Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Fantastisk festival i Astrups rike

JAZZ PÅ JØLST,  12.-15. OKTOBER 2023: Om intimitet var einaste målestaven på kvaliteten på jazzfestivalar, ville Jazz på Jølst vore den beste jazzfestivalen i Noreg, men også når ein tek med dei andre parametrane, hevdar festivalen seg godt.

Offisiell opning stod Ragnar Hovland for. Han kunne varta opp med ei flunkande ny skapingsforteljing i beste kreasjonistiske form, rett nok berre om jazzen, men det er uansett greitt å få det slått fast. Han meinte vidare at Jølster ikkje hadde så mykje med jazz å gjera, og her kunne han visa til omfattande forsking. Hadde hadde nemleg vore på sommarferie i traktene i heile barndomen og ikkje funne eit einaste spor av jazz. Det einaste jazzalibiet Jølster kunne klamra seg til var Roald Helgheim, ein nestor i jazzjournalistikken, og no – Jazz på Jølst!

Sinikka Langeland framførte musikken og tekstane frå siste plata si Wind And Sun (ECM) saman med Mathias Eick (trompet), Tore Brunborg (saksofon) og Mats Eilertsen (bass). Tekstane er i sin heilskap henta frå diktsamlingar av Jon Fosse. Jf. med plata mangla altså Thomas Strønen (trommer) og Brunborg hadde teke plassen til Trygve Seim. Det er alltid stas å høyra Strønen, men konseptet fungerte godt utan trommer, og Brunborg var aldeles strålande som vikar på saksofonen.

Kvartetten spelte i gjennom repertoaret frå CD-en og tok til med tittelkuttet «Vind og sol». Det som med ein gong slår ein, er kor tindrande klårt Langeland formidlar teksten. Dette har sjølvsagt også med at melodi- og verselinjene har eit nærast perfekt samanfall. Etter ein instrumental følgde dei opp med «Når hjarte er ein måne» med eit eit kort lyrisk kor av Eick. Her demonstrerte Langeland ei side ved instrumentalisten i seg. I hendene på ein så sofistikert utøvar kan kantele servera klangar og harmoniar som sjølv Sun Ra ville ha nikka anerkjennande til. I det heile er ein konsert med Langeland også ein demonstrasjon av variasjonsrikdomen og fleksibiliteten i kanteleen noko ein fekk høyrt til fulle i høgdepunktet på konserten, Langelands soloframføring av «Eit barn som finst» med Geirr Tveits tone «Velkomen med æra».

Konserten tok oss med gjennom heile repertoaret til ECM-utgjevinga Wind And Sun, og dei tre medmusikantane fekk alle høve til å koma med korte solistiske bidrag – alt saman gjort med varm omtanke for heilskapen. Det må vera lova å gje spesiell honnør til vikaren i bandet, Tore Brunborg. Han spelar så vakkert og med slik autoritet enten det er med Uttrågata blueslag eller Sinikka Langeland. Sjølvsagt blei det ekstranummer, og då gav dei til beste klassikaren «Ulverune» frå Langelands skogfinske repertoar.

Trøen/Arnesen kvartett (hovedbilete) er på få år blitt eit omgrep i Vestlandsjazzen og ein hit over heile landet. Platedebuten deira Thread Lightly frå 2021 og tingingsverket New Paintings of Jazz av Trøen og framført av kvartetten (Elisabeth Lid Trøen (tenorsaksofon og fløyte), piano), Dag Arnesen (piano), Ole Marius Sandberg (bass) og Sigurd Steinkopf (trommer)) på Vossa Jazz året etter har blitt lagt merke til og sett pris på.

