Innlegg

Ingebrigt Håker Flaten lager Tingingsverket 2020

Ingebrigt Håker Flaten Octet «EXIT KNARR»

Ingebrigt Håker Flaten (Austin) – komponist, bass https://ingebrigtflaten.com/
Josh Johnson (Los Angeles)  – altsaksofon, tangentar www.joshjohnsonmusic.com
Jacob Wick (Mexico City/Chicago)  – trompet www.jacobwick.info
Atle Nymo  (Oslo)  – tenorsaksofon, bassklarinett www.atlenymo.com
Oddrun Lilja (Oslo)  – gitar, vokal www.lilja.world
Kaja Draksler (København/Slovenija) – piano www.kajadraksler.com
Veslemøy Narvesen (Oslo) – trommer
Frank Rosaly (Amsterdam/Chicago) – trommer, elektronikk https://frankrosaly.com

Tingingsverket til Vossa Jazz er den høgsthengande bestillinga ein norsk jazzmusikar kan få, og laurdag 4. april 2020 skal det 39. verket til Vossa Jazz leverast av komponist og bassist Ingebrigt Håker Flaten!

Ingebrigt Håker Flaten har sidan midten av 90-talet vore ein av dei mest sentrale musikarane på den norske jazzscena. Han har samarbeida med ei lang rekkje norske og utanlandske musikarar, og har gjennom si opne tilnærming til musikken vist stor kunstnarisk breidde i ei rekkje ulike band. Ingebrigt Håker Flaten har vore særdeles delaktig i å definera den «nye» norske jazzen, og han er ei naturleg musikalsk drivkraft i kvar ein konstellasjon. I 2019 fekk han Buddy-prisen, norsk jazz si høgste utmerking.

Til Vossa Jazz kjem han med verket EXIT KNARR, og han har for høvet sett saman ein ny oktett som omfattar eit spanande og internasjonalt ensemble med røter frå Noreg, USA og Slovenia.

EXIT kan symbolisera retning, frigjering og motstand. KNARR var namnet på skipa vikingane bygde på 1000-talet, og symbolikken i denne konteksten kan spegla tradisjon og dei mange inspirasjons-kjeldene Håker Flaten har blitt påverka av etter mange år som omreisande og arbeidande musikar med base i verdsmetropolar som Oslo, Chicago, Mexico City og Austin.

Oktetten vil jobba med ny musikk skriven av Ingebrigt, og han ynskjer med dette nye bandet å vidare få utvikla si eklektiske musikalske verd, ei verd der grensa mellom sjangrer, mellom tradisjonelt og eksperimentelt, mellom undergrunn og tilgjengeligheit lett kan få lov til å flyte over i kvarandre.

“Jeg føler meg lett vettskremt, men veldig ydmyk og beæret over denne utfordringa! Det er utrolig fett å få lov til å skrive musikk for en slik gjeng fantastiske musikere og folk jeg digger men ikke har spilt med før!! Stor takk til VossaJazz for støtten og tilliten!” seier komponist og bassist Ingebrigt Håker Flaten.