Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Innlegg

Ny leiar-trio i Vossa Jazz er klar!

Som kjent lyste Vossa Jazz ut to stillingar i administrasjonen i festivalen i mai. Dei fekk nesten 30 søkjarar til dei to stillingane og no har dette blitt til tre stillingar, ein festivalsjef og to 50% stillingar i administrasjonen som produsent/organisasjonskonsulent. Alle som driv festival veit at signeringane er noko av det viktigaste ein gjer, og det gjeld også når ein skal tilsetje den daglege leiinga for festivalen.

Styreleiar Hilde Magnusson er særs nøgd med dei tre signeringane som no er gjort:
«Den nye festivalsjefen Roger Urhaug (bilete) er som skapt for jobben, og med hans bakgrunn er eg trygg på at festivalen har fått ein svært kompetent dagleg leiar, og dei to andre nye på Vossa Jazz kontoret, Silje S. Halstensen og Kristin Glück-Teigland har bakgrunnar som vil utfylla Roger på ein framifrå måte.»

Dei tre delar sine tankar om Vossa Jazz og det å skulle væra viktige bidragsytarar til festivalen framover:

Roger Urhaug:
«Vossa Jazz er ikkje berre ein av landets flottaste og mest nyskapande jazzfestivalar over tid, han er òg ein viktig del av sjølvkjensla til ei stolt bygd med lange tradisjonar og rik kulturarv. Saman med eit imponerande tal frivillige står ein dedikert organisasjon og viktige samarbeidspartnarar bak og løfter Vossa Jazz til den internasjonalt anerkjende festivalen me alle føler me eig litt. Også eg. Som påtroppande festivalsjef er det med både iver og audmjukskap eg gler meg til å verte betre kjend med både bygda og med alle dei fantastiske drivarane som gjer Vossa Jazz til den han er – og til det å sjølv få vere med å ta ein framifrå festival inn i åra som kjem. Skoa er store, men eg skal gjere mitt beste for å fylla dei».

Urhaug har bakgrunn frå mellom anna Bergen Jazzforum og Førdefestivalen og kan vise til ein rikhaldig røynsle frå kulturlivet som både arrangør og utøvande musikar. Han kjem frå stillinga som dagleg leiar i Kalleklev Management AS som i nær ein mannsalder har formidla artistar innan jazz og folkemusikk i inn- og utland.

Silje S. Halstensen:
«Då jobben som produsent for Vossa jazz dukka opp var eg ikkje i tvil om at eg måtte søkje. Det er ein festival som eg berre har høyrt gode ting om, med spanande bookingar og mange gode historiar både på og bak scena. Eg går inn i festivalen med ein enorm mengde ærefrykt og audmjukheit og ser fram til å væra med på å skapa gode opplevingar for folk i og rundt Voss!»

Silje er kanskje best kjend under artistnamnet Bendik, men kjem også til Voss med ein makelaus samansetning røynsler som femner om festivalproduksjon til leiing av kulturorganisasjonar og vidare til relevante styreverv. Silje har arbeid i fleire festivalar med ulike ansvarsrollar blant anna på Øyafestivalen, Bergenfest, Bergen live sine arrangement på Koengen, Slottsfjell, Stavern og Vill Vill Vest.

Kristin Glück-Teigland:
«Tenk å få lov til å jobba med sjølvaste Vossa Jazz! Å flytte tilbake til Voss etter 12 år ute av bygda, føles som å komma Heim. Eit mylder av gode folk og deilig bygdekultur. Eg ser fram til kvardagen på Vangen, til festival-energi og menneskemøter gjennom kultur, natur, gode måltid og minnerike opplevingar.  Kultur er både tradisjon og innovasjon og Voss Jazz er for meg både trygt og spanande. Det er trygt med 51 års erfaring, men så er det samtidig veldig spanande med tre nye koster i administrasjonen. Kva kan me klara å virvla opp?»

Kristin er ein drivar. Gjennom sin bakgrunn frå ulike verksemder, roller og prosjekt kan ho vise til ei eineståande interesse for naturen og kulturarva vår. Anten det er snakk om mat, villmarksliv, gardsdrift eller reiseliv er det i møtet med mennesket Kristin trivst best. Kristin har vore vertskap på Fagerheim Fjellstove og driv i dag føretaket Frisk, eit matkultur-prosjekt.

(vossajazz.no)