Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

ANOUAR BRAHEM

«Blue Maqams»
ECM 2580

Ein av dei platene eg har spelt oftast i dei seinare åra, er «The Astounding Eyes of Rita» med nettopp Anouar Brahem. At det har gått over åtte år sidan denne plata kom, verkar smått utruleg. Med besetninga oud, bassklarinett, bass og darbouka/bendir og med oud sentralt i lydbilete heile vegen er dette ei plate som skil seg markant frå «Blue Maqams». Det måtte eit par gjennomspelingar til før eg hadde gjort meg fortruleg med eit heilt anna lydbilete og ein heilt annan estetisk dimensjon, men «Blue Maqams» har opna seg.

Sjølv om alle låtane er komponert av Brahem og ouden i stor grad pregar sounden, er dette i første rekkje ei kvartettplate, men det må også leggjast til at Django Bates tilfører meir enn sin fjerdedel. Nettopp Bates speglar og fargelegg dei eteriske og melodiske temaa til Brahem – tema som gjerne blir introdusert på oud – på ein aldeles framifrå måte. Bates gjev musikken til Brahem ein heilt ny dimensjon. Valet av Bates som pianist kom etter at Manfred Eicher hadde gjeve Brahem eit eksemplar av Bates debut på ECM «The Study of Touch». Heldigvis fall Brahem for det han høyrde.

Å plukka bassist var enkelt, seier Brahem på omslaget. Klassikaren «Thimar» (med Dave Holland og John Surman) kom i 1997. Det var berre rett og rimeleg å ta oppatt samarbeidet med Holland 20 år etter. DeJohnette har ikkje spelt med Brahem før, men til alt hell er trommeslagaren fan av den tunisiske oud-spelaren og sa med ein gong ja til å vera med på prosjektet.

Sju av dei ni låtane er komponerte dei seinaste seks åra, men «Bahia» («Madar») og «Bom Dia Rio» blei laga tidleg på 90-talet. Dei to sistnemnde er i tillegg til avslutningsnummeret «Unexpected Outcome» strålande døme på kva dette bass/tromme-tandemet kan tilføra eit uttrykk med sparsame verkemiddel.

Sjølv om dette er ei strålande plate, trur eg denne kvartetten har meir å gå på. Etter det eg forstår skal dei gjera nokre jobbar i april i år. Her er det berre å følgja med. Til så lenge toler «Blue Maqams» mange rundar på CD-spelaren.

Lars Mossefinn
Anouar Brahem (oud), Django Bates (p), Dave Holland (b) og Jack DeJohnette (dr)

Skriv et svar