Arnesen og Trøen har arbeidd saman i fleire år, også i Bergen Big Band. Arnesen har naturlegvis hatt ein slags mentorrolle, men samarbeidet deira skuldast like mykje at dei musikalsk er for tvillingsjeler å rekna. Båe har den amerikanske 60-talsjazzen som musikalsk botnplanke, båe har sansen for folkemusikk og lar gjerne impulsar der i frå koma til syne i komposisjonane sine. Dei har båe sansen for humor i musikken og dette kan gje seg utslag i pussige intervallkombinasjonar, rytmiske krumspring og uventa harmoniske løysingar.

Konserten på Hotell Jølster seint fredag kveld var prega av ein kvartett som hadde vore ute på turné og spelt repertoaret ei handfull gonger. Det heile stemte fortreffeleg. På fjerde låten «Søndagstur», innleidd med eit bassostinat, får ein eit godt døme det trøenske og arnesenske musikalske universet, eit sært tema med ein folkemusikalsk overtone, eit strålande, funky kor av Trøen og ein Arnesen som både la inn referansar til Zawinuls «Birdland» og Ove Thues «Vi e de beste!» (Heia Brann!).

På programmet stod låtane i det suiteliknande tingingsverket til Trøen der høgdepunktet var den tredelte suiten i suiten med arbeidstittelen Dag Arnesen-suite (?) der delen «Elva» avslutta ein skikkeleg musikalsk tour de force. Nemnast må også det stødige, men likevel så leikne og dansande basspelet til Sandberg og utruleg variert trommespel av Steinkopf.

Elisabeth Vannebo (vokal og tuba), Wenche Gausdal (vokal) og Ugo Santangelo (gitar og vokal) «God aften, er reveenka inne?». Jazz på Jølst har også noko for dei minste, men det er første gong eg er på ein barnekonsert med gjennomsnittsalder på over 40! Framsyninga er ei enkel dramatisering av eventyret om reveenka frå samlingane til Asbjørnsen og Moe ispedd nokre kjende barnesongar som m.a. «Bjørnen søv» og «Mikkel rev». Framsyninga byrja med at Vannebo og Gausdal gestalta dei to eventyrsamlarane i ein slags minstrel før motivet utfalda seg og den eine friaren etter den andre kom på scenen. Vannebo var friarane, Gausdal tenaren Korse og Santangelo den fåmælte reveenka. Den yngre delen av publikum let seg særleg begeistra av ei handdokke av ein bjørn og bjørnebrumminga til Vannebo på tuba.

Dei raske skiftinga av rollefigurar kan gjera at det går i ball for sjølv den mest drivne, og det verka som Gausdal litt for kjapt overtok rollen som reveenke og slutten blei kanskje meir forvirrande enn lukkeleg. Litt allsong på slutten fekk attende godstemninga og alle gjekk glade ut i det fuktige Jølstravêret.

Manas filharmoniske jazzband er ein kvintett sett saman av elevar frå Frida vidaregåande skule. Eirin Berdal (vokal og saksofonar), Eline Totland (gitar og vokal), Mana Sørgård (tangentinstrument), Jarand Skjerven Oksnes (bass) og Iver Sollid (trommer) spelte ein konsert med ti coverlåtar der dei innleidde med Cory Wongs «Golden»  – som også blei ekstranummer. Her fekk kvintetten selskap av Eirin Søfringsdal (trompet).

Det blei ein fin konsert der dei demonstrerte flott samspel og sans for eigenarten til låtane. Det improviserte representerer den største utfordringa, men framføringa var prega av scenesjarm og utstråling. Så bør ein kanskje leggja til at Iver Sollid allereie no er ein særs dugande trommeslagar med ein teknikk og ein oversikt som ikkje mange har i den alderen.

Edvard og Ine Hoem, far og dotter, har turnert med dette programmet land og strand med Andreas Ulvo (tangentinstrument), David Aleksander Sjølie (gitar), Rune Nergaard (bass) og Erik Nylander (trommer). Bandet fungerer først og fremst som komp, ein rolle dei skjøttar på eksemplarisk vis. Programmet er sett saman av ein del utvalde dikt av Edvard som Ine har sett tone til, ein del der Ine har skrive både tekst og melodi og ein del der Edvard les eigne dikt og prosa. Det fungerer heilt strålande. Det er på sin plass å korrigera litt. Opningssalmen «No stig vår song» har ein genial melodi skrive av Håkon Berge, men derfrå var det Ine sine låtar.

