Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Frode Alnæs let gitaren tala og Craig Taborn hamra inn bodskapen

MAIJAZZ, STAVANGER, 7. MAI 2022, DAG 1: I desse dagar feirar Frode Alnæs 40-årsjubileum som artist. På opningskonserten til Maijazz var det jazzmusikaren Frode Alnæs med møtte, og han let stort sett gitaren tala, men entertaineren Alnæs er aldri langt vekke, og som alltid greier det gode menneske frå Kristiansund å skapa god stemning. Før Alnæs drog i gang, blei 70-årsjubilanten og Maijazz-nestor Per Hasse Andersen kalla fram på scenen og overrekt skulpturen «Glad gutt» – ei svært passande og fortent gåve!

Med unnatak av «When You Kissed My Soul» med tekst av Claudia Scott var repertoaret reint instrumentalt. Med seg til å feira jubileum hadde Alnæs fått med seg Jørn Øien, div. tangentinstrument, Audun Erlien, bass og Rune Arnesen, trommer.

Konserten byrja med tre låtar frå soloalbumet «Kanestrøm» (2016). «Kanefart» og «Albatrost» gjekk med til oppvarming, men med «Running» gav Øien oss eit varsel om kva som var i vente. Når Alnæs drog i gang «The Snake» (ein låt frå tingingsverket «Til Voss», 1997), var lista lagt der ho skulle liggja resten av konserten. Me fekk servert kor av både Øien og Alnæs – sistnemnde trødde faktisk til to gonger. Innimellom serverte dei ein intrikat samspelssekvens. Ein liten pust i bakken fekk ein med «Titos Theme». Låten er tileigna fadderbarnet til Alnæs som er heimehøyrande i Andesfjella ein stad. Både Øien og Erlien farga sine kor med latinsk påverknad.

Erlien spelte intro på Dave Hollands «Back-Woods Song» frå «Gateway»-plata (ECM, 1975), og når dei hadde funne ut av toneart, kunne Alnæs dra i gang det karakteristiske og fengande riffet. Han varta elles opp med kveldens mest groovy kor. Neste stopp var den valsande «Mr. Walker» før dei tok han heilt ned med «Bølge» der Alnæs tok i bruk den akustiske gitaren.

Kvartetten gjorde eit sveip innom fenomenet AHA!! (dvs. jazzbandet; popbandet skriv seg for A-HA) og framførte «God Is A Dog» før dei gjekk inn for landing med eit par Dance With A Stranger-låtar. Ekstranummer og stor stemning frå tilhøyrarar som har 40-årsjubileum som publikum på ymse Alnæs-konsertar.

På Spor 5 var det duka for ei musikalsk oppleving av ein litt anna type. Craig Taborn (hovedbilete) har teke solopianoformatet til eit nytt nivå. I løpet av 70-75 min. hadde han teke publikum med seg på ei krevjande musikalsk reise. For publikum er det krevjande fordi ideane kjem tett som hagl og stilen kan til tider vera både insisterande og ekspressiv.

Pianospelet til Taborn tek opp i seg det meste frå jazzsoga. Han inkorporerer stride-teknikk, Monks kantete rytmikk, Cecil Taylors kraftfulle og virtuose angrep på tangentane og Paul Bleys lyriske stil. Alt blir servert påført Taborns eige bumerke. Ideane til Taborn er krystallklare. Gjentaking er eit mykje nytta verkemiddel og gjev grunnlaget for den særmerkte tabornske minimalismen.

For Taborn er det også krevjande. Han måtte rista laus mellom låtane, og mentalt er det utlandande å gå slik inn i låtmaterialet. Han tolkar ikkje komposisjonane; han obduserer dei. Også Taborn fekk slik respons at han kvitterte med eit nydeleg, lyrisk ekstranummer. Strålande opningsdag på Maijazz!

Tekst og foto: Lars Mossefinn


Frode Alnæs Band

Skriv et svar