvida versjon av det fantastiske bandet som spelte inn plata Kjølvatn på ECM i 2015. Tingingsverket tek steget vidare og Økland vil blant anna gje meir solistisk plass til enkeltutøvarane.

– Voss har eit veldig spennande musikalsk miljø. Blanding av den sterke folkemusikktradisjonen og fine musikarar frå andre stilretningar gjer at det her kan oppstå nye og uventa tonar. I tillegg til mange andre impulsar frå andre stader, vil nok dette danna eit bakteppe når eg jobbar med Glødetrådar, røper Nils Økland.

Musikarar:

Nils Økland – feler
Mats Eilertsen – bass
Sigbjørn Apeland – trøorgel
Rolf-Erik Nystrøm – saksofon
Håkon Mørch Stene – trommer
Per Steinar Lie – el-gitar
Ørjan Haaland – trommer
Åsne Valland Nordli – vokal

www.nilsokland.no
www.vossajazz.no

Skriv et svar