Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Der er det fagert å leva

VOSSA JAZZ 2015 – DAG 3 – søndag 29. mars 2015

I år mistet vi en hel time av årets Vossa Jazz. Klokka stilte vi fram om morgenen og tiden var inne for den vedmodige siste dagen av festivalen.

På sporet etter Nils Økland (JH)
Stemningen fanges fint opp i Osasalen. Nils Økland slapp plata Kjølvatn – utgitt på ECM – sammen med Rolf-Erik Nystrøm på altsaksofon, Sigbjørn Apeland på trå-orgel, Mats Eilertsen på bass og Håkon Mørch Stene på slagverk. Men ikke minst sjefen Økland sjøl på fele og hardingfele, samt på barokk-instrumentet viola d’amore med sju overstrenger og sju medklingende understrengende.

Økland musikk er ikke bare vakker, den er spennende og den overrasker. Som Karl-Ove Knausgård siterte Rainer Maria Rilke under åpningen: Ekte musikk skal løfte oss opp – og at den så legger oss ned på et helt annet sted. Akkurat hva Økland gjør. Og for noen medmusikanter han har. Apelands orgeltoner, Eilertsens poengterte basspill og Mørch Stenes fargesetting. Men mest Rolf-Erik Nystrøms lydmakeri. Vakkert og lekkert.

Fliflet/Hamre i Gamlekinoen (BS)
Sjeldan har avstanden mellom sorgen og gleda vore kortare enn på konserten med Gabriel Fliflet/Ole Hamre og Bergen Big Band. Lars Mossefinn opna konserten med å seie nokre minneord om bandets tidlegare musikalske leiar, Olav Dale, som gjekk bort i fjor. Han spela sin første konsert på Vossa Jazz som yngstemann i saksrekka i Voss Storband på den første festivalen i 1974. Han spela sin siste konsert på Vossa Jazz i fjor i saksrekka til Bergen Big Band.

Men den musikalske arven til Olav Dale lever så til de grader vidare i Bergen Big Band. For å minnast sin tidlegare leiar, spela dei fire låtar av Charles Mingus. Dette er ikkje storbandmusikk for nybyrjarar. Men landets beste storband gjer desse låtane slik dei skal gjerast. Bandet kling svært homogent, det er presisjon, teknikk og soloprestasjonar på høgt nivå, og det svingar som eit helvete.

Denne gongen hadde dei også fått med seg Ole Hamre og Gabriel Fliflet, som er godt kjende for publikummet på Voss. Og desse herrane eig ikkje nokre hemningar anten de spelar polkaballadar frå Sør-Texas i en truga stilart kalla gypsy/gringo/texmix, eller dei syng songar der teksten kun består av gardsnamn frå Hardanger og Voss. Ja, også har dei pimpa opp Jan Eggums «Heksedans» i ein stilart som kan kallast balkanfunk.

Grytane hennar mor er berre nokre av instrumenta som vert teken i bruk på konserten. Hamre/Fliflet er eit overflødigheitshorn av musikalsk leik og speleglede, der låtar i unevnelege taktartar kjem trillande på ei snor, for anledningen strålande arrangert for storband av Reid Gilje. Eg ber over med at Hamre/Fliflet til tider spelar så kraftfullt at lydmannen har store problemer med å lage god balanse i lydbildet. For den som ikkje kom ut får denne konserten med eit salig glis og barmen fylt av glede, den slit.

Kjære Vossa Jazz: Snakk med helsevesenet og prøv å få slike konsertar over på blå resept!

Flinkis i Osasalen (JG)
Flinkis-impro er en helt grei beskrivelse av solokonserten med trompeteren Peter Evans i Osasalen søndag. Og flinkis-impro kan ofte være interessant, men når man den første halvtimen spiller noe som kan minne om «Humlens flukt» med sirkelpust uten et tiendels pause, føler man seg ofte som lytter litt overkjørt.

Det er greit at Evans gjerne ville bevise hvilken eminent trompetist han er, men det kunne han brukt to-tre minutter på, og så bevist at han også er en kreativ musikant. Nå ble det bare slitsomt uten noen som helst progresjon eller variasjon. Dessverre.

Peace, Love and Swing (BS)
Det spirer og gror i jazzmiljøet på Voss. Vossa Jazz har mykje ære for dette. Men ære skal også delast ut til Voss Jazzskule. Engelske John Taylor driv denne skulen, og har sidan 2007 lært born ned i 10-11 årsalderen å spele jazz. Resultatet er ei stor rekkje av jazztalentar som er i ferd med å gjere seg karriere som jazzmusikarar. Tre av desse utgjør trioen Love, Peace and Swing som spela i Festsalen sundag ettermiddag. Bandet består av Sindre Medhus – piano, Signe Førre – bass og vokal, og Sigurd Steinkopf – trommer.

Dei rører seg i eit jazzlandskap inspirert av musikk frå 50- og 60-talet, ei blanding av standardlåter og eigne komposisjonar. Alle tre leverte gode soloprestasjonar, spesielt vil eg trekkje fram Sindre Medhus sitt lyriske og harmoniske spel på piano. Men også Førre og Steinkopf sitt stødige komp, synte kvifor desse unge musikarane har fått UNGjaJAZZja-prisen. Høgdepunktet på konserten, var Signe Førres framføring av «You go to my head», ein av Billie Hollidays store låtar.

and the winner is – Svein Olav Herstad Trio (LM)
Det første tingingsverket i ei ubroten rekkje blei skriven til Vossa Jazz i 1983 av Egil Kapstad. Tittelen var «Epilog – Bill Evans in Memoriam». Denne tittelen rann meg i hug oppe i Osasalen på konsert med Svein Olav Herstad trio. I den seinare tida har ein på festivalar rundt om stadig oftare møtt pianotrioar av ei anna støyping enn den klassiske. EST, Bad Plus og vår eigen In The Country høyrer til pionerane (og dei musikalsk mest vellukka). SOHerstad3Det er ikkje like ofte ein høyrer pianotrioar som ikkje berre har den klassiske besetninga men også ditto tilnærming til musikken. Dei som kunne tenkt seg Kenny Barron eller Ahmad Jamal på programmet, fekk Svein Olav Herstad trio, og fleire burde kjent vitjingstida si, for det var eitt og anna sete ledig i Osasalen sundag ettermiddag.

Svein Olav Herstad, piano, Magne Thormodsæter, bass og Håkon Mjåset Johansen, trommer, leverte ein konsert som for meg står att som høgdepunktet under festivalen. (Eg får leggja til at eg berre var på 10 av vel 40 konsertar). Når denne konserten blei så sterk og metta på inntrykk, heng det saman med det opplagte – trioen består av tre framifrå musikarar som har helde saman over tid, som har valt eit spenstig repertoar og som tilfeldig- og heldigvis kjem til festivalen etter ein kort turné på Den musikalske stamvegen. Musikken blei framført med djupt alvor og sterk innleving, men også med masse humor der dei tre kom med ein del musikalske hint som i mindre konsentrerte stunder kunne vera eigna til å setja kvarandre ut. Det skjedde sjølvsagt ikkje.

Alle tre er briljante instrumentalistar, og det var ein del unisone sekvensar mellom piano og bass som sette teknikk og fingerførlegheita til Thormodsæter på prøve – ein prøve han bestod på laudabelt vis. Her er det likevel ikkje snakk om briska seg med teknikk. Tvert om – trioen kan til tider gjera det heile svært enkelt og minimalistisk, men dei har teknikk til å handtera eit kvart innfall med bravur. Svein Olav Herstad, Magne Thormodsæter og Håkon Mjåset Johansen gjorde Osasalen om til det tempelet salen i sine beste stunder kan vera. Det skal trioen ha takk for.

Den 42. Vossa Jazz er historie (JH)
Så er det hjem til havrelefsa. Takk til gjengen bak Vossa Jazz med sjefshuldra i spissen for nok en festival med mange gode minner. Takk til alle musikerne som gjør Vossevangen til et godt sted å bo, selv for en østlending. På toget til Oslo på mandags formiddag gjenopplever vi noen av de gode minnene fra den 42. Vossa Jazz, palmehelga 2015.

Vi avslutter som Carsten Hauch sa det i Hulda Garborgs oversetting om livet på Vossevangen:

Der feller tidi meg aldri long,
um enn eg sit der åleina;
for marki angar … og huldri syng;
ja trur du meg, eg segjer deg:
Der er det fagert å leva.

Takk for i år. Vi er tilbake neste år, påsken 2016! Og vi gleder oss allerede til vårens vakreste eventyr. Men da vil vi ha igjen den timen vi mistet i år!

Tekst: Johan Hauknes (JH), Bjørn Sandnes (BS), Lars Mossefinn (LM) og Jan Granlie (JG)

Foto: Jan Granlie (Fliflet/Hamre) og Stig Arne Skilbrei (Svein Olav Herstad Trio)

2 Responses to “Der er det fagert å leva”

  1. Bergen Big Band og Fliflet/Hamre til Balkanfest | Vestnorsk jazzsenter

    […] Vossa Jazz: Snakk med helsevesenet og prøv å få slike konsertar over på blå resept! . http://www.saltpeanuts.eu . … I duoen Ole Hamre/Gabriel Fliflet har Bergen ein annan eineståande attraksjon. Både […]

Skriv et svar

Du må være innlogget for å skrive kommentarer.