Det meste av materialet er å finna på platene Hundre dager (2020) og Alt vi har kjært (2021). Dei fire første låtane kom i same rekkefølgje som på sistnemnde plate. Edvard las to dikt der det lange «Ute, langt der ute» avrunda denne sekvensen.

Bolken med tekst og musikk av Ine blei innleidd med den nyskrivne «Mamma» etterfølgt av den oppstemte «Blinkende Bergen» ei ironifri hylling til hovudstaden på Vestlandet. Mellom «Å være tre er nok» og «Hva hadde skjedd da» kom den store overraskinga «Komlemåltid i Kalvøysund», ein hysterisk morosam prosatekst om nasjonalretten komle, kompe, ball, raspeball eller raspekaker. Kjært barn har mange namn. Her hadde Edvard eit like lettbeint forhold til sanninga som Per Sivles alter ego Kolbein Hauso i vossastubben «Slumpelukko» samstundes som han gav «vordende vestkantfruer» over heile landet solide spark bak. Om stemninga til då hadde vore litt alvorstung, letta teksten betrakteleg på stemninga.

Siste sekvens opna med «Den fattige Gud». Ein kjenslevar bassintro slo an tonen, og med pianokoret til Ulvo tok det skikkeleg av. Etter ein impromtu politisk appell av Edvard kom høgdepunktet på konserten «Mor og far i snødrivene», eit blåfrose bilete av dårleg samvit, der teksten både blir resitert og sunge. Her fungerte samarbeidet mellom far og dotter optimalt. Konserten blei avslutta på forsonande vis med «Eg saknar ikkje lenger det som var».

Brazz Bros: Kåre Nymark (trompet), Jan Magne Førde (trompet og flygelhorn), Helge Førde (trombone), Runar Tafjord (horn), Stein Erik Tafjord (tuba) og Kenneth Ekornes (trommer og perkusjon), leverte ei euforisk avslutning på festivalen. Dei spelte så avgjort på heimebane. Ved sida av meg sat ei dame som hadde vore på korpsseminar med bandet for meir enn 30 år sidan.

Dei byrja med «Mo Better Blues», og etter ein Jan Magne Førde-komposisjon var det tid for Michael Jacksons «I Want You Back» og evig unge «You Are My Sunshine». Den danske favoritten «Åkerneset» og «Valdersmarsjen», ein stemning frå ein tanzaniansk fiskarlandsby og eit stykke (ikkje spesielt eigna til allsong) for seks antilopehorn. Dette var Brazz Bros slik eg minnest dei heilt i frå byrjinga. Strøkne arrangement perfekt gjennomført og ein laus og ledig stemning på scenen, men det skulle bli ein annan dans. Med Abdullah Ibrahims «Homecoming Song» blei trommeslagaren i Muppet Show sleppt laus. Frå då og resten av konserten eigde Kenneth Ekornes scenen og salen! Det vil føra for langt å gå i detaljar om alle dei instrument og verkemiddel Ekornes nytta, men det var eit velregissert fyrverkeri med loopar som la seg lag på lag. Det tok heilt av, men Ekornes hadde stålkontroll! Det måtte bli ekstranummer, og her gjekk Helge Førde Cab Calloway i næringa med ei eksaltert tolking av «St. James Infirmary Blues».

Det er ikkje dumt å vera på Skei i Jølster ei helg midt i oktober, om nokon lurer på det.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Halvar Helgheim


Sinikka Langeland


Manas filharmoniske jazzband


Ine og Edvard Hoem


Brass Bros