Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

SAVINA YANNATOU/ PRIMAVERA EN SALONICO

«Songs of Thessaloniki»
ECM 2398

På den fjerde ECM-plata si tek Yannatou for seg den multikulturelle songskatten som har levd i mange hundre år i den greske byen Thessaloniki. Med seg har ho bandet ho har jobba saman med i over 20 år, «Primavera en Salonico».

Thessaloniki, Salonika eller Solun (kjært barn har mange namn) har i mange hundreår vore eit møtepunkt mellom aust og vest. Byen har vore ein kulturell smeltedigel der ulike etniske grupper og religionar kunne sameksistera, rett nok ikkje utan at turbulensen i nærområda også sette sitt preg på Thessaloniki. Yannatou har samla songar frå ei mengd av desse kulturane. Jamvel ei irsk vise kalla «Salonika» er inkludert. Ein finn greske, tyrkiske, bulgarske, armenske og makedonske hymner og songar. På siste halvdel av 1800-talet og fram til krampetrekningane til det ottomanske riket/ utbrotet av første verdskrigen prega det sefardiske jødiske samfunnet byen gjennom ei sterk økonomisk oppblomstring. Tre sefardiske tradisjonelle songar er inkludert. Diverre har ikkje plateselskapet trykt tekstane i heftet som ligg ved. Artikkelen om songane og byen er framifrå, men tekstane manglar. Det er eit sakn.

Musikalsk er plata sjølvsagt prega av at mesteparten av materialet er tradisjonsmusikk. Bandet har eit instrumentarium som yter dei ulike tradisjonane rettferd, men inn i mellom finn ein introar og mellomspel som vitnar om at både Yannatou og Primavera en Salonico også syslar med samtidsmusikk. Yannatou syng med sterk innleving, nyanserike modulasjonar og ei røyst med kledeleg patina som det høver seg musikken. Meditativt og magisk på sitt beste.

Lars Mossefinn

Savina Yannatou (v), Kostas Vomvolos (kanun, acc), Yannis Alexandris (oud, g), Kyriakos Gouventas (vio), Harris Lambrakis (ney), Michalis Siganidis (b), Kostas Theodorou (perc)

Skriv et svar