Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

JORMIN / WILLEMARK / NAKAGAWA

«Trees of Light»
ECM 2406

Anders Jormin har sett saman ein trio med ein heilt særprega sound. Willemarks indarlege stemme, den sprø klangen frå Nakagawas 25-strengs koto og Jormins obelisk av ein basslyd skapar ein ensembleklang som utmerkjer seg. Utmerkjer seg gjer også ein del av tekstane som er på älvdalsk, eit språk som blir tala av nokre tusen i den sørlege delen av Älvdal kommune i Dalarna. Tekstane har eit biletspråk prega av naturmystikk eller naturreligion og tonespråket matchar med ein folkemusikalsk slektskap, men trioen har jazzens utprøvingstrong med seg heile vegen.

Trioen har kvar for seg eller i ulike konstellasjonar komponert dei tolv låtane, og i fellesskap har dei arrangert det heile. Det er med ein sterk respekt for teksten dei har komponert og arrangert. Arrangementa reflekterer også ein sterkt utvikla sans for dynamikk. «Jag Står Kvar» er eit glitrande døme på både tekst- og dynamikkfokus.

Den fonetiske rikdommen i älvdalsk gjev ein dimensjon til klangpaletten som gjev uttrykket eit mystisk og tidlaust preg. Dette kjem særleg godt fram i «Ogadh dett» («Augo dine») og tittellåten «Lyöstraini» («Ljostrea»). Musikken har mykje pusterom og dei tre går aldri i vegen for kvarandre. Plata inneheld fantastiske individuelle bidrag, men først og fremst er dette ein lagsiger.

Lars Mossefinn

Lena Willemark (v, vio og br), Karin Nakagawa (koto), Anders Jormin (b)

Skriv et svar