Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Ein magisk kveld

OSASCENA, OSASALEN, VOSS, 7. MARS 2023: Dei fire hardingfelespelarane Knut Hamre, Bendicte Maurseth, Annlaug Børsheim og Lajla Renate Buer Storli er ute på lanseringsturné.

Kvartetten har medverka på den kombinerte boka og CD-samlinga Slåttar frå Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang, og i Osasalen tysdag kveld spelte dei fire utdrag frå dette imponerande verket. (salt peanuts* kjem med ei eiga bok/CD-melding om litt.)

I 2018 gav Knut Hamre ut eit likande verk, Slåttar frå Granvin. Det har lege i korta at slåttetilfanget frå resten av Hardanger skulle få sin dokumentasjon, og konserten med dei fire synte at her er det ei enorm musikalsk skattekiste. Sjølve opninga av konserten der dei fire gjekk rett på og spelte fire slåttar utan avbrot av snakking eller applaus gjorde at publikum blei bergtekne frå første tone. Dei fire sleppte ikkje «nakketaket» på oss før konserten var slutt ein god time seinare. I løpet av denne gode timen hadde dei teke oss gjennom slåttar av mellom anna Nils Botnen, Per Bulko og Halldor Meland.

Annlaug Børsheim spelte slåtten «Fivreld» av Lars Osa på slikt vis at fivrelden (sommarfuglen) kom til live der på scenen. Sjølvsagt fekk me den forventa dosen av stemming, anekdotar og sannsoger, men det var felespelet som stod i fokus. I utgangspunktet ein meister og tre elevar, men her let det meir som fire meistrar. Det er vanskeleg å dra fram definitive høgdepunkt fordi programmet var så variert og godt sett saman at det var totaliteten som imponerte mest.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie


Benedicte Maurseth


Lajla Buer Storli


Annlaug Børsheim


Knut Hamre

Skriv et svar