Nye skiver og bĂžker


flere skiver og bĂžker...

VĂ„re podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bĂžr ha


flere anbefalte skiver...

VĂ„re beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Den frie improvisasjonens triumf

MOERS FESTIVAL, TYSKLAND, DAG 1,  26. MAI 2023: Moers Festival er skipa til sidan 1972. Som namnet seier ligg han i byen Moers i Nordrhein-Westfalen i landkrinsen Kreis Wesel berre sju km frÄ Duisburg. Byen har knappe 104 000 innbyggjarar og hadde ein enorm folkevekst etter andre verdskrigen dÄ folketalet var pÄ omlag 1/4. Byen har skifta mellom Ä ha borgarmeister frÄ SPD og CDU etter 1946.

Festivalen heldt til i slottsborga dei fĂžrste Ă„ra, og f.o.m. 1974 har festivalen alltid blitt skipa til i pinsen. Festivalen vaks og brukte ein idrettshall og seinare eit kjempestort sirkustelt. DĂ„ eg vitja festivalen ein gong i midten av 80-talet, var konseptet med kveldskonsertar i teltet og «African Dance Night» i idrettshallen godt etablert. Dette heldt fram ogsĂ„ etter at festivalgrĂŒnder Burkhard Hennen gav seg i 2005. I Rainer Michalke si tid som festivalleiar bygde byen det som no heiter Enni Eventhalle. Dei store kveldskonsertane fann stad der, og ein del mindre konsertar rundt om i byen avlĂžyste «African Dance Night».

BĂ„de Hennen og Michalke hadde teft og kontaktar som kuratorar som gjorde Moersfestivalen til ein av dei beste i verda. Å sjekka programma opp gjennom Ă„ra fortel dette i klarsprĂ„k. Hennen etablerte ogsĂ„ eit plateselskap som brukte festivalkonsertane til Ă„ gje ut mykje bra musikk. Michalke utvikla programprofilen til Ă„ omfatta meir europeisk jazz, spesielt norsk.

I 2010 kom Michalke og kulturstyresmaktene pÄ kollisjonskurs og fÞrstnemnde valte Ä slutta fordi byen ikkje kunne garantera gode nok vilkÄr for den kunstnarlege utviklinga. Etter nokre turbulente Är tok Tim Isfort over som kunstnarleg leiar i 2016. Den jobben har han framleis.

Dag 1
Annex kl. 19.00: Denne scenen er kunstnarkuratert og er sett saman av konstellasjonar av musikarar som elles er pÄ festivalen og kan tenkjast Ä samarbeida. Slike konsept kan by pÄ overraskingar. FÞrst ute var ein kvintett Caroline Krabel og Luise Volkman (altsaksofon), Jan Krause (gitar), Elisabeth Coudaux (cello), Bex Burch (xylofon og perkusjon) og Maria Portugal (trommer). Konserten var delt i to lange strekk som gav rom for alle til Ä setja sitt preg, men konserten blei i stor grad prega av den stadig skiftande dialogen mellom dei to saksofonistane, Krabel som den aggressivt hakkande og Volkman som den meir forsonlege. Cello og trommer danna ofte ein akse, medan gitar og xylofon/perkusjon var kommentatorar pÄ «sidelinja». Crescendoa kunne bli avlÞyst av stilla som var eit signal til dei fire andre om Ä ta initiativ. Konserten hadde dynamikk og drive, og ein kunne ikkje vita kva som skjedde rundt neste hjÞrne.

Konserten En mĂȘme tempes med Lukas Ligiti i Enni Eventhalle blei det motsette, statisk, fĂžreseieleg og keisam. Ikkje var lyden bra heller. Ligiti (son til GÿÞrgy) hadde komponert og spelte noko elektronikk. I ensemblet elles var Jean-Luc Petit (kontrabassklarinett), GaĂ«l Mevel (cello), Sophia Domancich (piano) og Thierry Waziniak (trommer). Eit strĂ„lande ensemble m.a.o., men det hjelper lite nĂ„r rammene er sĂ„ lĂ„ste. Det den fĂžrste konserten hadde av nerve og sitrande forventning, mangla fullstendig her.

Annex var ogsÄ arena for ein serie korte spontankonsertar pÄ sein kveldstid (kl. 22.00). PÄ ny var Caroline Krabel (altsaksofon) pÄ scenen, Gaël Mevel (cello) hadde fÄtt av seg tvangstrÞya frÄ fÞrre konsert. Patricia Bosshard (fiolin) og Sandy Ewen (gitar) kompletterte kvartetten. Denne konserten var definitivt annleis enn konserten kl. 19.00. Her utvikla kvartetten i fellesskap ein sakteflytande straum av skiftande klangflater der dynamikken var langt finare kalibrert. Dei skapte eit minimalistisk uttrykk som fascinerte.

Tre kvarter seinare var det duka for hĂžgdepunktet pĂ„ opningsdagen. Tone Åse (vokal og elektronikk) fekk selskap av franske Isabelle Duthoit og Guylaine Cosseron (vokal) (hovedbilde). Eg les nettopp Anne Sverdrup-Thyesons fantastiske bok Insektenes planet og har nyss vore pĂ„ konsert med Sigurd Hole der lydar frĂ„ regnskogen i Amazonas er eit viktig element. Eg fekk inntrykk av at desse to franske vokalistane hadde tileigna seg ein stor del av det lyduniverset som naturen kan varta opp med.

Åse fanga alle desse lydane opp, prosesserte og repeterte dei og la til eigne bidra. Det blei skapt ein magi av tre musikarar som har ei strĂ„lande evne til Ă„ lytta og gje relevante svar. Slutten blei lydsporet pĂ„ ein fantasyfilm som enno ikkje er laga, men filmen trengs ikkje. Me har han pĂ„ vĂ„rt indre auge enno.

Tekst og foto: Lars Mossefinn


Luise Volkman


Krabel-Mevel

Skriv et svar