Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Festleg …

VOSSA JAZZ, JOLAJAZZ, PARK HOTELL VOSSEVANGEN, 29. DESEMBER 2022: Om det var den 48. eller 49. jolajazzen som gjekk av stabelen 29. desember er framleis litt uvisst, men det som er heva over tvil, er at denne hendinga i melsdagane fyller same rolle som ho gjorde for mest 50 år sidan. Jolajazzen er først og fremst ein sosial happening. Musikken er eit sentralt element, men viktigast er hendinga som sosial møteplass. Musikarane som var i elden på dei ulike scenane denne kvelden, fekk kvar på sitt vis merka at det er krevjande å få naudsynt ro og merksemd.

Grandane, oppkalla etter det sentrale strandområdet ved Vangsvatnet, er eit lokalt band med Børge Lindland som samlande figur. Han syng, spelar gitar og har laga det meste av eigne låtar. Dei seks første låtane eg fekk med meg, var alle heimehekla, m.a. «Sleppefest», «Hastverk» og «Har mine feil». Grandane har sine musikalske ideal blant aktørar innan britpopen og vårt eige De Lillos. Den kvardagslege tematikken i låtane, det naivistiske uttrykket og den barnlege røysta til Lindland gjev assosiasjonar til nemnde De Lillos, men tekstane til Lindland manglar i naudsynt grad dobbel botn og poetisk kraft. Bandet har utvikla enkle og effektive arrangement der André Bjørkhaug (gitar) spelar temaparafrasar og korte og pregnante kor og Svein Prestegard (bass) og Inge Skrede (trommer) skapar eit solid rytmisk fundament som fungerer heilt utmerka.

Aksel Røed (tenorsaksofon) og Arne Toivo Fjose (bass) har gjeve duoprosjektet namnet The Red Barn. Visstnok skal dette vera eit ordspel. Dei to strevde valdsamt med å gje dei innleiande komentarane om ordspel og kvifor dei ikkje gjorde kjent kva fire låtar den innleiande suiten var sett saman av eit snev av rasjonalitet, men då dei byrja å spela, var all hjelpeløyse vekke. Repertoaret er ein fin miks av jazz og americana, eigne låtar og særmerkte coverversjonar. Innleiingsvis fekk ein servert country slik Charlie Haden og Charles Lloyd gjer det, men seinare utvida dei referansane kraftig. Duoen baud så til dei grader på seg sjølv og krydra konserten med ein solid dose humor. Her blei det teke sjansar, og ikkje alle initiativ blei følgt av perfekte telemarknedslag, men det var ein del av konseptet. Overraskande hyggeleg!

Vokalisten og vossingen Gry Midttun, som i mange år har budd i Bergen, har halde gåande bandet Do lado. Besetninga Fred Johannesen (flygelhorn), Arild Seim (gitar), Stein Bakke (piano), John Brottemsmo (bass) og Nils Are Drønen (trommer) har samarbeidd med Midttun over tid, og dei har spesialisert seg på brasilianske svisker. Midttun snakkar portugisisk flytande og har repertoaret under huda,  men kl. 22.30 i Pentagon under Jolajazzen kan sjølv det mest innsmigrande repertoaret falla på steingrunn. Johannesen og Seim hadde båe fleire fine kor, og Brottemsmo og Drønen haldt grooven i gang på stilsikkert vis, men bak første stolrad var det eit inferno av oppstemt festkakling som gjorde det vanskeleg å få med seg heilskapen. Det hjelpte ikkje at pianolyden var diffus. Midttun kjempa ein tapper kamp mot støyen og sleit til tider med intonasjonen, men dette var ikkje rett tid eller stad for det lette og luftige uttrykket til Do lado.

Kniv og taffel (hovedbilete) taklar eit publikum ute på fest. Mads Berven (gitar og vokal), David Vogt (fele og vokal), Kåre Opheim (trommer og vokal), Karl Wallevik (gitar og vokal) og Kristoffer Vogt (kontrabass og vokal) er eit knakande godt band som har spesialisert seg på å servera eit festmarinert publikum intelligent musikalsk underhaldning. «Vi gir f … i monitorene og trøkker til», sa Berven etter at den første jule-medleyen var avslutta og den neste var ei kjapp opptelling unna. Då dei drog i gang ein heftig string swing-versjon av «Flickorna i Småland», kunne ikkje danseglade vossingar styra seg. I løpet av sekundar var den smale passasjen mellom scenen og første stolrad fylt av glade «dansande». «Vi kan ikke ta sjansen på å få damer på fanget som vi ikke har bedt om», sa fotografen, og så gjekk me.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie


Aksel Røed


Arne Toivo Fjose


Mads Berven og Kristoffer Vogt i Kniv og taffel


Kåre Opheim i Kniv og taffel


Karl Wallevik i Kniv og tafell


David Vogt i Kniv og tafell

Skriv et svar