Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Eit farvel med den utøvande musikaren Archie Shepp?

NORTH SEA JAZZ, ROTTERDAM, 11. JULI 2022: Rapportane frå North Sea Jazz Festival (NSJF)  i salt peanuts* gjev inntrykk av at dette er ein «rein» jazzfestival. Dei fleste jazzfestivalar har ofte noko musikk frå nærståande sjangrar, og NSJF har nøgda av blues, soul, r&b og heile slekta elles. Eg fall for freistinga å opna sundagen med ein av mine funk-heltar, Cory Wong. Det han har gjort med Vulfpeck er funk på sitt beste. I den kjempestore salen Nile blir aldri lyden optimal, men no var lydbiletet ok. Han hadde ei fem manns blåserekke, tangentar, bass og trommer i tillegg til seg sjølv på gitar og dei gjestande saksofonistane Dave Koz og Candy Dulfer. Fram til dei gjestande saksofonistane kom på scenen, leverte bandet gneistrande, glattbarbert funk, akkurat så tett, presist og groovy som ein kan ha lov å håpa på. Då gjestene blei introduserte, flytta fokuset seg frå ensemblet til dei tre frontfigurane, og konserten blei for min del øydelagt.

Eg har nemnt det i andre samanhengar, men gjentek det her – nokre ensemble definerer den mangfaldige jazzen i si samtid og er i kortare eller lengre tid med i ein pool som er å sjå på som state-of-the-art. Charles Lloyd & The Marvels er p.t. eitt av desse ensembla. Charles Lloyd (tenorsaksofon og fløyte), Bill Frisell (gitar), Greg Leisz (lap steel), Reuben Rogers (bass) og Kendrick Scott (trommer) representerer ein essens av det Lloyd og Frisell kvar på sin kant har arbeidd med i ein mannsalder. Bandet hadde ein særs god dag på jobben. Samspel og soli var prega av eit stort overskot. Soga seier at Miles Davis reagerte på at i den andre store kvintetten var dei mykje meir søkjande og eksperimenterande som kvartett, dvs. utan Miles. Han ynskte at dei skulle spela like utfordrande bak han. Eg kom dette i hug då eg høyrde Loyd & Co. Det var ein heilt annan og utfordrande dialog når Frisell, Rodgers og Scott utveksla meldingar. Det var glimrande det som skjedde i sekvensane med Loyd, men ein kunne merka ei aning servilitet frå dei andre når Lloyd var solist. Servilitet er vel ikkje rette ordet, men det er noko der som det er vanskeleg å setja fingeren på.

Nokre konsertar vert hugsa for anna enn det musikalske innhaldet. Musikksoga er fylt med døme på at utanom-musikalske faktorar har gjeve enkelte konsertar mytisk status. Konserten med Archie Shepp (tenorsaksofon og vokal) (hovedbilete), Jason Moran (piano) og Marion Rampal (vokal) føyer seg inn i rekkja. Shepp er p.t. sterkt hjelpetrengjande og grensene fysikken set, er snevre. Han blei leidd inn på scenen, og saksofonen vart lagt til rette slik at Shepp kunne spela utan for store armrørsler. Vokalmikrofonen låg på eit bord mindre enn ei armlengd vekke.

Shepp (på saksofon) og Moran på piano byrja med nokre standardlåtar. Det var tydeleg på den usikre fraseringa at dette kosta Shepp enormt. Samstundes trur eg at eg kunne ha tippa Shepp om musikken hadde blitt spelt i blindebukk-samanheng. Har ein lært å sykla … Den franske vokalisten Rampal blei introdusert, og saman gjorde dei tre Wallers «Ain’t Misbehavin’». Vokalisten Shepp gjorde eit meir solid inntrykk. Han hugsa tekstane heile vegen. Siste tredjedel av konserten blei vigd spiritual-materialet på plata til Shepp og Moran «Let My People Go». Det var den sterkaste delen konserten. Shepp song med ei sterk, men sorgtung overtyding. Når konserten tok slutt, var det ståande ovasjonar og sterke emosjonell utbrot frå publikum. Det var nok fleire enn eg som trudde at dette var siste gong dei fekk høyra legenda Archie Shepp på konsert.

Tekst og foto: Lars Mossefinn


Charles Lloyd & The Marvels


Cory Wong

Skriv et svar