Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Skiver du bør ha

CLOSE ERASE

«R.I.P. Complete Recordings 1995 – 2007»
PLASTIC STRIP PRESS PSPCD720
Close Erase er ute med ein samleboks på fem CDar utgjeve på Plastic Strip Press – eit plateselskap som har funne si nisje i å gå historisk til verks. Close Erase samla er relativt moderne historie. Dette vil heilt sikkert visa seg å bli eit sentral kapitel i norsk jazz når status skal gjerast opp for dei to tiåra som omkransar tusenårsskiftet.

Det gjekk vel 12 år frå musikken på første CD «Close Erase» blei spelt inn hjå Audun Kleive i Skien til siste CD som blei tatt opp av Stig Gunnar Ringen på Dokkhuset i Trondheim. I alt fire CDar gav dei ut. «Live at Dokkhuset» er ikkje gjeven ut før no.

Det er nokre år sidan eg sist hadde Close Erase i CDspelaren, men det tok knapt ei gjennomspeling for å koma på bølgelengde. Lytteopplevinga får ein ekstra dimensjon når ein får servert den samla produksjonen på eitt brett – eller ein boks. I mange tilfelle kan slike komplette samlingar bli ein prøvelse å melda fordi det gjerne inneheld klare høgdepunkt og mykje langhalm. Så ikkje med Close Erase.

Faktum er at Close Erase komplett er ei samling utan longørar. Det er nærliggjande å skilja produksjonen til trioen i to. Dei to første CDane var akustiske, medan dei tre siste er elektriske, men dette blir ei overforenkling. Eg skal tilstå at «No. 2» i minnet mitt stod som ei vidareføring av den første med meir av det same. Så feil kan ein altså hugsa. Debutplata har ein Wallumrød-låt med tittel «Bley-Shift». Om plata hadde fått denne tittelen, kunne ingen ha skulda bandet for brot på marknadsføringslova. Inspirasjonen frå Paul Bley og Finnerud-trioen er klar, men Close Erase brukar inspirasjonskjeldene sine til å utvikla eit sjølvstendig og særeige uttrykk. Andreplata inneheld komposisjonar som stilistisk femner vidare og er meir umiddelbart attkjenneleg enn tilfellet var med låtane på forgjengaren.

Gode døme på dette er Flatens «Yellow Flower», Johansens «Appelsin » og Wallumrøds korte «On The Country Side of Life». Nokre av låtane til Wallumrød peikar også framover mot det han seinare skal stå fram med på ECM-etiketten. Eit aspekt ved «No. 2» var det ikkje råd å få auge/øyre på ved førstegongsutgjevinga, men i dag registrerer ein at Close Erase utforska den same pianotrioestetikken som EST blei den fremste eksponenten for.

Nye to år skulle gå før det eletriske Close Erase såg dagens ljos med «Dance This». Denne meldaren hadde sett stor pris på det akustiske «Close Erase», men blei vilt begeistra for den funky og groovande utgåva av trioen. Gode ni år seinare er begeistringa der framleis. No er låtane signert dei tre medlemmene kollektivt, og sannsynlegvis har utgangspunktet/skissene vore på ulikt bearbeidingsnivå før dei tok fatt i Reidar Skårs studio.

Plata er eit strålande eksempel på korleis ein uvikla grooven, men samstundes unngår at den blir ei tvangstrøye. Elles er plata ein fristad for den eksprimenterande Wallumrød, som serverer ein imponerande palett av lydar og klangar. Inspirasjonen frå dei tre Miles-keyboardistane Keith Jarrett, Herbie Hancock og Chick Corea er udskutabel, men igjen – til sjuande og sist så er dette Close Erase.

Med «Sport Rocks» tek trioen nye steg. Visst er det kutt her som minner om forgjengaren, men no beveger trioen seg inn eit musikalsk landskap der støyelementa er sentrale komponentar i musikken. Også på denne utgåva er det kollektivet som er kreditert som komponistar. På «Dance This» er grooven i store deler det sentrale dreiemomentet. På «Sport Rocks» er det det klanglege universet som har hovudfokus. Igjen er det å høyra desse to om ein annan, stimulerande og klargjerande.

Bonusen «Live at Dokkhuset» er i alle fall eit prov på at dei hadde ei stor oppleving dei som hadde funne vegen til Dokkhuset 7. september 2007. Overført til CD-mediumet fungerer det nesten heile vegen. Dvs. dei par første kutta er oppvarming. Slik sett blir plata eit godt eksempel på korleis mange gode jazzkonsertar artar seg – frå ein famlande start kan musikarane nå dei store høgdene, og det er nettopp det som skjer på denne plata.

Martin Revheim har skrive eit framifrå føreord.

Ein av dei viktigaste utgjevingane i 2010. Naudsynt å skaffa seg for alle som samlar på milepælar i norsk jazz.

Lars Mossefinn

Christian Wallumrød (keys), Ingebrigt Håker Flaten (b, elek), Per Oddvar Johansen, (dr, keys)

Skriv et svar