Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Innlegg

Årets Vossa Jazz-kunstnar har plakaten klar

Christoffer Eide er årets festivalkunstnar på Vossa Jazz. Han er 28 år, og frå Larvik. Han har mastergrad i regi frå Saint Martens Drama Centre og master i kunst frå Kunst- og Designhøgskulen i Bergen. Utstillinga på Vossa Jazz vert ei forlenging av masterutstillinga No Rest For The Wicked. Her tok han for seg eit fenomen som vert kalla Defensive architecture. Omgrepet skildrar arkitektur og design i byrommet som vert utforma på ein måte som åtvarar mot visse typar åtferd og oppmodar til «korrekt» oppførsel.

– Me svært glade for at Christoffer Eide er årets Vossa Jazz-kunstnar, han er ein engasjert og spanande kunstnar som brukar kunsten som eit verkemiddel til å setje fokus på utfordringar i samfunnet, seier festivalsjef Trude Storheim.

Om utstillinga
– Mykje er innretta for å støta vekk heimlause: Benkar som ein ikkje kan ligge på og knottar, piggar og ukomfortable skulpturelle element plassert på stader det er naturleg for ein heimlaus å søka ly, er typiske eksempel. Mange skatarar er nok kjend med defensiv arkitektur: På trappar, rekkverk og kantar som passar til brettriksing finn ein ofte små element (knottar, metallskiver o.l.) som er der spesifikt for å vanskeleggjere skating, seier Christoffer Eide.

Defensiv arkitektur er svært utbreidd i det moderne bybiletet, men ofte usynleg for den jamne mannen i gata fordi den er forkledd som modernistisk, strukturalistisk eller minimalistisk design. Dette var eit av interessefelta i oppgåva og utstillinga: Modernismen som stilretning og humanistisk prosjekt vil forbedra livet til menneska ved å forenkla og rasjonalisera, men samtidig er det noko i denne utopien som verker kaldt, styrande og umenneskeleg. Her ligg det eit spanande paradoks som Eide prøver å nærma seg i kunsten sin.

– Målsetninga mi er ikkje å fordømma denne formen for arkitektur, men heller å gjera folk litt meir merksame på den. Arkitektur og design verkar underbevisst inn på brukarane – når den er laga med tanke på å styra åtferd kan ein oppleve eit ubehag som ein ikkje klarar å setja ord på. Samstundes er eg alltid opptatt av at det eg lagar skal ha ein sjølvstendig estetisk verdi, ein treng ikkje vera kunstvitar for å ha glede av utstillinga mi!, seier årets festivalkunstnar som også er årets plakatkunstnar.

Årets Vossa Jazz-plakat
Christoffer Eide har alltid vore veldig opptatt av grafisk design, mykje av favorittmusikken oppdaga han gjennom spanande plateomslag!

– Plakaten er inspirert av 60-/70-tals jazz-plateomslag og dåtidas minimalistiske, enkle og stiliserte plakatdesign. Eg tok utgangspunkt i nokre sirkelmotiv eg hadde jobba med til masterutstillinga. Då eg såg bileta i ein musikalsk konteksten merka eg at sirkelen og kvadratet lett kan tolkast som ein vinylplate og eit plateomslag – perfekt for ein jazzfestival!