Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Vemodig og vakker duo

OSASCENA, TRE BRØR, VOSS, TYSDAG 28. NOVEMBER 2023: I august i år kom duoen Annlaug Børsheim (hardingfeler, gitar og vokal) og Rannveig Djønne (toradar) med oppfølgjaren til Toras dans (2012). Plata har fått tittelen Skyer av perlemor og var basis for konserten i kjellaren på Tre brør. Som eit apropos til temperaturen på Vangen denne kvelden byrja dei med «Den kitlande kaldklare natta». Storparten av tekstane var henta frå Ruth Lillegravens diktsamlingar Urd, Sigd og musikalen Husmann. Lillegraven følgde vake med frå rad fire at alt gjekk rett for seg.

Dei følgde som perler på ei snor, «Mor mi», «Husmann», «Bia litt», «Alle dreg», «Opp av jorda», «Ragg-Ola», «Desse fuglane» og «Gjennom ask, hatl og svartor». Sistnemnde ei soge om ei vellukka, men ikkje spesielt hemmeleg friarferd med innlagd allsong av omkvedet. Eg trur Osascenen må vera ein av dei stadane allsong fungerer best.

Det er eit gjennomgåande vemod i låtane, og arrangementa byggjer ofte på ostinat på fela spelt med fingrane. Toradaren kjem ofte smygande inn med eit harmonisk underlag. Oppå dette legg Børsheim seg og Djønne melder seg etterkvart på. Harmoniane er enkle og effektive.

Dei to siste låtane var ein slags Hauge-medley med «Janglestrå» og «Skaldebøn» (?), m.a.o. frå seint og tidleg i Hauges forfattarskap. Første delen var nærast for ein marsj å rekna, og Børsheim gjekk over til del to med ein vakker feleovergang, og sjølvsagt blei det ekstranummer. Då henta dei fram «Desember» av Per Olav Kaldestad frå den elleve år gamle debutplata.

Etter konserten køyrde eg fotografen heim att. «Vakker konsert. Stemmene deres passer så utrolig godt saman», var fotografens oppsummering. Det er litt av ei slumpelukke – to musikalske damer, den eine frå Ulvik og den andre frå Djønno, og så passar stemmene deira så fantastisk godt saman!

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie