Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Fantastiske Wayne Shorter!

NORTH SEA JAZZ, ROTTERDAM, 11. JULI: 40-årsjubileet til North Sea Jazz Festival er ut til å gå inn i soga som ein av dei meir vellukka. Også i går var det ei rekkje musikalske opplevingar på øvste hylle.

På opningsdagen var det ei hylling til Joni Mitchell som etterlet sterkast inntrykk. Laurdagen var det ein annan med ei imponerande songbok som stal showet, 81 år gamle Wayne Shorter og dei tre medmusikantane hans.

Kvelden byrja i selskap med Kris Davis og hennar Infrasound Octet. Me fekk presentert musikk frå Clean Feed-utgjevinga «Save Your Breath». Besetninga i oktetten er ganske spesiell: Ben Goldberg, Andrew Bishop, Oscar Noriega, Joachim Badenhorst, klarinettar, bassklarinettar og kontrabassklarinett, Gary Versace, Hammondorgel, Nate Radley, gitar og Tom Rainey, trommer. Sistnemnde er ikkje med på plata. Kombinasjonen av fire klarinettar av ulike valørar og kombinasjonar saman med tre akkordinstrument og trommer gjev Davis ein heilt spesiell klangleg palett, og ho utnyttar dette til fulle. Spesielt dei klaustrofobisk tette harmoniane i blåsegruppa fascinerer, men også Versaces kontroll på registeret til B3-en er eit viktig element i uttrykket. Sjølv om det komponerte er essensielt, får dei ulike medlemmene spelerom. Davis markante pianostil og Oscar Noriegas mange fine ytringar sit framleis friskt i minnet.

Konserten med Flash Pig, vinnaren av festivalens komposisjonskonkurranse, måtte gå utan denne meldaren, diverre. Det var dårleg match mellom kapasitet på konsertlokalet og talet på potensielle tilhøyrarar, men David Virelles «Mbókò» blei ei super erstatning. Cubanskfødde pianisten Virelles har New York som base, men med den siste plata si, «Mbókò», ynskjer han å utforska dei kulturelle røtene sine. Musikken er ein særprega kopling mellom afro-cubansk rytmikk og eit moderne jazzmusikalsk tonespråk. Det fungerte til tider utmerka med bassist Thomas Morgan som ‘brubyggjar’.

Chaka Khan skulle ha vore med på «Joni’s Jazz», men melde avbod. Konserten henne denne kvelden fortalte tydeleg kvifor. Ho bomma på tonar, røysta svikta og mesteparten av tida sat ho på ein trommestol framme på scenen. Ein god halv time ut i konserten tok ho den bitre avgjerda ho burde ha teke før konserten. I ein tårevåt tale forklarte ho om stemmeproblema og at ho eigentleg ikkje burde vore på scena. Så gjekk ho berre, og bandet fullførte konserten.

To som derimot var i kjempeform var Eric Bibb og Habib Koité. Blues og musikk frå Mali er definitivt i slekt, og samarbeid av dette slaget har ein høyrt tidlegare med Ali Farka Toure, Ry Cooder og Taj Mahal. Bibb og Koité hadde med seg perkusjonisten Mama Cissoko. Konserten kopla repertoaret til dei to artistane, og båe medverka på kvarandres låtar. Bibbs blues har ofte dette kontemplative kopla med eit florlett fingerplukkande gitarkomp som ein finn i Mali hjå t.d. Farka Toure og Koité. Storveges!

Resten av kveld blei vigd milestolpar i jazzsoga. «Made in Chicago» er eit Jack DeJohnette-initiert prosjekt som inkluderer jazzlegendane Henry Threadgill, Roscoe Mitchell og Muhal Richard Abrams. Threadgill var han ikkje på denne konserten. Larry Gray kompletterer bandet på bass og cello. Dei opna med ein hårfønarversjon av «Chant». Dei følgde opp med fleire av låtane frå plata, og alle fekk sine sjenerøse strekk som alle som ein var spanande, men eg sakna spontane interaksjonen.

Spontan interaksjon fekk ein til overmål med Wayne Shorter Quartet (bilete). Dette er ei så til dei grader samspelt eining, og i går tok det berre heilt av. Diverre hadde festivalen programmert slik at «Made in Chicago» og Shorter overlappa. Dette er såleis skrive på basis av siste del av konserten. Shorter er ein gamal mann, og tonen og tonekontrollen i sopransaksen er noko prega av det, men han leverer imponerande intense meldingar som respons på kaskadar av idear frå trioen Danilo Perez, piano, John Patitucci, bass og Brian Blade, trommer. På ekstranummeret serverte Perez så skrudde harmoniske og rytmiske innspel at sjefen berre sat å rista på hovudet. Publikum var hysterisk begeistra.

I 1961 gav Oliver Nelson ut «The Blues And The Abstract Truth». Originalinnspelinga var med ein all-star septett, men Nelson arrangerte seinare musikken for storband. Musikalsk leiar for The Metropol Orchest Big Band, Jörg Achim Keller har arrangert musikken på plata og teke utgangspunkt i kora på plata samt Nelsons storbandarrangement. Han har mellom anna skrive inn soloen til Eric Dolphy på «Yearin’», noko saksrekka tok på strak arm! Eit fantastisk låtmateriale, fantastiske arrangement og eit fantastisk storband. Det måtte bli bra.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar

Du må være innlogget for å skrive kommentarer.