Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

JOHN ABERCROMBIE QUARTET

«Up and Coming»
ECM 2528

Samstundes medan eg har lytta til «Up and Coming» har eg lest meg opp på ein av mine gitarheltar gjennom alle tider, John Abercrombie. Det heng sjølvsagt saman med at han debuterte på ECM med «Timeless» berre få år etter at underteikna blei fullstendig hekta på jazzen. Det er likevel ikkje tilfeldig at assosiasjonane og tankane går attende til ECM-debuten. Abercrombie har ein signatur som hadde festa seg allereie på tidleg 70-tal. Abercrombies gitarstil er eit resultat av tiår med raffinement.

Samspelet byggjer på langvarige musikalske relasjonar. Ikkje så å forstå at dette har vore ei fast eining like lenge. Desse fire mønstra på same laget i samband med Abercrombies «39 Steps» (ECM) i 2013. Dei tek for seg sju originalar, fem signert Abercrombie og to Copland, og sjølve rosina i pølsa, Miles Davis sin «Nardis». Tolkinga er slik at ho må vera meint som ei hylling til Bill Evans. Heilt utsøkt!

Copland og Abercrombie er ulike som komponistar, og det profitterer plata på. Det musikalske uttrykket til kvartetten er prega av ettertenksam musisering. Her blir det lytta minst like mykje som det blir spelt. Det ligg ein haustgul patina over musikken, men han er heile tida inviterande. Sansen min for Abercrombie er ikkje blitt mindre med «Up and Coming».

Lars Mossefinn
John Abercrombie (g), Marc Copland (p), Drew Gress (b) og Joey Baron (dr)

Skriv et svar