Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Innlegg

Vossa Jazz-prisen til HP Gundersen

Vossa Jazz-prisen er gjeven av Hordaland fylkeskommune. Prisen er på 50 000 kr.,og i tillegg eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat laga av Tatiana Stadnichenko.

Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren. Vossa Jazz-prisen har gjennom åra vorte gjeven til mange gode musikarar frå fylket, og lista over tidlegare prisvinnarar utgjer ein stor del av dei viktigaste utøvarane i landsdelen.

Juryen gler seg over å sjå at musikkmiljøet vårt gjer seg gjeldande både nasjonalt og internasjonalt. Årets prisvinnar er ikkje ein rein jazzmusikar, men juryen har etter gode diskusjonar kome fram til at prisvinnaren er særs verdig. Han har ei lang karriere bak seg og har eit engasjement for musikk som går over dei fleste. Han er sjangeroverskridande og har jobba med eit utal prosjekt både som musikar og produsent.

Eitt av kjenneteikna til årets vinnar er at han beveger seg i og mellom dei fleste sjangrar heilt fordomsfritt, han er open og på den måten med på å utvida og utfordra grensene i musikken. Sjølv om han har halde på lenge er han stadig på leit og søken etter musikkens naturlover. Eller den kosmiske krafta i musikken. Han er ein musikkfantast av rang og kan laga nye ting av gamalt på ein måte du ikkje har høyrt det før. For å nemna eit lite utval av band og artistar han har spelt i og jobba med: Helen Eriksen, John Irabagon, Ole Paus, Real Ones, De Lillos og i kveld kan du høyra han med The Last Hurra(!) med Maesa Pullman i Pentagon. Den 30. Vossa Jazz-prisen går til: Hans Petter «HP» Gundersen Gundersen vart bokstaveleg talt teke på senga – han hadde visstnok nett vakna frå ein kvil på hotellrommet, og ikkje pønska ut noko takketale i søvne. Det vart uansett klart at han vart inspirert og svært takksam for prisen.

Skriv et svar