NORTH SEA JAZZ FESTIVAL, 12. JULI: Kva det er med denne til Ärskomne gjengen frÄ Nederland, veit eg ikkje, men laga magiske konsertar pÄ bestilling kan dei. Som ein lekk i residerande Han Bennink sitt program, blei konsertserien avslutta med ICP, sjÞlvsagt.
Sundagen pĂ„ North Sea blei til liks med dei to fĂžregĂ„ande dagane fylt med sterke musikalske opplevingar. ICP (Instant Composers Pool) tok likevel kaka. Misha Mengelberg kan ikkje lenger vera med, men elles held dei koken, alle som ein, og som ei rosin i pĂžlsa hadde dei fĂ„tt med Marc Ribot. Klokt val! Han fekk sine stunder, men det blei naturlegvis ikkje gjeve ved dĂžrene. Ribot var sentral i ein stryketrio pluss gitar, ein duo med Han Bennink og i ein avsluttande swingsession der bandet kombinerte ein lĂ„t av Sean Bergin med «Moten Swing» – med Tristan Honsinger pĂ„ vokal.
ICP er fÞreseielege i all sin musikalske galskap, men det er likevel noko heilt basalt i uttrykket som ikkje stammar frÄ slap stick eller dadaistisk performance. FramfÞringa av Ellingtons «The Mooche» illustrerer til overmÄl poenget. Bennink fekk blomar og takk for residerande jobben og kvitterte med Ä syngja ein salmetone til Mengelbergs Êre. DÄ pressa tÄrene seg pÄ for denne meldaren, i alle fall.
Det nederlandske bandet Batik blei ein stad og ein konsert Ä ta han ned. Bandet er noko sÄ unikt som eit fusionband med klare estetiske rÞter attende til 70 og 80-talet. Cutting Edge rann meg i hug, men Batik mangla CEs smarte melodiar.
Korleis forklarer ein fenomenet Avishai Cohen Trio?  Den nakne, ny-enkle stilen kan overflatisk sett minna om Rollins, men er ikkje pÄ langt nÊr sÄ sofistikert, men det er likevel eit vÄgestykke Ä vri og venda pÄ temaet i eit sÄ pass ope landskap som ein trompettrio. Hudson-salen var fylt til trengsel. Eg hadde ikkje kasta vekk ein halvgardering pÄ at noko slik skulle skje. Yoni Zelnik minner pÄ fleire mÄtar om Charlie Haden, og Nasheet Waits veit ein kva stÄr for. Det er m.a.o. ingenting i vegen med stÞtteapparatet. Eg er likevel ikkje heilt overtydd.
Kaja Draksler kjenner eg frÄ tidlegare, men trompetar Susanna Santos Silva var eit nytt bekjentskap. Eg vonar det ikkje blir lenge til neste gong! Konserten hadde som raud trÄd Ä forska ut anatomien til dei respektive instrumenta. Det veksla mellom komposisjonar av dei to og frie strekk, men heile vegen var variasjonen i tonen til horna i sentrum.
Tigran Hamasyan vann Ärets Paul Acket Award. Han kvitterte med triokonsert. Dette merkelege uttrykket sett saman av armensk folkemusikalsk pÄverknad og sein EST er blitt populÊrt, og ungdommen i salen gav tydeleg uttrykk for Ätgaum. Eg synest at rubato-partia med tradisjonell frasering i vokalen fungerer, men dei rocka partia berre blir kortpusta marsjmusikk.
40 gonger North Sea, der underteikna har vore tilstades pÄ 30 av festivalane, har gjeve oss ein premissleverandÞr pÄ godt og vondt. KjÞpesenterkonseptet er bÄde godt og gale. Terskelen for Ä oppsÞka det ukjende er lÄg, men grensa for Ä la seg distrahera er tilsvarande. North Sea Jazz Festival har vore tru mot konseptet sitt, og arrangÞrane har evna Ä raffinera konseptet pÄ imponerande vis. Dei kan feira seg sjÞlve i visse om Ä ha blitt ein mÄlestokk.
Tekst og foto: Lars Mossefinn