Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Innlegg

Vossa Jazz-prisen til Benedicte Maurseth

Den 31. Vossa Jazz-prisen gikk i år til ei rørt Benedicte Maurseth og vart delt ut av leiar av kulturutvalet i Hordaland, Beate Husa.

Vossa Jazz-prisen er gjeven av Hordaland fylkeskommune. Prisen er på 50 000 kr., og i tillegg eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat som er laga av festivalkunstnar Marie Storaas.

Juryen si grunngjeving:
Årets prisvinnar er ein musikar som kryssar sjangrar med stil. Det er særskilt folkemusikken som står hjarta nærast, men òg tradisjonsmusikk frå heile verda. Prisvinnaren er ein av dei dyktigaste og mest spanande hardingfelespelarane i landet, og tilbyr ei unik toneverd der ho gjerne blandar nordisk tradisjonsmusikk med austleg inspirasjon – eller kastar seg ut i spanande samarbeid gjennom fri, improvisert musikk. Eitt av kjenneteikna til årets vinnar er fokus på at musikken skal vera ekte og lyttande, og ho har òg jobba mykje i kryssinga mellom musikk og litteratur.

For å nemna eit lite utval artistar prisvinnaren har spelt med: Nils Økland, Sigbjørn Apeland, Berit Opheim, Anne Marit Jacobsen, Jon Fosse, Åsne Valland Nordli og Per Jørgensen. På Vossa Jazz i fjor kunne ein oppleva henne i fantastisk samspel med Jasser Haj Youssef. Til slutt vil me trekka fram hennar samarbeid med sjølvaste læremeisteren Knut Hamre.

Og salt-peanuts.eu stiller seg i køen av gratulanter.

Tekst:Vossa Jazz
Foto: Jan Granlie

Skriv et svar