Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Guten som gjekk forbi

OSASALEN, VOSS, 3. MARS, 2022: Med denne overskrifta presenterte programleiar Nils Erik Kvamme meisterspelemannen og 70-årsjubilanten Knut Hamre. Forteljinga dreia seg rundt den gamle kafeen i Granvin med jukeboksen Wurlitzer high fidelity» og dreia seg om ungdomskulturen i Granvin som var i ferd med å ta steget vekk frå Jan Høiland til The Beatles. Han som ikkje let seg avspora av verken The Beatles, jenter eller cola, var Knut Hamre. Det kom fram i samtalen mellom dei to jamgamle venene at Hamre ikkje opplevde at han gjekk forbi. Han gjekk til – timar med ein annan meisterspelemann, Anders Kjerland (1900-1989). Verda skal vera evig takksame for alle dei borna som går forbi eller går til noko som hjarte deira brenn for!

Hamre visste ikkje om Kjerland var heime når han banka på, og timane varte til Kjerland byrja å trø rundt på golvet og plystra. Då forstod den unge Knut Hamre at no var det på tide å pakka saman felekassa.

I ein god time trollbatt dei to publikum med eit portrett av eit spelemannsliv som femna heile sju sigrar på Landskappleiken (den først på Oppdal i 1974  – kven var det som var så opprørt over at Hamre vann at dei ville omgjera resultatlista?), Spellemannspris i 1998 saman med Hallvard T Bjørgum og Bjarne Herefoss (på videoskjermen viste Kvamme eit opptak frå prisutdelinga med ein rørt Herefoss som takka sine to yngre kollegaer), ei rad plateutgjevingar med den monumentale «Slåttar frå Granvin» (fire CD-ar og ei bok) som eitt av høgdepunkta. Seinare har Hamre motteke ei rad prisar, m.a. er han blitt kommandør av St. Olavs Orden «for den framståande innsatsen hans for norsk folkemusikk».

Hamre har samarbeidd med andre spelemenn. Som Bjørn Aksdal kan fortelja i Store norske leksikon: « … til dømes «Nøringen» (1980, med Leif Rygg), «Trio i ein fjord» (1993, med Reidun Horvei og Geir Botnen), «Håstabøslåttar» (2000) og «Trio Hardanger – i Halldors ånd» (2003), dei to sistnemnde saman med Åse Teigland og Frank Rolland, dei tre kallar seg Trio Hardanger.

Eit resultat av Hamre sin kontakt med utlandet er konsert- og plateprosjektet «Å» (1999), der Hamre samarbeider med dei amerikanske jazzmusikarane Steve Tibbetts og Marc Anderson.

I 2006 kom CD-en «Rosa i Botnen», eit pionerprosjekt der dei eldre hardingfelene i Hardanger blei tatt i bruk etter inspirasjon mellom anna frå den aukande interessa for tidlegmusikk. Her spela Hamre i lag med felespelarane Benedicte Maurseth og Nils Økland og organisten Sigbjørn Apeland. Dette prosjektet fekk ein oppfylgjar i konsert- og plateprosjektet «Anima» (2012) der Hamre samarbeider med Benedicte Maurseth, Nils Økland og dei to tidlegmusikarane Philippe Pierlot, gambespelar frå Belgia, og Elisabeth Seitz, hakkebrettspelar frå Tyskland. (https://snl.no/Knut_Hamre)

Hamre samarbeidde med forfattarane Jon Fosse og Olav H Hauge. Sistnemnde var tema i ein lang og fascinerande sekvens av samtalen mellom Kvamme og Hauge. Hamre leita etter ord for å skildra forholdet hans til Hauge. Det var ikkje eit personleg venskap, hevda Hamre, men alt av detaljar han drog til torgs dokumenterte det motsette – her var det to som hadde djup respekt og godhug for kvarandre.

Innleiinga til sekvensen om Hauge vart innleidd med ein del av rammeforteljinga – dei to skulekameratane som skulle til skuletannlekjar på Voss. Kvamme skulle samstundes innom til Marcato eller Ringheim musikkhandel å kjøpa singelen  «I Wanna Hold Your Hand». Hamre skulle på Voss bokhandel å kjøpa «På Ørnetuva» (1961).

Også forholdet Hamre hadde til ein annan meisterspelemenn og kulturpersonlegdom Sigbjørn Bernhoft Osa blei levande framstilt. Osa var ein raus lærar. «Du skal få timen for halv pris, men då må du læra vidare det du no har lært til to andre», sa Osa etter ein speletime. Osa hadde også råd som var meir for livsvisdom å rekna: «Hald deg inne med journalistane – og kelnerane». Sjølvsagt blei sekvensen om Osa innleidd med videoopptak frå den legendariske Ragnarock-konserten med Saft og Osa. Det som kanskje ikkje er allment kjent, er at Osa var litt uroleg for kva Kyrkje- og undervisingsdepartementet ville meina om seansen. Osa var nemleg statsstipendiat og ville nødig erta på seg den statlege mesenen. «Køyr på!», svarte departementet.

Den siste sekvensen handla om Hamre som pedagog. Ein stad mellom eitt og to tusen elevar har Hamre hatt. Ikkje alle har vunne Landskappleiken, men nokre profilerte musikarar har gått i lære hjå spelemannen frå Folkedal, m.a. Frank Rolland, Åse Teigland, Benedickte Maurseth, Alexander Røynstrand og fleire. Kvamme lurte på korleis Hamre kunne merka om det var eit talent i bløming? Ja, sa Hamre og drog på det, «det var eit godt teikn at dei møtte opp ti minuttar før timen byrja».

Ein raud tråd i samtalen var den innebygde konflikten mellom tradisjon og nyskaping, mellom det å føra vidare og å tilføra noko eige. Dette spenningsfeltet har Hamre levd i gjennom heile karrieren si.

Det ville sjølvsagt ikkje ha vore ei portrett av spelemannen om me ikkje fekk ein god porsjon slåttespel, og me fekk «Gamlehagen» etter Kjerland, «Vestlendingen» etter Haldor Mæland, ein rudl etter Sjur Hakestad, ein springar etter Olav Horstabø, «Rosa» etter Bjarne Herefoss og «Bygdatråen» etter Osa. Dei to siste må nemnast særskilt. «Rosa» blei spelt med ein varleik og varme som var rørande, og «Bygdatråen» hadde tempovariasjonar og innslag av mikrotonalitet som gjorde lytteopplevinga magisk.

Då me gjekk ut kom det frå fotograf Granlie: «Dævven, så tøft! Nett som Albert Ayler!» Hadde ein hatt høve til å spørja Ayler sjølv, vill han sikkert sagt: «Yeah, it’s a spiritual thing!» Det har all god musikk sams – it’s a spiritual thing!

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie


Meisterspelemann Knut Hamre


Programleiar Nils Erik Kvamme og meisterspelemann Knut Hamre Knut Hamre

Skriv et svar