Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Linda Fredriksson sameiner det usameinelege

NORTH SEA JAZZ, 9. JULI 2022: I påvente av konserten som skulle hylla 80-åringen Han Bennik, gjekk eg oppom konsertlokalet Yenisei. Marti Mitjavila (klarinett, bassklarinett) har ein trio saman med Simon Osuna (bass) og David Puime (trommer). Repertoaret deira er plukka frå den amerikanske songboka, og så sper dei på med komposisjonar av Mitjavila. Måten dei presenterer temaet på, er på mange vis tradisjonelt, men måten dei utviklar det musikalske forløpet på, er langt frå så tradisjonelt. Mitjavila har klarinetten som hovudinstrument, og det høyrer ein greitt. Like virtuos kontroll har han på bassklarinetten.

Når Han Bennik skal feirast av festivalen og gode musikarkollegaer, må ein rekna med kø ved dørene. Det gjekk ein halvtime ut i konserten før eg fekk sleppa inn. Duoen med Aki Takase glapp altså. Trioen Han Bennik (trommer), Ben van Gelder (altsaksofon) og Reiner Baas (gitar) hadde ein svært uformell og litt springande konsert før det var duka for 2022-utgåva av ICP. Noko er sjølvsagt borte med Misha Mengelberg, men dei har fått ein fin fyr på pianokrakken, Guus Janssen. Som vanleg var repertoaret ein fin blanding av amerikanske klassikarar, m.a. gjorde Mary Oliver (fiolin) ein framifrå figur på ein Hoagy Carmichael-kompsisjon. Bandet presenterte også komposisjonar av Sean Bergin og Monk (i arr. av nemnde Mengelberg). I
sentrum av det heile sat 80-årsjubilanten og styrte det heile med dei karakteristiske breaka og kompliment til solistane.

Kris Davis (piano) vann prisen oppkalla etter festivalgrunnleggjaren Paul Acket. Før prisutdelinga hadde ho levert ein konsert som er eit av høgdepunkta frå North Sea Jazz 2022. Ho spelte med gamle kjente, Tony Malaby (tenorsaksofon), Trevor Dunn (bass), Johnathan Blake (trommer) og Val Jeanty (elektronikk og platespelarar). Også her hadde eg ein liten halvtime i kø før eg kom inn, men då eg endeleg fekk benka meg var dei godt inne i «Endless». Så gjekk dei rett over i ei nydeleg tolking av Wayne Shorters «Dolores» der Jeanty hadde sampla inn komponisten som gjentekne gonger seier «galaxcies» og «colours». I «Kingfisher» var der ein dialog mellom Malaby og Jeanty. Også i denne låten hadde Jeanty sampla tekstlinja «This is a journey into sounds». Så bergteken av musikken blei eg at eg gløymde å fotografera!

Den finske alt- og baryton saksofonisten Linda Fredrikssons Juniper (hovedbilete) kom ut i fjor og har med rette vekt merksemd. Saman med Tuomo Prättälä (piano, Fender Rhodes og synth), Mikael Saastamoinen (bass) og Olavi Louhivuori (trommer) har Fredriksson laga ei singer/songwriter-plate med ein instrumental besetning, seier dei frå plateselskapet si side, men det heile gjev meining i den forstand at dette er musikalsk historieforteljing ei heilt særskilt djupn. Å sameina Neil Young med Albert Ayler ser ein på som uråd, men Fredriksson gjer på sett og vis det. Det var ein uvanleg tent kvartett som leverte varene. Spesielt Louhivuori var i uvanleg godt spelehumør og fekk Fredriksson til å gløyma at ho hadde byrja reisa til Rotterdam kl. 04.00 om morgonen. Konsertversjonen av tittellåten var mange hakk over plateversjonen!

Eg blei verande i Yenisei for å få med den sveitsiske vokalisten Lucia Cadotschs Speak Low med Otis Sandsjö (tenorssaksofon og klarinett) og Petter Eldh (bass). Dei tre kjenner kanskje fleire frå bandet Schneeweiss und Rosenrot. Dette samarbeidet her materialiserte seg i plata «Speak Low» i 2016. Tre år seinare kom «Speak Low I»I med gjestene Kit Downes (hammondorgel) og Lucy Railton (cello). Konseptet er å gjera sin spesielle vri på meir eller mindre kjente låtar. Her kom såleis låtar av Randy Newman, Brian Eno, Burt Bacharach, Billie Holiday, Nina Simone og Kurt Weill, med nettopp «Speak Low». Tolkinga deira av den skotske folkevisa «Black Is The Colour of My True Love’s Hair» var magisk. Arrangementa er sydd over same leisten. Det avdempa vokaluttykket til Cadotsch er omgjeve av eit pulserande og ofte oppjaga bass- og sakskomp. Det fungerer stort sett strålande, men innimellom går overtonetrillane på tenorsaksofonen i vegen for vokalen, men konserten var ein glimrande dessert til konserten med Frediksson.

Tekst og foto: Lars Mossefinn


ICP (Instant Composers Pool)


Marti Mitjavila, Simon Osuna og David Puime


Otis Sandsjö, Petter Eldh og Lucia Cadotsch

Skriv et svar