Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Eterisk fraseringskunst

OSAFESTIVALEN, VOSS: Osafestivalen opna med gode ord frå festseldirektør Anders Beyer. Intimt og tett på kunstnaren kombinert med god programmering har gjort sitt til at festivalen er ei nasjonal storhending. Deretter var det klart for første prov på at det Beyer sa, er heilt sant. Eg har høyrt TRIO MEDIÆVAL på konsert minst ei handfull gonger, og aldri har eg høyrt dei betre.

Linn Andrea Fuglseth, Anna Maria Friman og Berit Opheim har utvikla ein vokal filigran-kunst som få gjer dei etter her på berget og internasjonalt. I går tok dei publikum med på dei reise i både profan og sakral tidlegmusikk henta frå Italia, England, Island, Noreg og Sverige. Osasalen var rigga med scene på den vestlege kortveggen (med tanke på danseframsyninga fredag), og lyden var aldeles framifrå. Takk til Anders Heibø for det.

Etter «Salve Mater» kom «Ecce quod natura» og «Alleluia, a Newe Work». Dei to siste er ubeskriveleg vakre, men særleg den første må bli med i ein kanon over dei ti beste låtane gjennom tidene. Frå England vende trioen seg mot Island og sakral musikk frå sagaøya. Den siste av låtane gjekk saumlaust over i eit norsk gamalstev. Den rytmiske spenninga dei skapte gjennom denne overgangen var absolutt eit av høgdepunkta i konserten.

Inni mellom svenske folkemelodiar framførte dei også kyrkjemusikk med latinsk tekst og harmonium-komp. Fuglseth stod for sistnemnde. I siste bolken av svenske folketonar framførte dei ein vakker låt frå Småland som brått er blitt svært aktuell «Om ödet skulle skicka mig langt bort från dig till främmande länder…» (fritt etter minnet….)

Etterpå følgde ein italiensk lauda «Benedicte e laudati» som stod fram som kronjuvelen i konserten. Å frasera så detaljrikt og så vart, men likevel klokkeklart er neste «mission Impossible». Desse tre damene gjer det uanstrengt og med glimt i auga.

Dei avslutta med fire norske, to solbøner, «Eg veit i himmerik ei borg» og Fryd dig du Kristi brud». Sjølvsagt blei dei kalla fram fleire gonger, og ekstranummeret måtte koma. Stillfaren knallopning av festivalen!

Tekst og foto: Lars Mossefinn

 

 

Skriv et svar

Du må være innlogget for å skrive kommentarer.