Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Ava Mendoza, altså!

BERGANO JAZZ FESTIVAL, ITALIA, LAURDAG 19. MARS 2022: Om du ikkje allereie har gjort det, merk deg namnet den Brooklyn-baserte gitaristen, vokalisten og komponisten Ava Mendoza (f. 1983) (bilete). P.t. er ho jobbar ho mest med rockebandet Unnatural Ways og solokarrieren, men ho har samarbeidd med bl.a. Nels Cline, Matana Roberts, John Zorn, Jamaaladeen Tacuma, Fred Frith, William Parker og Hamid Drake.

Konserten i Accademia Carrara med biletet «Antigone condannata a morte da Creonte» av Guiseppe Diotti som dramatisk bakteppe blei ein samanhengande manifestasjon av eit kunstnarleg prosjekt som har det meste. Mendoza sameiner gitaruttrykk frå ein del avantgardistar med Steve Ray Vaughan og er ein virtuos på både gitaren og effektboksane. Også som vokalist har ho noko å fara med, men det er først og fremst gitarspelet som imponerer. Ho serverte ein instrumentalversjon av «Goodnight Irene» som p.t. står som høgdepunkt på festivalen.

Den franske fiolinisten og komponisten Regis Huby har sett saman ein kvintett som har fått mystiske namnet «Inner Hidden Land». Med seg har Huby den belgiske trompetaren Tom Arthurs, Eivind Aarset på gitar og elektronikk, franske Claude Tchamitchian på bass og elektronikk og italienske Michele Rabbia på trommer, perkusjon og elektronikk. Kvintetten spelte utan avbrot i ein god time. Musikken er dynamisk, men utan brå skifte og ekstroverte utbrot. Stemningar byggjer seg opp, og ofte er det vanskeleg å vita kven som gjer kva, men det er underordna – det kollektivt skapte lydbiletet er alt som gjeld. Innimellom står trompeten fram og peikar ut ny lei. I neste omgang er det Aarset og Rabbia som jobbar fram ein støystorm. Her stod heilskapen og kollektivet i sentrum, og etter ein time kjende ein seg riven ut av transen.

Konsertstaden Daste er ny. Ein ombygd tekstilfabrikk har blitt eit spanande konserthus med synleg ventilasjon og det tverrgåande krananlegget på plass for å minna oss om soga. Perforerte akustiske plater syter for perfekt lyd, i alle fall til musikken som blei presentert kl. 19.00 laurdagen. Vegg i vegg er eit restaurantkompleks i to høgder.

Frederico Calcagno & The Dolphians er ein sekstett leia av klarinettist komponist Calcagno, og han har med seg altsaksofonisten Gianluca Zanello, tenor- og sopransakofonist Luca Ceribelli, vibrafonist Andrea Mellace, bassist Stefano Zambon og trommeslagar Stefano Grasso. Som bandnamnet tyder på er dei særleg opptekne av Eric Dolphy, og i 2019 gav dei ut ei plate med nye arrangement av musikken til Dolphy. Det var mykje av dette sekstetten serverte saman med interessante solistiske ytringar. Calcagno inkluderer kontrabassklarinett i instrumentariet sitt og er rimeleg artikulert solistisk på dette krevjande instrumentet. Underteikna blei særleg begeistra for kora til vibrafonisten.

Ein veit kva ein får på ein solopianokonsert med Brad Mehldau. Kanskje ikkje akkurat kva Beatlessongar, men miksen av Beatles, andre populærmusikalske klassikarar, standardlåtar, blues og låtar frå eigen katalog er oppskrifta på ein solokonsert med Mehldau. Det er likefullt interessant og medrivande. Det er på mange måtar som på vera på ein klassisk konsert. Mehldau vrir og vender på låtane og lysset dei frå ulike vinklar, men det er mest heile tida med det særmerkte ved låten som kjerne. Han er heile tida dregen mot det formfullendte og er særs varsam med å leggja ut på improvisatorske eskapadar. Lennon/McCartney-låten «Golden Slumbers» gjorde han ein lengre versjon av, og det blei noko Brahmsk over avslutninga  på Bowies «Life on Mars». Publikum åt av handa til Mehldau, og ein høyrde eit kollektivt sukk då han la i veg med Neil Youngs «Old Man». Sjølv blei eg mest fascinert av tolkinga av første del av «I Am The Walrus» – betre kleinkunst får du ikkje.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar