Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Duo og trio i sentrum

MOERS FESTIVAL, MOERS, TYSKLAND, 14.05.2016: Kvelden opna med storband, men det var dei mindre konstellasjonane som skulle vekkja sterkast åtgaum. Eigentleg byrja det tidlegare på dagen med Morning Sessions i dei fine lokala til musikkskulen i Moers. Her får ein m.a. presentert musikarane frå kveldsprogrammet i andre samanhengar i halvtimeskonsertar.

Hovudprogrammet tok til med det Köln-baserte storbandet Subway Jazz Orchestra. Besetninga er klassisk, dvs. 17 menn pluss dirigenten Tobias Wember. Dei framførte suiten «State of Mind».  Musikken var ikkje spesielt engasjerande, og rollen til messingen var føreseieleg til det keisame. Framføringa fekk eit løft på tampen då tenorsaksofonisten Stefan Karl Schmid fyrte laus eit kor. Gitaristen Philipp Brämswig følgde opp, og konserten fekk ein lukkeleg slutt.

Den slovenske pianisten Kaja Draksler og den portugisiske trompetaren Susanna Santos Silva har båe klassisk bakgrunn, men det fire år lange samarbeidet deira knyter seg til ein samtidsmusikktradisjon der improvisasjonen er i høgsete. Konserten laurdag var ikkje noko unnatak. Den 50 min. lange konserten krinsa rundt tre komposisjonar, m.a. «Hymn to The Unknown» og «This Love» frå Clean Feed-debuten og avslutningsvis ein ny komposisjon av Silva.
Som vanleg blei det ein intim dialog der båe musikarane utforskar instrumenta sitt uttrykksregister. Tryggleiken i samspelet og nyanserikdomen er større enn då eg høyrde duoen på North Sea Jazz Festival i fjor.

Slovenske Maja Osojnik (bilete) gjorde furore på jazzfestivalen i Saalfelden for nokre år sidan med soloprogrammet som i februar i år blei gjeven ut på plata «Let Them Grow». På Moersfestivalen hadde ho fått med seg trommeslagar Patrick Wurzwallner. Osojnik blandar enkle songar med elektronikk som spenner frå enkelt klangunderlag til heftig støyande kaos. Ein kunne høyra at ho hadde plukka opp eit og anna trikset frå Jan Bang. Tekstane til Osojnik er ei reise inn i ein Kafka’sk dystopi, nærast som eit sjølvutslettingas evangelium: «I become less by being with you», heiter the i låten «Athority».

Bostonbaserte komponist og gitarist Jeremy Flower har laga songsyklusen «The Real Me» som tematiserer det uunngåelege – aldring. Saman med bandet sitt som m.a. inkluderte vokalist og fiolinist Carla Kihlstedt og EOS kammerorkester hadde han Europapremiere på songsyklusen.
Det finst fleire flotte låtar i syklusen, og Kihlstedt er ein framifrå vokalist. Det blei likevel ikkje ein minneverdig konsert fordi ensemblet ikkje var tilstrekkeleg samspelte, balansen i lydbiletet var til tider ugrei, og det rytmiske elementet øydela mykje gjennom ein einsformig, enkel og larmande backbeat. Her kunne mykje vore annleis med tilstrekkeleg instuderingstid og ein meir kjenslevar trommeslagar.

Eg vågar å satsa nokre kroner på at Harold López-Nussa Trio frå Cuba i løpet av dei neste par åra har spelt på dei fleste jazzfestivalane i Europa. I Moers fekk me ein forsmak på kva som er i vente. Dette er ein klassisk pianotrio. Ikkje overraskande fekk me servert virtuost pianospel og ditto trommespel av broren Ruy Adrian López-Nussa. Det blir overveldande og til tider i meste laget, men ein må berre gje seg ende over av virtuositeten og – ikkje minst – samspelet. Så får ein leva med at det rytmiske overstyrer alt.

Brandon Ross, Malvin Gibbs og J.T. Lewis utgjer trioen Harriet Tubman. Tubman var ein slave som greidde å røma under den amerikanske borgarkrigen. I samarbeid med antislaveriaktivistar greidde ho å hjelpa fleire tital slavar å flykta frå slaveriet. Namnet på trioen forpliktar, og dette er musikarane medvitne om. Samarbeidet med Cassandra Wilson har dei kalla «Black Sun». Trioen framførte ein låt både før og etter Wilson var på scena.
Det blei ei sær og ambivalent konsertoppleving. Ein sit alltid med ein viss otte om at Wilson skal spela ut heile divaregisteret, men det skjedde ikkje. I staden framførte dei ein strålande versjon av Lennons «Tomorrow Never Knows». Ein kunne likevel merka ei viss spenning på scena, og då Wilson tok til på ein gospelliknande sak som Ross tok ut i det ekstreme på banjo, ante ein at alt ikkje var planlagt og omforeint.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar

Du må være innlogget for å skrive kommentarer.