Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Duracellkaninen Antonello Salis

BERGAMO JAZZ FESTIVAL, ITALIA, SUNDAG, 20. MARS 2022: Å byrja konsertar kl. 11.00 er ikkje spesielt tidleg verken for eit Molde eller Vossa Jazz-publikum. Heller ikkje publikum i Bergamo hadde hatt synlege problem med å finna fram til Sala alla Porta Sant’Agostino i god tid. For frijazzens svar på The Blues Brothers, Gabriele Mitelli og Rob Mazurek, verka det å vera vel tidleg. Dei første ti minuttane av konserten gjekk med til freistnader ein og ein. Det var grunn til uro. Uroa skulle syna seg heilt ugrunna. Duoen spelte seg saman og veksla mellom trompet- og mutetypar, altsaks, elektronikk, perkusjon og vokal. Sære lyriske parti, støysekvensar og lydkollasjar som gjerne kan beskrivast som musikalsk dadaisme, avløyste kvarandre og blei til ein tankevekkjande heilskap.

Trio Correnteza som er sett saman av italienske Cristina Renzetti, vokal, italienske Gabiele Mirabassi, klarinett og honduranske Roberto Taufic, gitar og vokal. Trioen har fått namn etter ein komposisjon av Antonio Carlos Jobim og hentar repertoaret frå Jobim, Milton Nascimento og andre brasilianske komponistar. Det var ein inspirert trio som forførte ein fullsett Sala Piatti. Tekstformidlinga til Renzetti er eksemplarisk. Ho er ein smule teatralsk, men rytmisk fleksibel og svært så tiltades på scenen. Mirabassi kjem inn med korte kommentarar eller lengre kor i eitt sett. Taufic har rollen som rytmisk og harmonisk fundament og har ein og anna gjesterolle som vokalist. Publikum visste kva dei kom for og fekk som forventa.

Eg trur eg har høyrt Antonello Salis (hovedbilete) på alle italienske jazzfestivalane eg har vore på. Det kjennest i alle fall slik, og det har aldri vore meg i mot å høyra denne magikaren frå Sardinia. I 2010 slo Salis seg saman med to andre frå øya, Paolo Angeli, modifisert sardinsk gitar og Gavino Murgia, saksofonar og den svært så tilpassingsdyktige verdsborgaren og trommeslagaren Hamid Drake og laga plata «Giornale di bordo» (Loggbok) på det sardinske platemerket S’ard Music. Det er vel verd å skaffa seg denne plata der ein kan høyra ein utruleg oppstemt versjon av Lennons «Dear Prudence». Denne fekk me ein like oppstemt versjon av på konserten i tillegg til det meste av stoffet på plata. Det blei ei oppvising av improvisasjon og musikalske innfall trygt ramma inn av ein vennleg, men bestemt Hamid Drake. Sardisk overtonesong, frijazz og Salis svinsande som ein bordercollie mellom trekkspel, synth og piano.

Det skulle falla meir på plass seinare på kvelden i ærverdige Teatro Donizetti. Vokaltalentet Michael Mayo er lovprist av Herbie Hancock og har lært seg alle triksa i boka. Han fiksar oktavspranga som ein Bobby McFerrin og fraserer som ein Stevie Wonder og drog «Giant Steps» opp or hatten som ekstranummer. Bandet, Andrew Freedman, tangentar, Nick Campell, bass og Robin Baytas, trommer viste seg alle å vera glimrande musikarar, men det hjelper lite når det frå kvar ei tekstlinje blinkar – klisjé, klisjé! Komposisjonane er også prega av manien i moderne R&B om gjentaking. Vokalteknikken er prega av overdosering av vibrato som om strupehovudet lever sitt eige liv. Heldigvis varte konserten i underkant av ein time.

Det blei show og publikumsfrieri opp og i mente då pianisten Gonzalo Rubalcaba og vokalisten Aymée Nuviola kom på scenen ein halv time seinare, men dette er cubansk populærmusikk spelt med ei kraft og eleganse som får garden ned på sjølv den mest innbarka gretne gubbe. Frå ein rask og fyrig «Para mayarí» var det gassen i botn. Dei hadde med seg eit sterkt band der spesielt rytmeseksjonen Cristobal Verdecia, bass, Hilario Bell, trommer, «Majito» Aguillera, perkusjon og koristen Lourdes Nuviola imponerte. Eit verdig punktum på ein festival mest utan musikalske kvileskjer.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Foto Luciano Rossetti © Phocus Agency


Rob Mazurek og Gabriele Mitelli Star Splitter Duo


Michael Mayo, Andrew Freedman, Nick Campell og Robin Baytas


Gonzalo Rubalcaba, Aymée Nuviola, Maria De Vito

Skriv et svar